Innlegg

Viser innlegg fra august, 2025

Norsk partipolitikk; Det er eit underlig skue

Bilde
Oppdatert 2.12.2025: Vel, aldri har vel ei overskrift passa stort bedre.  Det vi har sett dei siste dagane var eigentleg som forventa. Var det verkeleg nokon som trudde at dette samarbeidet kunne vare?  Nå er det framleis eit par dager til fredag 5.12. og det er lang tid i politikken, men det er nesten underholdande å følge med på det som skjer. Dette togkrasjet i sakte kino kan framleis unngåast ved at ein eller annan bøyger av. Anten i Mdg, SV eller i Ap. Men slik som desse har stilt seg nå, så vil det framstå svakt om dei gir seg, uansett kven det måtte være. Eg lurer; Kunne ein forvente at fem parti, med så ulik profil kunne bli enige? Hvis det viser seg at alle fem blir enige, så er det uansett berre ei utsetting. Ein skyver problema framfor seg til neste stridstema dukker opp. Om det er olje, rovdyr, sentralisering eller den O Store Elefanten I Rommet; EU. Kven som tjener på dette surret? Jo, Sylvi Listhaug.  Akkurat nå vil det ikkje lenger forbause om ho faktisk b...

Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.

Bilde
Oppdatert 3.10.2026: Turistskatt?  Det pågår ein viss diskusjon om det skal innførast turistskatt her i landet. Turiststraumen aukar, ikkje minst på cruisefronten, for ikkje å snakke om alle bubilar og campingvogner som vi finn på alle moglege stader, til stadig aukande irritasjon for mange. Villcamping er ikkje noko som ein er vant med ute i Europa, men  her i landet har vi noko som heiter allemannsretten, og som sikrar at folk kan ferdast omtrent kor dei vil. Spørsmålet er; Har vi nådd ei tålegrense? Absolutt. Eksempel: I sommar gikk eg ein kveld fra fylkesgrensa på Sognefjellet og til parkeringa ovanfor Hervadammen. Dette er eit sårbart område, ca. 1400 moh, og det var ikkje få bubilar som stod parkert langs dei tilrettelagde oppstillingsplassane. Så langt er alt ok. Det som eg ikkje synes er ok i det heile tatt, er alle dei som køyrer på alle dei sidevegane som fins, og legg seg til der. Gratis. Det kan ellers være verdt å nevne at på turen heim fra fylkesgrensa og til kom...

Topptrimmen 2023 - 2025: Vestre Holåtind

Bilde
Da var det gjort for denne gang også. 10 nye og tildels svært fine toppar rundt om i kommunen er besøkt. Nokre av dei var av den heller enkle sorten, medan andre var tunge og slitsomme. Dvs. akkurat slik det skal være! Vi har besøkt deler av kommunen som vi garantert aldri hadde besøkt ellers, så da får vi sjå om vi orker å begynne på enda ein runde til neste år. 60 toppar er besøkt, og totalt 75 toppturar er nå på cv`en. Det er ikkje til å stikke under stol at det hadde vore moro å få med seg dei 40 siste også....hvis helsa tillet det. Tur nr. 10 i denne runden vart Vestre Holåtind, 2039 moh, beliggande på grensa til Skjåk kommune. Her er vi laaangt inne i Breheimen, med vill og storslagen natur på alle kanter. Laurdag 2. august la vi i veg, etter først å ha forsert det som må være ein av landets mest ekstreme vegstrekningar. For den som ikkje har køyrt innover til Nørstedalseter, så kan denne turen verkeleg anbefalast. Hydro, som er vegeigar, er i gang med utbetringar her og der, men...