Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Oppdatert 11.6.2025:
Ei ferieveke i varmare strøk er aldri feil, og medan eg var i Hellas, så oppdaga eg korleis det kan gå når vi "normaliserer" narkotika. Meir om det seinare.

At norsk narkotikapolitikk verkeleg ER eit underleg skue, har vi til fulle fått sjå i dagane etter 2.juni. Dvs. den dagen da regjeringa la fram sitt forslag til korleis den juridiske biten av deira "rus, forebyggings og behandlingsreform", den som dei snakka om våren 2021 og som skulle være så mykje bedre enn det dei stemte ned den gang.
Nå har vi fasiten, og til alt hell har ikkje regjeringa, nå uten SP (O Lykke!), valgt å følge i det sporet som ein kunne frykte. Nei, med SP ute, så valgte AP å vende seg mot SV, H, V, Rødt og MDG for støtte. Borte vekk var dei ultraortodokse i Den Onde Trioen, effektivt satt på sidelinja. 

Resultatet er ein svært konservativ og forsiktig museskrittreform. Narkotikabruk og erverv skal framleis være forbudt, men det er nedkriminalisert. Vi får nå forenkla forlegg som ein sanksjonsmåte ovanfor voksne brukarar, medan rusavhengige skal slippe unna med påtaleunnlatelse. For yngre brukarar skal det nå komme ei henvisning til rådgivande kommunal eining. 
Salg, innførsel, produksjon og oppbevaring blir som før.

Ergo: Vi ser ein svært forsiktig kursendring, i rett retning. 
Reaksjonane fra den "liberale" sida (i mangel av eit bedre ord) har vore avmålt positivt. Liksom slik; "Ja, jo, greit det, men på langt nær godt nok", og eg er blant dei. Passande nok kjem det ein cannabiskampanje i morgon, som eg har gitt eit bittelite bidrag til. Vi går inn for cannabisomsetning i statleg regi, medan dei "konservative" (i mangel av eit bedre ord), vil fortsette den nå 60 år lange strategien med å forby og straffe.  

Vel, underholdninga i norsk narkotikapolitikk går mot nye høgder når yppersteprestane i NNF kjem på bana. NNF er som kjent det nye navnet på NNPF, men same shit, new wrapping.
I ein slags kronikk i fagbladet "Politiforum" (Nei, eg lenker ikkje til rein og skjær idioti), så er det ikkje måte på kor ille det nå kan gå, og foreninga oppmodar på det sterkaste at AP snur i spørsmålet. Hint: Det gjorde dei ikkje. Saka er tapt for NNPF, men dei kjem sikkert til å sabotere så godt dei klarer.

Tilbake til innlegget; Det er kosteleg lesning. Det er iflg. overskrifta "Samfunnssikkerheten som står på spill". AP sin forsiktige kursendring kan altså gå utover tryggleiken for oss innbyggarar i Norge. Det at politiet nå kan skrive ut forenkla forelegg, istaden for å anmelde og deretter bøtelegge slik som før i tida, er altså eit trugsmål mot samfunnstryggleiken.....
Personleg finn eg det langt meir truande for samfunnstryggleiken at norsk politi har vore infiltrert av ein privat og ideell forening, som har vore sjølve spydspissen for alle dei ulovlige politimetodane som har blitt brukt i narkotikasaker i fleire tiår. Samrøret mellom NNPF og norsk politi kom for ein dag for eit par år sidan, og resultatet var, ikkje uventa, at foreninga låg att med tapt omdømme. Det er NNPF som har vore ein trussel mot samfunnstryggleiken, ikkje smartingar som fyrer ein joint for å slappe av ein laurdagskveld.


Men, vent; Det er meir!
Vi har nemleg ein av verdens lågaste bruksrater for ungdom, påstår NNF. 
Før dei nokre linjer lenger nede hevdar at kokainbruken har auka kraftig. 
Hvis du lurte; Ingen av delene av sanne. Narkotikabruk her i landet er omlag som i resten av Europa, med noko lågare bruk av cannabis, og meir bruk av t.d. amfetamin. Det er forøvrig ein rykande fersk rapport som fortel oss at NNF ikkje har snøring på kva som skjer ute i Europa, evt. at dei bevisst lyg, og det er jo det dei gjer. Dei VEIT jo at vi ikkje er så unike her heime, men dei veit også at folk flest ikkje bryr seg om dette temaet, og tek påstanden for god fisk. Til alt hell har vi nå det moderne hjelpemiddelet Internett, som viser at NNF ikkje snakker sant. Joda, kokainbruken har auka i Norge, som i resten av Europa, men framleis er det slik at dersom du stiller opp 100 norske borgarar i eit representativt utvalg, så vil 97,8 av dei IKKJE ha prøvd kokain siste året. Dette gjeld alle voksne borgarar, ikkje berre ungdom, der "heile" fire personar av dei før nevnte 100 vil ha prøvd kokain siste året. 

Det vil også dukke opp nokre andre utfordringar, iflg. NNF. For korleis skal dei klare å vurdere mengden narkotika ute på gata?
Eg limer inn fra kronikken:

Hvordan skal en politibetjent på stedet avgjøre om mengden narkotika og typen stoff er innenfor mengdegrensene for forenklet forelegg? 



Heilt seriøst, dette lurer altså toppleiinga i Norsk Narkotikaforebyggende Forening på.

Derfor har eg eit heilt revolusjonerande forslag; Det hypermoderne redskapet "vekt". Dette er ein innretning som kan måle kor mykje ting kan vege. Her i Norge bruker vi helst gram og kilo.
Og hvis den stedlige politimann framleis er i tvil, så er det ganske enkelt det også; La tvilen komme den mistenkte/sikta/pågrepne til gode. 

Slik, så j****g enkelt er det. 
Det fins ikkje vanskelig i det heile tatt, det er berre NNF som lager problemstillingar, fordi dei har vondt i viljen sin.

NNF er også særs uroa over at forenkla forelegg ikkje vil gå fram av politiattestar. Personleg kan eg være langt meir uroa over dei som køyrer i 110 i 80-sona, og får saka avgjort med eit forenkla forelegg.
Det NNF openbart ikkje forstår, er at bruk ikkje lenger er å betrakte som eit alvorleg lovbrot. Når NNPF vart stifta på tidleg 1990-tall, så var det med klokketru på at straff og ukonvensjonelle metodar var det som skulle til. Skal vi kanskje minne om den berykta URO-patruljen? I einskilde avkrokar i politinorge fins det framleis dinosaurar som skulle ønske at URO levde og opererte som før, men til alt hell er deira tid over. Tidene har endra seg, dessverre har ikkje NNPF gjort det samme.

Lengst nede i innlegget sitt er NNF redd for den før omtala "normaliseringa". Den skal visstnok føre til at fleire vil begynne med illegale rusmiddel. Hvis det er eit problem, så er mitt forslag og heller legalisere nokre av dei, i første omgang cannabis, fleinsopp og LSD. Da slipper politiet å bruke sine "knappe ressurser" (Gjesp, det argumentet er vi berre sååååå lei) på bagatellar som rusbruk tross alt er. 

Ja, og så må vi nevne kveldens kuriositet. NNF meiner at dette har vore eit hastverksarbeid.
Igjen: AP sa allereie i april 2021 at dei skulle komme med ein ny og bedre reform. Nå er fire år gått, og NNF liker ikkje resultatet. DET er problemet, ikkje at det har gått med fire år på arbeidet. Hadde dei vorte fornøyd om det hadde gått fem år, ti, tjue, om resultatet hadde blitt som det nå vart?

Eg trur vi alle veit svaret.


Eg vil til slutt komme tilbake til ferieturen vår. I Hellas er det nå opna for å kjøpe cannabisprodukt med lågt THC-innhald. THC er som kjent den rusgivande delen i cannabis, men mange er ute etter den "andre delen", den som virkestoffet CBD kan gi. 




Så, på den lokale butikken, nær hotellet vi budde på, så kunne vi få kjøpt CBD-weed (I mangel av eit bedre ord) med kun 0,2% THC innhald. Butikken med navnet, ironisk nok vil eg sei når vi ser kor konservative vi er på dette området, "Scandinavian Marked", og der kunne eg glatt kjøpe 1,5 g weed til 12,5 EUR. Dette var ein heilt vanleg daglegvarebutikk, og utvalget var nok ikkje så stort som det vi fant inne i Chania by, der var det eigne butikkar med mykje større utvalg. 
La oss få på plass det samme her.


(Hvis du lurer: Nei, eg kjøpte ikkje. Eg har aldri prøvd cannabisprodukt, men ser ingen grunn til at vaksne personar ikkje skal få gjere det uten at Staten skal bry seg. )


Eg nevner dette fordi NNF altså er så redde for "normalisering" og frykter det blir "dopa" folk overalt. 
Eg såg INGEN som hverken røykte eller var "dopa".  Eg såg ikkje EIN EINASTE av dei såkalla "rusavhengige", som vi gjerne ser i norske bygater, og som vi har tråkka på i fleire tiår. 


Problemet er ikkje "normalisering". Problemet er at vi har ein privat narkotiaekstremistisk kult som i årtier har infisert norsk politi, og som nå sutrer over at dei ikkje lenger er retningsgivande i narkotikaarbeidet. 

Det siste skal vi være glade for.

Etter å ha vore med i ei rekke lag, foreningar og organisasjonar opp gjennom åra, så er det kun NNPF som eg er skamfull over ha vore medlem av. 

*****************************************************************



Oppdatert 15.4.2022:
Ja, da kom den omsider. Regjeringas leeeeenge etterspurde rusreform, den som regjeringspartiet AP meiner skal være så myyyykje bedre enn det forslaget som dei stemte ned for snart fire år sidan.

Litt kjapp historikk: Tilbake i 2017 var det eit historisk fleirtal på Stortinget for ein EKTE rusreform.
H, SV, V, R, MDG og ikkje minst AP, gikk da inn for ei avkriminalisering for bruk og erverv av narkotiske stoff. Avkriminaliseringa skulle gjelde alle, ikkje berre einskildgrupper i samfunnet. (Loven er lik for alle).

Det vart oppretta eit breidt samansett utvalg, med representanter fra helse, jus, brukarmiljø og you name it. Etter eit par års arbeid la dei fram sin innstilling i form av ein NOU på over 400 sider. Det er nok det mest grundige arbeid som er gjort på rusfronten her i landet nokon gang. Konklusjonen var klar: Ei avkriminalisering måtte gjelde alle, slik som Stortingsfleirtalet hadde gått inn for to år før. Utvalget la også fram forslag til kvantum som kunne betegnast som avkriminalisert. Men det viktigaste av alt var at dei eintydig meinte at STRAFF OVANFOR RUSBRUKARAR IKKJE HADDE NOKON NYTTE.

Så da skulle vel saka være grei?

Neida. For sidan 2017 hadde det skjedd ei politisk omveltning i landet. Nå hadde vi brått fått eit stort SP som talte heile reforma midt imot. Skulle det verkeleg skje at den konservative og forsiktige reforma ikkje vart noko av likevel? 
Som vi alle veit, så vant alle hylekoner, yppersteprestar og dommedagsprofetar fram. AP, som heile tid meinte at ein rusreform måtte gjelde ALLE, svikta da det gjaldt som mest i 2021. På deira landsmøte det året tona Støre OMSIDER flagg, og gikk imot forslaget. Der og da var forslaget dødt. 
Men det var ingen grunn til å fortvile, fordi AP hadde allereie den gang i 2021 ein plan om ein "ny og bedre rusreform". 

Og nå, usle fire føkkings år etterpå, så vart siste del av den lagt fram. Passande nok på ein torsdag, rett før påske. Antagligvis slik at færrast mogleg skulle legge merke til den.
Dette vert forsterka av at AP ikkje har omtala framlegginga med EIT EINASTE ORD på sin Facebook-profil, der dei ellers deler flittig fra aktuelle saker. Reformforslaget vart ikkje ein gang nevnt i AP sin lettfatlige oppdatering om kva dei hadde holdt på med i regjering den veka.
Det fortel meg at eigentleg bryr dei seg nok fint lite om heile ruspolitikken, evt. at dei var så flaue over sitt eige forslag at dei ikkje ville omtale det meir enn høgst nødvendig. Eller kanskje dei, som lokallaget her i Luster sa det, "var redd for at det ville ta oppmerksomheten bort fra alle de andre viktige sakene". Ikkje ein gang dei mest ihuga AP-kaninene har kommentert framlegget, som jo skulle være så bra og etterlengta.

Verdt å merke seg, at dei einaste som har vore ein smule positive til forslaget er.....Krf. AP og Krf altså. I mine auge forteller det ALT om kor dårleg forslaget er.

Der er vi altså. Styringspartiet AP brukte fire år på å legge fram eit reformforslag.
Og kva er innholdet i denne reforma?

Kort og godt. Ingenting.

Dette er ingen reform. Det er berre ein oppsummering av tingenes tilstand, og som utmerka godt kunne vore fiksa i løpet av dei snart fire åra som AP har vært i regjering. Eg tenker på oppfølging og hjelp til rusavhengige, rusmiddelanalyse, oppruste helsevesenets del retta mot rusavhengige, styrking av det førebyggande arbeidet m.m.
Istaden får vi nå forslag om ein slags gjenninnføring av tvangsmiddel som Riksadvokaten har sagt nei til, grunna at det ikkje er forholdsmessig sett opp mot det bagatellmessige lovbrotet som narkotikaBRUK tross alt er.

Under framlegginga forrige veke vart det også framheva styresmaktene sin vilje til å bekjempe "bakmenn". Vel, lykke til med det. Det har nå vært forsøkt denne strategien i snart 60 år, så kvifor skal det brått lukkast nå? Joda, vi ser at politi og tollvesen roper om at akkurat DEI må få fleire ressursar til å bekjempe narkotikakriminalitet, dvs. akkurat det samme som dei har hylt om i dei samme 60 åra.

For DENNE GANGEN må dei da lukkast! Berre dei får pengar nok. 


Er vi overraska? Over den totale mangel på gjennomslagskraft og evne til å verkeleg ta grep som kunne vore effektive mot den enorme svarte og farlege marknaden som rår?

Nei. Det var som forventa. Nytenkning på rusfeltet eksisterer ikkje hos Stortingsfleirtalet. Vi har nå tre småparti som vil legalisere cannabis, men tre små svaler hjelper lite mot ein flokk gribber. Hos Stortingsfleirtalet tviheld dei på gamle metodar, som ikkje har virka før, som ikkje virker nå, og som ikkje kjem til å virke i framtida heller.
Det er det samme gamle; Kun totalavhold fra narkotiske stoff er det som gjeld. Alkohol derimot....DET er saker. Det fins endatil Stortingspolitikarar som vil ha alkohol på bensinstasjonar, men som samtidig vil straffe folk som tar seg ein joint. The hykleri is strong i vedkommande.

Eg skulle ønske at Stortinget i det minste hadde baller og ryggrad nok til å tillate pilotprosjekt med statlege cannabisutsalg, og at det vart lov å dyrke ein liten mengde til eige bruk. Og ikkje få meg i gang om det uforståelige at fleinsopp og khat er på narkotikalista...... jeeezzzz....

ALL
bruk av narkotiske stoff burde vært avkriminalisert forlengst. Det å dele dette inn i at nokre samfunnsborgarar fortjener straff medan andre skal slippe, er for meg komplett uforståelig. Loven være lik for alle. Dessuten er det ikkje slik som justisministeren sa, at det er mulig å sjå at nokon er rusavhengig. I såfall er det berre til å late som du er rusavhengig nok. Politiet kan iallfall ikkje bestemme det, da avhengigheit er ein sjukdom, ikkje eit straffesaksanliggande.


Ein blir ikkje sint lenger. Ein blir berre så innih*****e oppgitt over det totale mangel på nytenkning og evne til konstruktive løysingar. 
Men sviket og snuoperasjonen til AP den gang i 2021.....den hugser vi.


PS: Det er snart "bicycle day" 19. april, og allereie dagen etterpå er det jo 420!!
Gratulerer til alle de som har glede av å bruke dei dagane til markering. Sjølv bruker eg ingen av delene som vi markerer 19. og 20. april, men andre kan jo ha både glede og nytte av det likevel. Iallfall er det totalt unødvendig med straff.





Her eit bilde av skiltet til Fylkesveg 420, nede på Sørlandet ein stad :-)



*****************************************************************


Oppdatert 8.3.2025:

I dag tenkte eg vi kunne ta ein tur innom FB-sida til  narkotikapolitikk dått no.
Denne nettsida vert dreven av tidlegare styreleiar i Actis, og mann som er kåra til årets Osloborger.
Han er ein flittig skribent i avisene, og alt som måtte minne om ein slags form for liberalisering av narkotikapolitikken er absolutt tabu der i gården. 

Ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikaforebyggende Forening (Tidl. NNPF) lenker ofte til hans innlegg, og meiner at det er ei god og nyttig side. Såklart. Dei har jo samme oppfatning i dette spørsmålet.

Derfor tenkte eg at ein tur innom Facebooksidene til  narkotikapolitikk dått no kunne være litt grei helgeunderholdning. Oh boy, det var det. Her florerer det med mildt sagt spesielle utsagn.



Det er under denne tråden at "underholdninga" er å finne. Det verkar ikkje til å være noko form for moderering, evt. så er det ok for drivaren av sida at slike kommentarer er der.





"Shitholeland". Nokon synes det er passande å sitere han der presidenten borti USA. 56 likes, latter og hjerter seier jo også sitt.





Løysinga på ungdomskriminalitet er fengsel. Og årsaka til problemet er sjølvsagt innvandring fra islamske land. Nokon lurer dessuten på NÅR foreldre skal ta kampen opp mot "svineriet", for det hadde sikkert løyst alle problem. Rart at ingen har tenkt på det før.




Hvis vi ikkje kan sette folk i fengsel, så burde vi iallfall deportere dei. For ikkje å snakke om at den kriminelle lavalderen burde bli satt til 13 år. Ja, og så må vi visst innføre dødsstraff igjen.  Det er nok det som skal til for å få "søpla" bort, eller "mennesker" som dei og kan kallast.


Meir konstruktive løysingar er å la fengselsopphaldet inneholde mat i form av tørt brød og sur melk. Det er nemleg så fint å sitte i fengsel i våre dagar. Der får dei både cola og pizza.

    

             

                   

Men deportering og fengsel på vann og brød til tross; Det er kun "eliminering" som nytter. Eller henretting som er eit meir lettfatlig ord. At vi har avskaffa dødsstraff endatil i krig for 50 år siden, og at den siste henretting i fredstid fant stad på 1870-tallet er ikkje så nøye. Det som desse ungdomskriminelle verkeleg treng, er altså å bli henretta. 



Så, her er vi altså. Eit lite utdrag av kommentarer som vi kan finne på ei Facebookside, driven av "årets Osloborger" og tidlegare styreleiar i Avholdsfolkets Landsråd, nå Actis. Takke meg til nokre smartinger som tar seg ein hasjblås anytime i ro og fred, framfor denne bermen her.

Men kven er desse folka, som kjem med slike avsindige kommentarer? Jo, dei har nokre fellesnevnarar: Dei er nesten alle kvite, eldre, norske menn. Eller kvite, eldre, norske kvinner. Ein kikk på profilen deira, viser at dei gjerne bur ute i mindre byar/tettstader, dei stemmer ofte på Frp, ein god del av dei er såkalla kristne, men uten at det viser så nestekjærleik tør eg påstå. 
Dei har gjerne profilbilder med eit glass vin passande plassert, evt. eit køyretøy fra USA (Ikkje Tesla). 

Intoleranse, nulltoleranse og reinspikka rasisme ligg til grunn for slike kommentarer, takka være ei mangeårig stigmatisering og uthenging av dei "skitne og ekle narkomane", fra ei rekke instansar i vårt gjennomregulerte samfunn. 

Det er flaut å sjå på. Skal ta ein kikk innom narkotikapolitikk dått no om ei veke, og sjå om kommentarane ligg der framleis. Eg håper dei blir sletta av moderator, men eg held ikkje pusten akkurat.

***************************************************




Oppdatert 1.2.2025:

Spora fra ekstremistorganisasjonen NNPF setter stadige spor. Til alt hell ser det faktisk ut som om etterfølgaren NNF er ein smule meir edruelige i uttaler enn organisasjonen var kjent for tidligare. 
FB-sida til NNF er overraskande nøktern når dei legger ut nye artiklar, noko som sikkert skuldast nye folk bak roret. Det trengtes virkeleg.

Så i dag skal eg berre ta med ein liten episode fra NNPF si involvering i Forsvaret. Nokre av oss husker sikkert at Garden lempa ut ein del vernepliktige for nokre år sidan. Årsak: Narkotikabruk på fritida.
For den som ikkje veit det, så er "strategen" i Forsvaret henta fra norsk politi, tidlegare generalsekretær i NNPF, Lars Holmen. Holmen har tidlegare utmerka seg ved å spre løgner om andre politiansatte, herunder oss i LEAP, samt andre progressive organisasjoner på rusfeltet.

Men sidan den gang er han avslørt som den uredelige person han er, uten at eg gidder å bruke meir tid på han her og nå. 

Dessverre heng holdningane fra mange års indoktrenering att i den einaste organisasjonen som er meir konservativ enn norsk politi; Det norske forsvaret. På narkofronten er det som om ingenting har skjedd i forsvaret sidan eg var vernepliktig for ca. 40 år siden. 
Derfor har også dei giftige holdningane som NNPF planta inn i forsvaret gjennom 30 år, holdt seg i levande live heilt fram til nå. 

Men samfunnet han endra seg. Forsvaret henger så til dei grader etter i narkotikaspørsmålet, sist illustrert her.

Så leser eg litt i saken, og da forstår eg kvifor det fins borrelås på sko for voksne:



Kompanisjefen til dei omtala soldatane ser det som utfordrande å skille mellom et trekk (antagligvis meiner han av ein joint), og ein kilo kokain.
Altså; hvis du ikkje ser forskjellen på dette, så fortjener du knapt å ha ein jobb i det heile tatt. Det er meg uforståelig at det går an å bli kompanisjef, og samtidig være så dum. Men så forstår vi jo: Dette er ein av dei maaaaange som er lurt av Lars Holmen  og hans medsamansvorne i NNPF gjennom mange år. Og når ein skal forlite seg på, og i tillegg bli "utdanna" av NNPF, så kan det jo ikkje gå bra.

Ellers; Er det nokon som har vært inne på ei befalsmesse ein fredags ettermiddag?
Eg har. Er jo utdanna befalingsmann må vite.
NK tropp, ikkje noko småtteri altså. Eller jo.
Ganske lite eigentleg.
Men den som har vært inne på ei slik befalsmesse og sett det enorme alkoholkonsumet som er der, bør ikkje bekymre seg over ein eller anna menig soldal "som er i hasjtåka", som reportasjen i Dagbladet viser. Det du derimot skal være bekymra for, er om offiserar og befal er edru nok til å lede avdelingen sin i strid, spesielt fredag kl. 1700. For ikkje å snakke om kl. 2000.

Hadde eg vært ein potensiell fiende, så ville eg invadert Norge på ein fredag aften.

The dobbeltmoral is strong i Forsvaret. 

************************************************************************



Oppdatert 27.11.2024:
Vel, da er det på tide med eit nytt lite dykk ned i sumpen som blir kalla "Norsk Narkotikapolitikk". Det har vært eit miserabelt skue i mange tiår, og er det på mange måtar framleis. Den store forskjellen er at det er "dei andre", dvs. dei konservative, som for det meste er på defensiven i ordskiftet. Alt dei har å vise til er nemleg gamle og utdaterte skrekkhistoriar, samt nokre eigenproduserte anekdoter her og der.

La oss i kveld først ta ein tur til Gudbrandsdalen, der det var den vanlige formen for tullball som utspant seg på eit "folkemøte" for nokre veker sidan. Sjølv om Lillehammer og dalstråka innafor ikkje er som landets Sodoma og Gomorra (Dvs. Oslo, iflg. politiet på Lillehammer), så er det ikkje måte på likevel. Kor ille det er blitt altså. BTW: Sjekk denne videoen, denne er berre heilt fantastisk bra.


Lindsø er ein av mine tidlegare gode kollegaer herfra vaktdistriktet, fra byrjinga på 2000-tallet. Ein veldig hyggelig og likandes kar, men det hjelper ikkje i narkotikaspørsmålet. Her er han verkeleg ute på bærtur. For kven skal få skulda for auka narkotikabruk?? Jo, Rusreforma.

Det er berre eit problem: Det har ikkje vært nokon rusreform. Joda, det har vore eit par forsøk, men dei er nedstemt og ikkje gjennomført. Det KUNNE jo være at han meinte den lenge etterlengta "rus, forebyggings og behandlings"-saken som dagens ubrukelige regjering syslar med, men den er jo heller ikkje gjennomført. Men det er sikkert greit å ha noko å skylde på, når politiet ikkje har som prioritet å reagere ovanfor bruk lenger.

Ein annan ting med Lindsø sine uttaler er at det er lettare å få tak i dop enn alkohol.
Ja, det er visst slik borti Gudbrandsdalen.


Desse påstandane har eg høyrt mange, mange, MANGE ganger fra diverse forbudskaniner og straffenisser. Altså; Da MÅ de jo forstå at dagens politikk ikkje funker! Eg må ta meg sjølv i å tenke at denne argumentasjonen er heilt hjelpeløs. Hvis det er slik at ein kan få tak i narkotika lettare enn alkohol, så må vi sørge for å omsette narkotika på samme måten som alkohol da. Det er den einaste logiske slutninga. Hvis vi ikkje skal omsette alkohol på samme måte som narkotika vel og merke, dvs. forby det. Etter å ha vært edru på diverse politijulebord, så kunne nok det vært ein fordel.


Narkotikapolitikk er forresten eit populært tema om dagen for våre politiske parti. Spesielt to parti utmerker seg i solid negativ lei, nemleg SP og Krf. Gudbedre, her snakker vi verkeleg bortreiste greier.

For Krf har ei løysing på våre problem:


Det skal nemleg straffast hardare for BRUK. Spesielt på Vestkanten, det er visst viktig å ta dei som drar ei stripe kokain. Derfor må Vestkantungdom SKJERPE seg. 

Denne formaninga vil nok hjelpe. Spesielt i Oslo, der Krf nå har ei oppslutning på under 2%. 
Så da har nok Krf løyst dette problemet.
Med seg på laget kan dei få denne tidligare politimannen som har ei (Ironivarsel) veldig effektiv løysing på problemet:



Eg er mektig imponert over fantasien i dette forslaget. Det er nesten rart at ingen har komme med dette utspelet før.

Eller vent; Det byrjar å demre eit eller anna.....


Vi HAR høyrt om denne strategien før. Det er 30-40 år sidan nå, og vert i dag rekna som ein av dei verste og mest mislykka kampanjane presentert av USA sine "first ladies". Noko som ikkje seier så reint lite. 
Det å spele på brukarane sitt dårlege samvit har vi sett i årevis. Det samme når vi skal fortelle kor umoralske alle desse folka er. Det som duger mot bruk er altså: Straff. 

Seier dei i Krf og SP.


Skal vi også ta ein kjapp tur innom Facebookprofilen til Norsk Narkotikaforebyggende Forening (tidl. NNPF)? Ein ting er at desse ikkje har gjennomslagskraft i det heile tatt lengre, noko vi kan sjå utfra medlemmstallet deira, som nå er nede på "ca. 2000", mot tidligare ca. 3500. Ju-huuuu!
Noko anna er kva NNPF er redd for, jfr. dette oppslaget:



I NNPF er dei så inngrodd i sine forestillingar, at dei lagar ein post om at det har vært ein auke i bruken av cannabis fra 2023 til 2024. Nå har sju av 100 nordmenn/kvinner prøvd cannabis i løpet av siste året! Gosj, verda går under!

Personleg synes eg det er langt verre at fem ganger så mange nordmenn/kvinner drikk alkohol kvar veke, da alkohol er langt farligare enn cannabis. Men slike detaljar betyr liksom ikkje så mykje i ein kult som NNPF. 


Ellers vil eg i kveld framheve det stadige debatten om kor skillet skal gå mellom dei som fortjener hjelp, og dei som skal ha straff. INGEN har komme med eit godt forslag, ikkje ein einaste j***l fra dei som er imot avkriminalisering/legalisering har kome med eit konkret skille. Derfor var det eit steg i rett retning da eg les forslaget om aldersgrense 25 år. Dei brukarane som er over 25 år kan straffast, dei som er under 25 år skal slippe. 

Enkelt og greit.

Personlig meiner eg at aldersgrensa for straff bør hevast til ca. 150 år, dvs. dei som er over 150 kan straffast og dei som er yngre skal slippe. 
Men seriøst meint, så er dette det mest konstruktive og handfaste forslaget sålangt. Det er neppe realistisk å få til, iallfall ikkje så lenge vi har SP i regjeringslokala, men det er iallfall langt bedre enn alt det som har kome av forslag til nå, som kun er vandring i ørkenen utan mål og meining. 

****************************************************

Oppdatert 30.10.2024:
Det er onsdag kveld, rett før Halloween og uværet med rødt farevarsel nærmer seg. I dag har eg renska takrenner og gjort hus og heim klart til neste døgns hendingar. 
Det var greit å ha noko å fylle dagen med, da ein som kjent ikkje skal kaste seg over tastaturet i affekt. 
I gamle dager hadde eg nok gått amok sist fredag, da regjeringa ENDELIG skulle legge fram sin etterlengta "rus, forebyggings og behandlingsreform". Dette er den som AP og SP stemte ned i 2021, fordi dei skulle komme med ein reform som skulle bli mykje bedre enn den Solberg-regjeringa la fram. Denne "sosialdemokratiske" reforma har latt vente på seg, men nå var det altså klart for presentasjon.

Det var helseminister Vestre og justisminister Mehl som la fram reforma. Som så viste seg å ikkje være ein reform i det heile tatt, berre ein oppsummering av tinga sin tilstand. Joda, Vestre hadde iallfall nokre fagre ord, om at vi måtte innse at deler av norsk ruspolitikk hadde vært mislykka. Ikkje vanskelig å være enig i det akkurat.
Vidare ville Vestre få på plass rusmiddelanalyse, fleire brukarrom og at stigma og fordømming nå var ein saga blott.

At det i denne regjeringsperioden er fjerna nokre hundre behandlingsplassar for rus og psykiatri viser imidlertid at Vestre har ein jobb å gjere innad i regjeringa med å få finansieringa på plass. Rus og psykiatri er, ikkje uventa, blitt salderingspost. Igjen.

Vestre er likevel som ein snill onkel samanlikna med kva Mehl klarte å lire ut av seg. For tre og eit halvt år etter at rusreforma fikk dødsstøtet av AP sitt landsmøte, så er framleis ikkje jussen på plass. For oss som har stått i debatten ei stund, så er dette heilt fantastisk elendig håndverk. Ikkje at det overrasker, med SP i regjeringa. Tre år etter at reformforslaget vart nedstemt i Stortinget, så har regjeringa framleis ikkje klart å avklare jussen. Dvs. deira ønske om å finne eit skille mellom dei rusavhengige (som skal slippe straff), og oss vanlig dødlige som må straffast FØR vi ruser oss så mykje at vi slipper straff. INGEN har fram til nå klart å finne eit slikt skille, men jussen skal iallfall være avklart før neste påske vart det sagt. DET skal bli interessant å sjå.

Gudbedre.

Reaksjonane fra opposisjonen på Storinget var akkurat som forventa, det er ein opposisjon sin jobb. Men det som virkeleg burde telle, er eit samla rusfelt si slakting av arbeidet og "reforma" som vart lagt fram.
Når endatil Actis-rusfeltets samarbeidsorgan karakteriserer det framlagde materialet som "en situasjonsbeskrivelse istedet for en reform", da veit du at det gjort dårleg handverk. Det blir nå ei rekke markeringar mot regjeringas manglande handlekraft og framdrift på rusfeltet, uten at eg trur det sig inn i denne tafatte regjeringa. Det er ei guds lykke, enda eg ikkje trur på ein einaste av dei ca. 4000 av dei som har vore opp gjennom historia, at det er under eit år til neste valg. I dag er det ingenting som tyder på at AP/SP får fortsette. Heldigvis. 
Men eg skal ikkje la det gå partipolitikk i dette nå. 

Både Mehl og Vestre har fått så hatten passer dei siste dagane, men det er akkurat som det trengs ei slags opplysning i justisdepartementet. Mehl har nå funne ut at all bruk av narkotika skal være forbudt.
Kan nokon være så snille å fortelle ho at det har vært slik i over 50 år i dette landet?? Det er ikkje noko sensasjonelt nytt ho kjem med. Det ER slik, og HAR VÆRT slik i nokre tiår.

 Alt over null gram skal være straffbart. 

Dvs. slik som det har vært, og ergo er det ikkje eit snev av reform i jussen i russaker. Det Mehl derimot vil, er at politiet skal bruke sine "knappe ressurser" på å gå etter dei minste sakene igjen. Ho vil at politiet skal begynne å bryte grunnlova og menneskerettane igjen, slik som norsk politi gjorde i nokre tiår, heilt fram til Riksadvokaten sa nei for eit par år siden. Sidan den gang har norsk politi og tollvesen beslaglagt mange tonn meir narkotika enn i åra før, muligens grunna endra fokus, men SP og Mehl ser bort fradette, og fokuserer istaden på å produsere tusenvis av ferdig oppklare brukersaker, og samstundes ta nokre gram dop i kvar sak.

DETTE er altså regjeringas politikk. 
Eller rettare; Det er SP sin politikk, for det gamle erverdige styringspartiet lar det berre skje. Dei lar seg herse med som ein gammal, dum hund i russpørsmålet. Fagre ord om slutt på stigma, analyse og brukerrom, faller rett i bakken når justisministern to minutter seinare seier at det skal bli strengare.

Kva skjer i AP, når de lar dykk herse med på denne måten? Kjennes det verkeleg rett ut, når regjeringspartneren vil gå tilbake til 1980 på denne måten?

Det er så utruleg svakt av AP. Ryggraden er totalt borte i dette eingang så viktige partiet. Nå er dei landets tredje største, og framtidsutsiktene ser ikkje lyse ut. Men dei har kun seg sjølv å takke. Utmanøvrert av ein bakstreversk og reaksjoner regjeringspartner, som til alt hell nærmer seg sperregrensa.

O lykke!! Framtida ser lys ut!


"Svak" blir likevel berre forbokstaven, når vi skal sjå på kva som skjer etter at statsministeren har gitt Mehl ein korreks for sine uttaler ang. skulenedleggingsbråket i Innlandet for eit par veker sidan. 
Finansministeren forsvarer sjølvsagt sin populære partikollega, og "driter" i om ho får kjeft. Altså, det STATSMINISTEREN som korrigerer ho. Når finansministeren kan "drite" i slikt, så seier det alt om kor svakt AP generelt og Støre spesielt står. Dette kan ikke gå bra, men dei viser heldigvis ingen tegn på å endre kurs!

Og dakars Vedum som måtte lukte på hasj når han var i New York her om dagen. Det lukta hasj og drit overalt i byen, for i New York er cannabis legalisert. Det betyr at folk ikkje treng å skjule bruket sitt lenger, og det er like greit. Personleg tar eg hasjlukt i 11 av ti tilfeller framfor å delta på eit nytt politijulebord, men det er ei anna historie. 
Dessuten kan eg lukte hasj berre eg tar meg ein runde rundt i bygda ein sein fredagskveld. Her ute i distriktsNorge altså, ganske så fjernt fra verdsmetropolen New York. Heller litt lukt enn fyllebråk.

Men her er vi altså. Tre år etter "nye og bedre sosialdemokratiske rusreformen" , så har vi kun fått ein situasjonsbeskrivelse, nedskjæringar på feltet, og enda ei utsetting av jussen på området. Hvis du verkeleg var i tvil om denne regjeringa var komplett ubrukelig på rusfeltet, så burde all tvil være blåst bort nå. Det beste beviset på kor mislykka denne "reformen" er, kjem likevel fra AP sjølv. Det er nemleg ingen av dei vanlige partikaninene som har skrytt av kor bra dette blir. Manglande hallelujastemning i eigne rekker viser kor pinlig dette er for AP. Slik går det når ein spelar andrefiolin i regjeringa


Den beste kommentaren kom likevel på TV2 si nyhendesending samme kveld som "reforma" vart lagt fram: "Innholdsløst pjatt". Bedre kan det altså ikkje seiast.

*************************************************


Oppdatert 3.7.2024:
Ja, da er altså ruspensumet på Politihøgskolen fagfellevurdert, og akkurat som venta vart det heilslakt. PHS var på dette området akkurat som gamle dagers Politiskole, basert på eigenerfaringar, synsing og anekdoter.
Altså; Det kunne ikkje gå bra, og nå er venstrehåndsarbeidet avdekka i all sin gru.
Det er slik det går når vi lar amatører stå bak narkotikautdanninga.

Så da skulle ein vel tro at PHS la dette stille og rolig ned i skuffen?
Neida, dei vil fortsette å undervise i faget. 

Det er altså ikkje til å fatte. Ein HØGskole, der det eine området viser seg å ha undervisningsmateriale som ikkje har den forventa kvalitet, vil FORTSETTE å undervise i det samme faget.

Eg finn trøst i at på PHS finn vi også nokre av landets mest toneangivande og progressive stemmer på rusfeltet, og eg er heilt sikker på at dette ikkje vil gli forbi i det stille. Ved å fortsette å bruke altfor dårlig utdanningsmateriale, så undergrev PHS sin eigen integritet og status som HØGskole.
Det er soleklart at denne utdanninga må ta slutt.


Av anna nytt, er det spennande å lese dagens artikkel i Nettavisen, der det heilt klart er store interne usemjer i regjeringa. Vi har no ein helseminister som verkar til å bruke fornuft, og eg aner at Vestre må vri seg litt i stolen når han leser kva regjeringspartner SP lirer av seg. 
Nå viser det seg altså at AP/SP sitt forslag til rusreform som dei snakka varmt om alt i 2021, kanskje kan bli utsatt til neste år, og dermed nærmare valget, fordi dette skal være ei god sak for SP!!
Kynismen kjenner ingen grenser for dette bakstreverske partiet, som forhåpentligvis havner under sperregrensa, helst for evig og alltid.

At det er intern strid mellom justis og helse er likevel eit godt tegn. AP er nøkkelen i russpørsmålet, men så lenge Støre sit ved roret, og fortsetter å køyre skuta på grunn, skjer det vel lite. Dog, fortsetter han slik, så må han skiftast ut ein gang, gjerne med Vestre for min del.
Vestre har eg tro på. Han kan minne litt om Bent Høie, og vi veit jo alle at han endra oppfatning om straff ovanfor rusbrukarane. 

Hos justisminister Mehl og SP derimot, er lyset avslått, båten har lagt fra kai, toget har gått og det er ikkje spor av skarpe kniver i skuffen. Dei er det ikkje håp for.
Det vi saknar fra AP er at dei faktisk meiner og gjer noko i russpørsmålet, og ikkje overlater alt til den farlige og utdaterte partneren sin. Dei progressive i AP, som vi veit det er mange av, må gi lyd fra seg, ikkje dilte etter Mehl sin skadelige politikk.

De er eit styringsparti, og det er på tide å faktisk ta roret nå.


***************************************************


Oppdatert 2.7.2024:
Det er mange år siden eg gikk på det som den gang heitte Politiskolen. Det var ei heilt annleis utdanning i dag, da det var direkte underlagt Justisdepartementet, og såleis ikkje ein del av den ordinære vidaregåande utdanninga. Den gang var jo utdanning generelt underlagt Utdanningsdepartementet, men altså ikkje det å bli politi.
Skolen var delt i to linjer; Politilinje og lensmannslinje. Forskjellen? Vi som gikk lensmannslinja hadde ein time i veka i faget "tvangsfullbyrdelse" (Det var grunna i at lensmannen var også namsmann ute i dei grisgrendte størk), og i den timen hadde politilinja ein ekstra time med gym.

Det var det.

Ellers var alt likt.

Lærebøkene, hvis vi kan kalle det "bøker" i det heile tatt, var enkle, nærast heimesnekra kopiar. Eg har kasta dei nå, men det er faktisk berre eit par år siden. Dei var så dårlige at det var pinlig å sjå igjennom dei.

Allereie på den tid var det snakk om noko som heitte "høgskole", og at utdanninga skulle inn under Utdanningsdepartementet. Det var sjølvsagt motstand til eit slikt radikalt forslag, alt som smaker av forandring i politiet er nemleg fy-fy.
Men det hjalp ikkje, nokre år etter var dei første politistudentane på plass, med eitt år lenger utdanning, studielån og forhåpentligvis meir kunnskap enn vi fikk. Vår årgang var framleis sterkt prega av tanken om at det var "store, sterke bondesønner" som skulle være politifolk, og det var det faktisk meir sant i, enn det vi liker å innrømme.
Narkotika var eit viktig tema allereie på den tid, og ALL narkotikabruk var å regne som MISbruk, så sant det ikkje var utskreve av lege da, men det vart aldri nevnt.

Eg hadde ein viss interesse av faget, og brukte deler av min aspiranttid på å lese meg opp på temaet, og trodde eg kunne ein del om det. 
Det kunne eg jo ikkje, men det er ikkje poenget her. 

Poenget og trådens tema er at norsk narkotikapolitikk er eit underleg skue, og kva er årsaka til det? Mykje av dagens gammeldagse holdningar stammer fra 1980 og 1990-tallet. Da kom narkotikaproblemet stadig oftare på dagsordnen, og tidleg på 1990-tallet vart som kjent Norsk Narkotikapolitiforening skipa. Ein såkalla privat forening, som eg vart medlem i fra starten av. 

Målet for NNPF var visstnok å styrke narkotikaarbeidet, men dei infiltrerte etaten så til dei grader, at dei endatil fikk avholde eigne kurs som ei slags tilleggsutdannining.
Eg var på eit slikt kurs ca. rundt årtusenskiftet var det vel. Kurset heitte "Tegn og Symptomer", og det gikk over tre dager, trur eg. Det vart avslutta med ein slags eksamen, slik at vi kunne få kursbevis. Alle deltakarane fikk fri, med lønn, til å delta på kurset. I arbeidstida. Etter bestått eksamen(?) fikk vi utdelt eit slags "pupillometer" som kunne brukast til påvise narkotikabruk. 

Eg brukte det aldri.


Kva eg vil med denne historiske fortellinga?
Jo, det er at norsk narkotikaarbeid aldri har vore spesielt kunnskapsbasert. Tvert om. Eg har sjølv vore med på å spre reine løgner om narkotikabruk på skolar og ungdomsklubbar. Vi var jo opplært i at "slik var det"!!
Kva grunnlag hadde vi for å hevde det vi gjorde? Kun synsing, personlige anekdoter samt nokre "kurs" fra ein privat ekstremistorganisasjon på området.

Men det som sjokkerer meg enda meir, er kva som er kome fram siste dagane. Politihøgskolen har i mange år benytta eit kompendium, dvs. ei lærebok(!) i faget(!!) "Tegn og Symptomer"(!!!), og nå viser det seg at denne læreboka ikkje er fagfellevurdert og rett og slett ikkje har den kvalitet som ein må forvente på ein høgskole. 

Altså; Er det mulig??

Ein ting var at slikt kunne skje tilbake på 1980-tallet, da vi hadde etatsutdanning av dei før nevnte "store, sterke bondesønnene", men NÅ, etter tre tiår som høgskole? 

Men her er vi altså, og da ser vi kor akterutsegla vi er på området. 

Det er vel heller ikkje noko bombe at forfattarane av "boka" også har sin bakgrunn fra den før nevnte ekstremistorganisasjonen NNPF, som har spredd tentaklane sine inn i norsk politi på ein ganske så fæl måte.  
Det er her problemet ligger, iallfall mykje av det. Vi har med viten og vilje latt ein ekstrem, såkalla ideell organisasjon styre det som skulle ha vært ei offentlig oppgave. I tillegg har NNPF si kursing altså vore under einkvar kritikk. 
Med ein slik organisering av narkotikaarbeidet, så kan det ikkje gå bra, og det er ei tung skute å snu samfunnet nå. Men det skjer, sakte, men stadig fortare. NNPF er ferdige som premissleverandører, og narkotikaarbeidet blir stadig meir kunnskapsbasert. 
Ja, unntatt hos regjeringspartiet SP da, samt Krf, og for store deler av AP og FrP. Der slukte dei dei argumenta fra NNPF med agn, sluk, snøre, søkke, snelle OG stang. 

Der ligg store deler av våre mislykka narkotikapolitikk. Ein politikk som mange hevdar er "veldig bra", når vi har hundrevis av narkotikarelaterte dødsfall i året, samt at ein million nordmenn har prøvd hasj, og dermed fortjener seks månader fengsel iflg. justisministeren.

DETTE er nivået på norsk narkotikapolitikk dei siste fem-seks tiåra, og dette vil altså regjeringa fortsette med.

Gudbedre.


***************************************


21.6.2024:
Det er to månader til 21. august, datoen da vi vart ramma av den katastrofen som norsk narkotikapolitikk er, har vore, og som regjeringa vil fortsette å beholde.

21. august fant eg min nesteldste sønn død i kjellarleiligheita vår. Han hadde tatt sitt eige liv, fordi det var så viktig å straffe han for å ha røyka hasj fem ganger i løpet av nokre vintermånader eit drygt halvår tidlegare. 

Denne politikken med å straffe dei over 18 år, vil altså vår regjering fortsette med. Til tross for at deira politikk fører til at friske, oppegåande og vellykka ungdommar vert akutt sjuke og altså ikkje vil leve lenger.

DETTE er kva norsk narkotikapolitikk ER, HAR VORE og som regjeringa vil FORTSETTE.

Ord kan ikkje beskrive kva eg meiner om dei av våre politikarar som fortsatt vil straffe og fordømme. Eit stort f**k off kanskje??


Vel, dette er altså bakgrunnen for at eg dei siste seks-sju åra har engasjert meg ein smule i rusdebatten. På dei åra har eg sett og høyrt svært mykje rart fra diverse forbudsnisser, altfor mykje til å ta med i ein bloggpost. 
La meg også føye til at eg i mange år hadde narkotikaarbeid som arbeidsfelt da eg var ung (og dum) politimann. Eg trudde fullt og fast på at straff og forbod var dei rette verkemidla.

Eg tok feil.

Snart 60 år etter at vi har prøvd å straffe og forby oss ut av problemet, er det fortsatt stemning i regjeringa for at vi skal fortsette meir av det samme. For må det da lukkast, sidan vi har prøvd i 60 år tidlegare?


Denne veka vart det lagt fram ein omfattande utredning, bestilt av regjeringa. SP var som kjent imot den forrige regjeringa sitt reformforslag, og AP snudde 180 grader våren 2021. Eit utilgivelig svik som aldri skal gløymast. 
Utredninga skulle vore framlagt for eit par år sidan, men er stadig utsatt, og hvis vi er skikkelig heldige, så vert det ikkje noko av denne heller, fordi dei har vore så trege med å få den på plass. Stortingvalget 2025 får forhåpentligvis AP og aller helst SP ut av regjeringskontora igjen, så da er det påann igjen.

Utredninga har fått ein del kritikk, bl.a. grunna anbefalingar om at politiet skal få adgang til å ta spyttprøvar og ransake igjen. Eg er ikkje fullt så pesimistisk, da utvalgsleiaren presiserte at dette måtte være politiske prioriteringar, og ikkje minst at det må inn i lovs form. Det skal også vurderast om slike tiltak er forholdsmessige, dvs. er det vits i å bruke tvangsmiddel når det snakk om kun bruk??? Det kunne ikkje utvalget svare på.

La oss imidlertid fokusere på det hyggelige:  Det må ha vore eit gedigent nederlag for regjeringa, samt alle foreningar som har bedt om eit skille mellom rusavhengige, og dei brukarar som ikkje er det, at det heller ikkje denne gang vart anbefalt ein slik oppkonstruksjon. Det sa det forrige utvalget tilbake i 2021 også. Det er derfor på sin plass og sei:

KVA VAR DET VI SA???

I svært mange debattar etter nedstemminga i 2021, har eg spurt dei ruskonservative om kor skillet skal gå. INGEN har kome med noko vettugt svar, ei heller denne gang, og nå er ballen død.

Det må også ha vore med flau smak i munnen at regjeringa mottok anbefalinga om at rusavhengige nå skulle få inneha små rusdosar til eige bruk utan å risikere straff. Med "små mengder" så er dei grensene ikkje så langt unna det som Senterungdommen har kalla "ein bærepose med dop" tidlgare.
Utvalget anbefaler også bruk av kommunale rusrådgivingseiningar, istaden for møte med politiet, noko som også er noko anna enn regjeringa i utgangspunktet ville ha. 
Det er viktig å presisere at utvalget sitt hovedmandat var å utgreie eit lovlig skille mellom rusavhengige, og dei som ikkje er det. Nå har vi svaret: Det går ikkje an å skille, ergo er dette eit stort nederlag for regjeringa generelt, og SP spesielt. Heldigvis.

Det er også med stor interesse eg har fulgt argumentasjonen om kvifor vi ikkje skal liberalisere ruspolitikken, om det så er i form av generell avkriminalisering eller legalisering. Ein ting er at leiande motstandarar av både avkriminalisering og legalisering, bevisst roter og blandar begrepa, antagligvis for å forvirre den alminnelige borgar. Slike billige triks biter vi ikkje på. Folk er ikkje så dumme som SP trur.

I argumentasjonen MOT legalisering/avkrim vert det t.d. vist til Portgual, der dei nå slit med ruspolitikken igjen. Det vert tolka som at avkriminaliseringa har gått skeis. Det som IKKJE vert sagt, er at Portugal anbefaler avkriminalisering, men at det må følge med finansiering til helsevesenet også. Det er der problemet ligg, ikkje i sjølve avkriminaliseringa. Det er t.d. stadig diskusjonar i Portugal om legalisering av cannabis, og det er eigentleg berre eit tidsspørsmål før det vert gjort. 

Andre luringar viser til Canada, som om det skulle være eit "godt" eksempel på dårlig narkotikapolitikk. I mitt hode er Canada sin politikk ein suksess. Bruken har stabilisert seg, stadig fleire kjøper legale cannabisprodukt, og ungdomsbruken har gått ned. What is not to like?

Atter andre hevdar at vi ikkje må avkriminalisere fordi Oregon. Javel? Oregon legaliserte cannabis for fleire år sidan, og avkriminaliserte all anna bruk av illegale narkotiske stoff for eit par år sidan også. Det medførte at delstaten fikk ein utstrakt "dopturisme" fra andre amerikanske delstater. Det er ikkje så rart, all den tid dei kunne risikerer straff for t.d. kokainbruk i Montana, Texas, Florida m.m.fl. Da var det like greit å ta med seg problema sine til ein delstat der dei slapp straff. 
Oregon har derfor slutta med avkriminaliseringa att, men har beholdt legalisering av cannabis. 
At EIN amerikansk delstat snur i avkriminaliseringsspørsmålet, vert såleis tolka som at denne typen politikk ikkje funker her heime. 

Dette er feil logikk. 

Årsaken til at avkriminaliseringa ikkje funka i Oregon, var jo fordi dei var den einaste delstaten som gjennomførte eit slikt grep. Skal ein gjennomføre noko slikt, så må det skje på føderalt nivå. Vi kan jo berre tenke oss kva som hadde skjedd dersom Rogaland hadde avkriminalisert all bruk av narkotiske stoff, medan resten av landet ikkje gjorde det. Hadde eg vært rusavhengig da, så hadde eg flytta til Stavanger fortare enn nokon kunne sei "ferjeavgang".

Andre argumenterer med at vi ikkje kan endre narkotikapolitikken vår fordi Colorado.

Dette er like meiningslaust som å bruke argumentet Oregon. INGEN her til lands taler om den kommersielle cannabispolitikken som denne pionerstaten på området fører. I Colorado har det vore legalisert omsetting av cannabis sidan 2012, og det er ingen som snakker om å gå tilbake til gamle forbudstider igjen. Kvalitetssikra varer, i lovlige utsalg, med aldersgrenser og opningstider, har vore å foretrekke for den jamne borgar. Og bruken har vel eksplodert da? Nei. Den er stabil. Akkurat som spådd på førehand.
Gudane må vite kvifor Colorado vert dratt fram som eit slags "skrekkens eksempel", da det tross alt fungerer såpass godt at nabostatane har fulgt etter og legalisert på kommersielt vis. 

Uansett; Ein kommersiell modell er uaktuell i Norge, og endatil i Europa. La oss heller sjå til Europas største økonomi, og mest folkerike land, Tyskland, når dei skal evaluere sin modell for legalisert cannabisomsetning. Dei gikk bort fra sin ineffektive forbudspolitikk nå i vår, og sålangt er det for tidlig å trekke konklusjonar. Heimedyrking til eige bruk, samt medlemsskap i klubbsystem er likevel å foretrekke framfor kommersiell drift. Og lysår å foretrekke framfor den norske modellen. 

Store deler av den vestlige verda endrar nå sin narkotikapolitikk, nettopp fordi dei bruker sine erfaringar fra dei siste tiår: Straff og forbud har ikkje fått vekk bruken. Det har tvert om ført til eit gigantisk svart milliardindustri, der kriminelle håver inn. I tillegg har forbudspolitikken ført til ei stor belastning på politi, toll og rettsvesen, som burde ha meir nyttige ting å finne på ennå springe enn brukarane. 
Tidene endrar seg, og narkotikapolitikken i dei fleste europeiske land endrar seg til ein human og kunnskaps basert politikk.

Unntatt i Norge.



Her bestiller vår regjering ei utredning der mandatet er å finne ein måte å straffe alle andre enn dei rusavhengige på. Noko som vi sa for nokre ÅR sidan at det ikkje var mogleg. 
Vi har ei regjering som i fullt alvor seier at det bør brukast tvangsmiddel utan mistanke om bruk av illegale rusmiddel. Samme regjering vil gi politiet fullmakter, som Riksadvokaten har sagt ikkje er lov å bruke da det er brot på Grunnlov og EMD.

DETTE er altså dei vi har valgt til å sitte i regjering og å styre ruspolitikken vår. OK, eg veit at dette området er kun ein bagatell for langt dei fleste av oss, men narkotikapolitkken vår har tatt tusenvis av liv i mange år nå, og regjeringa si løysing: Fortsett som før. 

Det er heilt utruleg.

Neida, eg synes ikkje hasj på polet er ein god ide heller. Det å selge to ulike rusmiddel på samme stad er ikkje smart. Men det er grunn til å stille spørsmål ved kompetansen til einskilde parti, når dei vil ha ein svært liberal alkoholpolitikk, men samtidig streng narkotikapolitikk. Lett tilgang på alkohol, gir større behov for alkoholens onde fetter; Kokain. 


Så har vi dei som trur at vi berre kan sei "nei". Rart ingen har tenkt på det før!

Slik som Nancy Reagan tilbake på 1980-tallet ein gang. Det fungerte ikkje den gang, og det funker ikkje nå. 





Mitt forslag er at vi avkriminaliserer bruk av alle stoff, og i første omgang legaliserer cannabis. Det er allereie ein million nordmenn/kvinner som har prøvd cannabis, og som etter justisministerens logikk dermed kvalifiserte til fengselsstraff. Korleis og kvifor vi skulle fengsle ein million nordmenn sa ho ingenting om da ho var på Dagsnytt18 her forrige dagen. 
Cannabis er ikkje ufarleg, spesielt for unge, men nettopp derfor er det særs viktig at unge under 18-20 år får redusert tilgang på det. Nå vert det sagt at det er lettare å få tak i hasj og kokain enn alkohol, og da seier min enkle hjerne at det på tide å ta liknande grep som vi har gjort med alkoholomsettinga. 

Andre stoff som med fordel kan vurderast legalisert i første omgang kan være div. psykedeliske stoff, fleinsopp er jo eit stjerneeksempel på eit meiningslaust forbud. 

Avslutningsvis på dette "comebacket" om vår fatale narkotikapolitikk, så vil eg oppfordre alle straffenisser, dommedagsprofeter og gråtekoner fra forbodssida om å sette seg inn i dei erfaringar som våre naboland og handelspartnarar gjer. Det er ein grunn til at fleire og fleire land endrer sin narkotikapolitikk: Forbodet har ikkje fungert.


Kvifor skal det brått byrje å gjere det nå, etter snart 60 år med straff og jakt på brukarar og innimellom ein og annan bakmann??


Vi burde ha lært, men med denne regjeringa ser det dårleg ut.

PS: Memes er henta fra Bluesky. Og ja; Eg spurte vedkommande bak dei om det var ok å låne dei.
Det er altså ein parodi, i fall du lurte. Men svært treffande.

**********************************************************************

Oppdatering pr. 29.5.2024:

Ei lita oppsummering av tidlegare postar:

Senterpartiet, eit bakstreversk og direkte farlig parti innan ruspolitikk.

Kokain. Ein landeplage som alle har høyrt om, og som visstnok alle bruker nå til dag. Eller?

Senterpartiet får innimellom selskap av andre politiske parti, som gjer sitt beste for å overgå kvarandre i rein skjær dumskap.

Ein gang i tida var Arbeiderpartiet sit viktig styringsparti, og ein av drivkreftene bak den nå nedstemte rusreforma. Kor gikk det galt?

Ting tek tid, iallfall her i landet. Men det skjer meir ute i verda enn vi kanskje aner.

Ein av mine gamle kullkamerater fra Politiskolen anno 1989 er framleis i etaten, og vil bevare straffe og forbudsregimet. Da han fikk inn eit debattinnlegg i Politiforum,  så måtte eg jo svare. 

Bokomtale. "Politiet og Narkotika" Ei viktig bok, men samtidig også ganske skremmande om poltiets mangeårige ulovlige overgrep mot rusbrukarar. 

Årsaken til at vi må endre kurs i ruspolitikken: Den tar livet av folk.

Til slutt: Kven er dei verste i rusdebatten? Det er ikkje tvil.


************************************************************


På min forrige plattform hadde eg ein post som heitte "Norsk Narkotikapolitikk". I begynnelsen hadde eg tillegget "Og dei tragiske konsekvensar det fikk for oss". Det har sin naturlege årsak, for dei som ikkje veit det.


Opphaveleg var dette eit enkeltståande innlegg, og mesteparten av det kan du finne her.
Det kom som ein reaksjon på all den kritikk som det daværande Stortingsfleirtalet fikk, da dei gikk inn for ein rusreform med avkriminalisering for bruk og erverv. Nå vart det aldri noko av denne svært forsiktige reformen, da partiet som nå har mista ryggraden sin, Arbeiderpartiet, snudde da alvoret meldte seg tre-fire år seinare.
Den snuoperasjonen, eller rettare; Sviket, har eg sagt mange ganger nå, at den vil ikkje bli gløymt, og den skal aldri bli tilgitt.

Innlegget fikk ein del merksemd, og eg vart kontakta av andre media som også ville trykke heile eller delar av det. Bl.a. ABC Nyheter, og Bergens Tidene. I det sistnemnde vart eg utruleg nok nominert til "Årets Enkeltinnlegg". Eg vant ikkje, men berre det å bli nominert og invitert til Bergen for å være med på kåringa året etter, var stort for ein enkel sjel. 



Etterkvart som tida gikk, vart posten berre lengre og og lengre, fordi det dukka opp så ufatteleg mykje vrøvl, løgn, skrekkpropaganda og tullball fra alle forbuds og straffenissar. Om ikkje anna så vart det min desidert mest leste post på den plattforma, med godt over 15000 besøk. 

Min forrige bloggplattform vart fjerna (av meg) for eit par år sidan nå, av private årsaker. Enkelt sagt, så var det ikkje alt der som var like fornuftig, og da tok eg like godt og sletta heile greia.


Nå er det på tide å ta for seg diverse aparte innspel fra straffenissane og forbudskaninene igjen....

Noko seier meg at eg må opprette ein hovedtråd, samt ein arkivtråd denne gang også.


Stay tuned!








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi