Norsk partipolitikk; Det er eit underlig skue

 Nå som det snart er Stortingsvalg og greier, så må ein virkelig fundere over korleis dei ulike blokkene er som dei er. 

Før i tida hadde vi noko som heitte "sentrum" i norsk politikk, der dei typiske representantane var SP, Krf og V. Så hadde vi "venstresidA" i form av AP og eit lite SV, eller SF som dei heitte før i tida.  På høgresidEN i norsk politikk hadde vi H og fra midten av 1970-tallet Frp, eller ALP som det starta som.

Slik var det i heile min oppvekst, og langt inn i voksen alder. Joda, vi hadde miniparti den gang også, men parti som RV, Dlf, NKP var å rekne som kuriositetar, utan håp om å få innflytelse i det heile teke.

Spol fram til 2025, og partifloraen og alliansar er heilt noko anna. Vi har fått fleire parti, som faktisk har plass på Stortinget, i form av Rødt og Mdg. At slike parti skulle få være med i ein partileiardebatt for 30-40 år sidan, var bortimot utenkeleg.
Det var nok heller ikkje så mange den gang som trudde at "Sentrum" skulle forsvinne, så ettertrykkeleg som det har gjort. Ikkje partiet Sentrum altså, dei har forblitt den parantesen vi trudde dei skulle bli, men dei tre før nemnde partia SP, Krf og V. 

I dag har vi to blokker, høgresidEN og venstresidA. Mdg likte å kalle seg blokkuavhengig, men det er dei jo ikkje lengre.
Det er blandingen av parti på dei to sidene som er så underleg, iallfall for meg som vokste opp med færre parti, med adskillig større avstand enn det er partia imellom i dag.

Vi tar høgresidEN først: Kven skulle vel tru at Frp skulle bli tungvektaren der? Det hadde vore utopi/mareritt for mange i gamle dagar. Frp, som liker å kalle seg "liberalistisk", men som på mange måter er lysår fra å være det, svever på skyene om dagen, og vi har ein reell sjanse for at Listhaug kan bli statsminister. Nå har jo ho hatt diverse minsterpostar før, fire stk på seks år i Solbergregjeringa, men først nå ser ho ut som eit reellt statsministerevne. 
Med seg får ho altså H og Krf, og desse tre partia har unektleg mykje til felles. For meg som har ruspolitikk som viktig tema, blir det såleis ufatteleg at V skal stå på samme side som Frp og Krf i denne saka spesielt. Det samme gjelder også i utenrikspolitikk, så som vårt tilhøve til EU, Israel og Palestina, for å nevne noko. Avstanden er himmelropande.
Her har V mykje meir til felles med SV, Rødt og Mdg.


På venstresidA har vi i eit par tiår nå hatt SP. Gudane må vite kva som gjer at dei kaller seg eit grønt parti, og korleis dei kan være på samme blokkside som t.d. Mdg, SV og Rødt er meg ei komplett gåte.  Historisk sett har SP vore eit konservativt parti, med distriktspolitikk som fanesak.
Ruspolitikken til SP, derimot, er akkurat like dårleg som hos Krf og Frp, dvs. heilt katastrofe. Seinast i kveld seier partihøvding Vedum at dei skal få bort hasj på ungdomsfestar.
Lykke til med det! Vi har prøvd i 60 år, men SP skal nok fikse biffen denne gang!!
Så kva i all verda gjer SP der ute på venstrefløyen i norsk politikk? Vi veit det: Dei er der på venstresida, kun for å få makt. Dei flytta seg meir og meir over mot venstresida, etterkvart som den store elefanten i rommet vart meir og meir openbar. Ein elefant ved navn EU. På venstresida fant SP ein felles front med SV, samt den såkalla venstresidA i AP. Det er nemleg slik at EU overskygger alt for SP. Dei svelger gjerne nokre ruspolitiske kamelar fra Rødt og Mdg, så sant AP ikkje snakker om nevnte elefant. Så kan vi jo minne om at både Krf og Frp heller ikkje er EU-vennlege, medan Mdg er, så som V og H.


Dette er ikkje meint som ein djup analyse av stoda i norsk politikk. Eg berre konstaterer at det ser veldig rart ut med SP i spann med SV, Mdg og Rødt spesielt, og i mindre grad AP.
Det ser også på mange måter veldig rart ut med V i kompaniskap med Frp og Krf.
For ein amatør som meg, så burde vi få eit nytt sentrum igjen, beståande av AP, H og V. Desse tre er meir like enn t.d. AP og SP, eller V og Krf. Men ein  slik allianse får vi nok dessverre ikkje. Dei to store vil begge styre slik som dei vil, enda forskjellane i praktisk politikk er minimale.

På høgresidEN plasserer eg glatt SP sammen med Krf og Frp. Dei er alle imot EU. Dei påstår at folk tar fornuftige avgjerder og kan bestemme sjølv. Staten er liksom for langt borte fra det verklege livet ute i Norge. Og ikkje minst så vil alle tre parti føre ein konservativ, gammeldags og farlig ruspolitikk. Kva som skiller dei tre? Tja. Meir ord enn handling iallfall.

På venstresidA får vi da Mdg, SV og Rødt. Dei har iallfall ein del skattemessige grep felles, men er uenige i utanriks og forsvarspolitikk. Rus og velferdspolitikk er imidlertid noko dei kan samlast om.


Så der har vi det altså:

VenstresidA beståande av to forskjellige røde nyansar, samt eit ekte grønt grønt parti.

Sentrum beståande av våre to tradisjonelle styringsparti, det MÅ jo gå skeis da ingen av dei to vil innordne seg den andre, samt eit lite grønt parti.

HøgresidEN beståande av dei tre konservative, som alle er av den mørkeblå arten. At SP kan kalle seg grønt, og være på samme side som Mdg, samtidig som dei vil utrydde rovdyr her i landet, er ei hån mot all grønnfarge som fins. Likedan er Krf minst like mørkeblå. Etter Hareide, så har det kun gått i konservativ retning, med støtte til Israel nesten uansett kva den barbarnasjonen måtte finne på.


Kva eg skal stemme på?
Næ, det er hemmeleg valg her i landet. Dessuten har eg førehandsrøsyta, på første dag det var mogleg. Som nr. ni i kommunen :-)
La oss berre sei det slik at på alle valgomater får eg SP nederst, deretter Frp og Krf.  Så ingen mørkeblå stemme herfra nei. 

La oss til slutt presentere valgkampens beste bilde.....:-)








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....