Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2026

Datasenter??

Bilde
Oppdatert 25.10.2026: Ang. støy.....: Eitt stk varmluftskomfyr på 50 cm avstand. Greit å notere seg, i fall ein skulle bekymre seg over 35 db. ute. Eller kanskje eg skulle slutte å bekymre meg over støy fra eit anlegg som ligg over 800 meter fra huset mitt. 👇👇👇 Oppdatert 23.10.2026: Da er Folkemøtet avvikla, svært godt oppmøte, og veldig informativt. Veldig bra gjort av kommunen! Eg pleier ikkje gi skryt til SP-politikarar generelt, men ordføraren vår gjorde ein svært god figur i går kveld. Dette må han være fornøgd med, iallfall det som eg fikk med meg. Mine inntrykk: Eg gikk ned på møtet med fordelinga 60/40 for/mot. Det tok ca. ti minuttar før det var blitt 70/30. Årsaka var først det utidige oppslaget rett ved inngangsdøra, som kun var seks A-4 sider med udokumenterte påstandar. Dernest vart ordføraren avbroten allereie under innleiinga da han fortalde at Lefdal Mine skulle orientere om sine erfaringar. Altså: Skal du oppnå noko med å protestere, så bør du iallfall vente til INN...