Innlegg

Viser innlegg fra august, 2026

Topptrimmen 2026-2028: Storaskornosi

Bilde
Tid for topp nr. fire i denne bolken av Luster Turlag sin glimrande "Topptrim". Ein særs skral værmessig juli og foreløpig også august, har lagt jakta på dei ti toppane ein smule på hylla. Gidder ikkje gå på tur i regn. Men denne laurdagen i slutten av august 2026 opna det seg eit vindauge i skydekket, og den store gule gjenstanden avla eit besøk på Vestlandet. Etter denne bedritne vår og sommaren, så bør september bli kjempebra.  Med solgløttet gjorde vi oss klar for ein tur til Storaskornosi, 1049 m.o.h. på den såkalla "Sørsida" av Lustrafjorden. Startpunkt vart valgt til å være fra Kinsedalen, så da køyrde vi, på den såkalla "vegen", opp til den skilta parkeringsplassen rett før det øverste bruket i dalen. Hvis du ikkje har vore i Kinsedal før, så bør du absolutt ikkje reise oppover her med den nyaste sportsbilen din. Eg har null peiling på kven som eig denne vegen oppover her, men den er i stor trang for ei oppgradering. Hvis det er private eigarar: S...