Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.
20.4.2026: Tilfeldig dato?? Neppe!! 20. april er liksom den O Store Dagen for dei som bruker marihuana. Personlig har eg aldri prøvd dette illegale rusmiddelet, og har heller ikkje ønske om å gjere det. Joda, eg KUNNE ha prøvd, hvis eg var interessert. Men det er eg ikkje. Har heller aldri vært. Årsaken er ikkje at det ulovlig å bruke, men ganske enkelt fordi eg ikkje har hatt ønske eller behov for det. Sånn. Da var den saka ute av verda. Det burde være unødvendig, men det må liksom presiserast gang etter gang. For eit av hovedargumenta vi " liberale " møter, er at siden vi ønsker ei regulering (legalisering) av den enorme cannabismarknaden, så må vi være brukarar sjølv. Det er liksom heilt utenkelig at ein skulle ønske legalisering hvis ein ikkje brukte sjølv. Der har du altså nivået vi har fått slengt i oss, fra dei meir konservative kreftene som på død og liv skal forby og straffe. Det vil bli meir om denne feilaktige argumentasjonen fra den konservative sida lengre nede...