"Politiet og narkotika. Overgrep, sensur og politisk innflytelse"
Det er på tide med ei bokmelding igjen. Og ganske så fjernt fra Game of Thrones bøkene der eg nå har kommen igjenom dei fire første i serien. Vi skal til ei høgst dagsaktuell av sorten, nemleg "Politiet og narkotika" av Jon-Ove Flovik Olsen, utgitt på forlaget Lille Måne nå i juni. Eg fikk boka i posten nå på mandag, og har lest dei ca. 270 sidene ganske så kjapt. Det meste var kjent stoff fra før, ein har da tross alt vore ein del av debatten siste åra, men det vert liksom litt meir kjøtt på beina når vi får det satt inn i ein granskande og kritisk samanheng. Flovik Olsen er samfunnsvitar, og eg tør påstå at han veit kva han skriv om. Her er det kildehenvisningar på ALT, noko som jo dokumenterer kor ille det har vært i norsk narkotikapolitikk dei siste 50-60 år. For det har vært ille, verkeleg ille. Antagligvis verre enn nokon kunne forestille seg, berre for nokre få år sidan. Boka er ikkje eit forsvarsverk for rusbruk, ei heller ein hyllest til illegale rusmiddel. Nei, de...