I dag lurer eg på......Kven er dei verste i rusdebatten?
Etter å ha vært engasjert i narkotikadebatten nokre år nå, og sett den endringa som har vore, så er det på tide å komme med ein slags konklusjon på kven som er dei verste i dette ordskiftet.
Det har eg lurt på ei stund, og gudane skal vite at det har vore mange kandidatar. Mange av dei har heldigvis blitt mindre og mindre synlige, fordi dei ikkje har noko nytt å komme med, og kverner på dei samme gamle visene. De veit; Den type argumentasjon som VI fikk servert på ungdomsskulen og gymnaset for 40-50 år siden.
Vel, her er eit hint; Verden har endra seg siden russetida vår i 1984. Da drakk vi som svin, og eg kan garantere at alkoholkonsumet var minst like heftig den gang som blant dagens russ. Men det var ikkje så nøye, alkohol var så uskyldig, i motsetning til HASJ og HEROIN, som vel var dei einaste narkotiske stoff vi kjente til på den tid.
I våre dagar kan den oppvoksande generasjon mykje meir om illegale rusmiddel enn oss gamle/halvgamle.
Med nokre unntak, som vi skal sjå lenger nede i denne posten.
For kven har vore dei verste stemmene, opp gjennom åra?
Norsk Narkotikapolitiforening er jo i ein eigen liga, men dei er avkledd, og svært få bryr seg om denne kulten innafor norsk politi lenger.
Forbundet mot Rusgift kanskje? Nei, denne miniforeninga med eit parhundre medlemmer, som meinte at pedofile og rusavhengige kunne settast i samme bås, er heller ikkje noko å bry seg om lenger. Grått hår-faktoren er høg i denne klubben.
Juvente og Ungdom mot Narkotika kan heller ikkje skryte av stort anna enn å ha snylta til seg offentlig støtte i årevis, og sliter med ømdømmet til dei grader.
Paraplyorganisasjonen Actis er heller ikkje dei som skrik høgast om dagen. Dei har iallfall ein smule fornuft, og ser vel at toget ikkje er til å stoppe lenger. Med ny generalsekretær, så ser vi ei meir edruelig(!) tilnærming til rusproblematikken.
Vi kunne også dratt fram KrfU, men også der ser vi at det er mest soloutspel fra ein rablande leiar, som ikkje ser ut til å forstå så mykje av den praktiske biten ved rusarbeidet. Dessuten er Krf plassert (forhåpentligvis for godt) under sperregrensa, så det er eit håp om at deira rolle er over i norsk politikk. Det tok si tid, men dei er etterkvart kun ein parantes i rikspolitkken. Godt er det.
Men dei verste, vil du sikkert spørre?
Det er ingen over, ja heller ingen i nærleiken av Senterungdommen.
Altså, eg forstår jo at det å være ungdomspolitiker skal være ein smule provoserande og greier, men eit snev av vett og forstand kan det være greit å ha med seg inn, når ein jumper uti eit ordskifte.
Dette er å pisse på Kristoffer sin grav, og å spytte oss som etterlatte i ansiktet. Gudbedre for eit møkkautsagn, fra dei som gang etter gang har vist at det ikkje fins nokre nedre grense for tarvelige argument i dette spørsmålet.
Kristoffer tok sitt eige liv for snart ni år sidan, nettopp fordi det var så viktig å straffe han. Senterungdommen ser glatt bort fra dei negative verknadane straff har på unge. Kva er problemet med at voksne (Kristoffer var pr. definisjon voksen, han var 18 år), tar seg ein joint? Skal Staten liksom gjere det ekstra ille med å straffe desse personane? Kvifor skal Staten blande seg inn i kva EG måtte putte i kroppen min? Påstanden om at det farlig er reinspikka vissvass, og det dummaste argumentet eg høyrer. Hasj og LSD t.d. er langt mindre farlig enn alkohol og tobakk, kun idioter hevdar noko anna nå til dags.
Dessuten, hvis det nå er slik at narkotikabruk er farlig (og la det være klart; Det kan være ein svært alvorlig sjukdom å være rusavhengig), så er dette kun eit kronargument for at Staten tvert om bør tilby kvalitetssikra varer, istaden for å la kriminelle ha 100% kontroll på all omsetning.
Nei, Senterungdommen er altså heilt bortreist i russpørsmålet. Dei vil også gi "politiet" dei verkemiddel dei ber om. Det er ikkje "politiet" som ber om virkemiddel, men ekstremistane i kulten Norsk Narkotikapolitiforening, nå under psevdonymet Norsk Narkotikaforebyggendeforening.
Derav dei røde kryssa over, sant?
Det burde ringe nokre klokker og blinke nokre blålys når vi i Norge, med eit av verdas beste helseinstitusjonar og mest midlar brukt på helse, har ein av Europas verste overdosetall. Dette ser Senterungdommen glatt bortfra, og vil heller fortsette på samme måte.
For; Når vi har prøvd å forby oss ut av problemet i snart 60 år, så må jo den rette strategien være å fortsette på samme måte, berre ENDA litt hardare, ikkje sant?
Som pårørande og etterlatt kan eg ikkje få sagt kor mykje eg avskyr Senterungdommen sin farlige, ja endatil dødelige argumentasjon.
For ein gjeng.
Kommentarer
Legg inn en kommentar