Datasenter??

Oppdatert 25.10.2026:

Ang. støy.....:

Eitt stk varmluftskomfyr på 50 cm avstand.



Greit å notere seg, i fall ein skulle bekymre seg over 35 db. ute. Eller kanskje eg skulle slutte å bekymre meg over støy fra eit anlegg som ligg over 800 meter fra huset mitt.

👇👇👇




Oppdatert 23.10.2026:
Da er Folkemøtet avvikla, svært godt oppmøte, og veldig informativt.
Veldig bra gjort av kommunen! Eg pleier ikkje gi skryt til SP-politikarar generelt, men ordføraren vår gjorde ein svært god figur i går kveld. Dette må han være fornøgd med, iallfall det som eg fikk med meg.

Mine inntrykk:
Eg gikk ned på møtet med fordelinga 60/40 for/mot.
Det tok ca. ti minuttar før det var blitt 70/30.
Årsaka var først det utidige oppslaget rett ved inngangsdøra, som kun var seks A-4 sider med udokumenterte påstandar.
Dernest vart ordføraren avbroten allereie under innleiinga da han fortalde at Lefdal Mine skulle orientere om sine erfaringar.

Altså: Skal du oppnå noko med å protestere, så bør du iallfall vente til INNLEINGA er ferdig. 
Om oppslaget utanfor inngangsdøra var utidig, så var denne høgst unødvendige avbrytinga det også, til dei grader. 

Informasjonen fra Sognekraft og Sogn Utvikling fortalde oss kven som står bak planane. Det visste eg fra før. Lokal tilknytning er superviktig. Utan det går verdiskapinga rett ut av regionen.
I fall du lurer: Sogn utvikling AS er eigd av Sognekraft og kommunane Luster, Sogndal og Vik. Det er ein link lenger nede i posten, skreve FØR folkemøtet.
Desse to aktørane skal sjølvsagt selge inn produktet sitt, det er jobben deira. Etter å ha dreve med salg sjølv i mange år, så veit ein jo litt om det. Godt argument at vi produserer enorme mengder straum i distriktet, der mesteparten forsvinn ut. På tide å skape noko lokalt med all energien vi har kanskje??

Spenninga var såleis mest knytta til rapportane fra Norconsult, ang støy og påverknad på det marine livet i sjølvaste Gåpnafjorden.
Vi fikk da vite at med kjøling fra sjø, så er støyproblematikken bortimot eliminert. Utvendige nødaggregat vart det ein uforholdsmessig stor fokus på, da dette er....ja....NØDaggregat. Det vart sagt at med den skisserte løysinga, så kunne ein forvente 35db.
Kor mykje er det? (Eit kjøleskap skal visstnok levere 40 db.)

Ganske lite viser det seg.
På kveldens luftetur fant eg ut at det sikkert fins apper for støymåling. Som tenkt, så gjort.


Vel, slik ser altså eit bygg som leverer 60 db ut. 

Dette pumpehuset står mellom bruene her langs Sandvikvegen. Her dura eit eller anna viftegreier nå i kveld. 



Dette er såklart milevis fra å være noko vitenskapleg måling, men det gir nå ein peikepinn da.

Dog, dei færraste har eit pumpehus i hagen.
Det derimot mange har, er varmepumper. Nå som hausten er komen, så går desse rimelig godt, og vår utvendige del målte eg derfor støyen på.




Dette er ei Toshiba varmepumpe fra Luster Energi, montert i 2021. Støynivå fra to meters avstand?

Igjen; Dette er ikkje noko seriøse greier, men det fortel oss iallfall kva støy vi kan forvente av 35 db.


For ordens skuld: Støykartet fra Norconsult.
Det er sjølvsagt folk som hevdar at dei må være kjøpt og betalt av Sognekraft og dermed leverer det som oppdragsgivaren forventet. Da er du på foliehattnivå, og kjenner lite til kva verdiar Norconsult står for. 

Neste punkt på agendaen var dette om påverknad av miljøet i sjøen. Dersom ein skal pumpe tusenvis av liter med vatn på 25 grader ut i fjorden, døgnet rundt, så må slikt undersøkast. Dette vart gjort godt greie for av Norconsult, og det er ikkje til å legge skjul på at sjøkjøling kan ha biverknader. Da må ein sørge for at dei vert så få og små som mogleg.

Det var så klart for spørsmålrunde, og da forstod eg snart at dette vart eigentleg flisespikking på ting som allereie var blitt forklart. Om Gaupne kan bli eit større krigsmål i fall eit datasenter vert bygd? Det blir vi sikkert, men vi har allereie datasenter og kraftforsyning som vil være naturlege mål i ein storkrig. 

ALL infrastruktur er mål i ein krigssituasjon. Eg tipper Hydro i Årdal, Loftesnesbrui, Haukåsen- Sogndal lufthavn, Fortun Kraftverk, og diverse vegar og elforsyning generelt vil bli utsatt for angrep. 

Poenget mitt: Du skal være ganske ute på viddene (i fleire betydningar) i vårt samanvevde og teknologiske samfunn før du ikkje er eit mogleg krigsmål. Vi har sett det så tydleg dei siste åra i Ukraina og på Gaza. Eit datasenter vil neppe utgjere ein større risiko enn ellers.


Eg må også dra fram at dei skeptiske røystene som eg høyrde, og som eg har lest i diverse kommentarfelt sidan, nesten utelukkande kom fra folk som ikkje er heimehøyrande i bygda. 

Om det er relevant? Såklart det er!

For å være litt utidig (igjen), dvs. på nivå med å dra fram at eit datasenter vil bruke like mykje straum som 150 millionar iPhones, kva med oss som bur her i bygda og må tåle kloakkstanken fra tømmeanlegget nede på Gåpnagrandane kvar haust?
Personleg finn eg det langt verre å leve i kloakkstank nokre veker om hausten, enn å måtte høyre eit kjøleskap nede på eit område som tross alt er regulert til nettopp industriføremål.

Usakleg? Kanskje. På lik linje med det eg har lest og høyrt fra motstandarane i såfall.

Eg gikk ut fra møtet adskillig klokare enn da eg gikk inn, ganske kort inne i spørsmålrunden.
Eg var gått fra 60/40 FOR, til 90/10.
Noko av det skuldast altså den særs dårlege argumentasjonen fra "Nei-sida", i mangel av eit bedre ord.
Til neste gang vil eg be den/dei som er imot noko nytt, om å faktisk sette seg inn i kva saka gjeld og ikkje ha bestemt seg på førehand. 


Først informasjon, SÅ kan ein dra konklusjonane, ikkje motsatt.


*******************************************************************




Ja, fk. mandag, dvs. 19.10.2026 er det såkalla "folkemøte" ang Sogn Utvikling sine planar om utbygging av eit datasenter i Luster.

Saka har allereie vore oppe i kommunestyret og formannskapet, men der vart resultatet at saka vart utsatt. 
Ikkje så rart kanskje, all den tid slike datasenter stort sett får negativ omtale om dagen.

Men hvis ein går inn i dette med ein smule ope sinn, så burde ein ikkje være imot før ein veit kva som evt. kjem. Det har forlengst heva seg kritiske røyster i diverse kommentarfelt på søppeldynga Facebook, og det pussige er at mange av dei som er imot, slett ikkje har noko tilknytning til Gaupne, og kanskje ikkje til kommunen heller. 

Rare greier. Det er som ein er imot noko, berre for å...ja....være imot.

Kommunen har som målsetning å legge til rette for næring, og Luster er endatil med på eigarsida av Sogn Utvikling, saman med Sognekraft og to andre kommunar i Indre Sogn.

Kritikken mot datasenter, som i mange tilfeller viser seg å være berettiga, går på at det er utanlandsk eigarskap, og at verdiskapinga dermed går ut av distriktet og landet.
Med tre lokale kommunar og Sognekraft på eigarsida, så kan iallfall den ballen leggast død. I denne omgang. Ein veit jo aldri kven som kan kjøpe seg inn i framtida, eller om kommunane ønsker å selge seg ut. Til det er å seie at Luster kommune har hatt eigendelar i både Sognekraft og Luster Energi i fleire tiår, så kvifor skulle dei brått finne på å selge seg ut av Sogn Utvikling AS?
Sognekraft er igjen eigd av kommunar i Sogn samt Eviny, tdl. BKK.

Eit anna moment er gjerne dette med støy.
Det er ikkje rart, for slike datasenter er slett ikkje stille. Vi treng ikkje reise lenger enn til datasenteret frammi Fonndøla for det. Dette er mykje mindre enn det som er planlagt på Gaupnegrandane, men her er det luftavkjøling, og det er det som lager bråk. Eller bråk og bråk....Meir ei vedvarande  ganske intens susing, uten sjarmen som eit fossefall har.

På Gaupnegrandane satser dei på å bruke vannavkjølte system, noko som visstnok skal redusere støyen fra viftene noko heilt kollosalt, uten at eg sluker den biten heilt rått. 
Det er veldig bra dersom så er tilfelle, det er iallfall nok av kaldt vatn å ta av, både i den iskalde Jostedalselva, og den omtrent like kalde Gaupnefjorden. Eg hugsar vi målte temperaturen på elvevatnet ein gang i tida. Det målte to grader, så kjøleeffekten er iallfall der.

Gaupnegrandane er derfinert som eit industriområde. På slike områder må det forventast bråk. Det er ikkje lydlaust der i dag heller, og det hadde vore eit veldig dårleg tegn om så var. At det vert klaga over støy i byggeperioden er direkte usakleg. ALL bygging medfører støy, ikkje berre bygging av datasenter. Hvis vi ikkje tåler byggestøy nederst fra Gåpnagrandane, korleis skal det da gå når COOP og Pyramiden skal sette opp sine nybygg midt i bygda? Det førstnemnde skal endatil ha ein rivingsprosess først, og noko seier meg at det ikkje blir stille heller. For ikkje å snakke om det nye helse og omsorgsenteret.... DET kjem til å høyrast i den byggeprosessen som skal pågå der.
Sjå bildet nedanfor, der COOP, Pyramiden og HOS skal byggast. 

"Jammen, det blir ikkje døgnet rundt Knut". Neida, men det skal heller ikkje byggast datasenter døgnet rundt, og støy fra viftene må sjølvsagt avklarast på førehand.

"Det er galskap å sette opp noko slikt midt i bygda". 
Vel, skal det endeleg byggast eit datasenter, så må Gåpnagrandane være midt i blinken. Det øydelegg ikkje sårbar natur, da arealet er berekna på næringsverksemd. Eg hadde vore langt meir skeptisk til den raseringa som allereie har skjedd framme ved Leirdøla kraftverk, men der var det svært få som protesterte.
Dessuten, dette er ikkje midt i bygda. Det skal skje på eit område som er berekna på industri og næring, og næraste hus er godt over 400 meter derfra.






Dette er, som vi ser, ikkje "midt i bygda". Det er så i utkant som vi omtrent kan få det. 
og hvis du lurer; Huset mitt er 823 meter derfra. Blå kryss er Pyramiden si utviding (allereie påbegynt), COOP og det nye HOS.

Om eg er ein slik entusiast ang. slike datasenter? Langt derifra.
Men eg ser fleire gode argument FOR enn imot. 
Lokalt eigarskap er det viktigaste. 

Utvikling av eit område som har lege brakk i fleire år, og som er definert som industriområde.

Arbeidsplassar. Alltid fint, om enn eg har lite tru på dei 180 arbeisplassane som vert lova på førehand. Det blir ikkje så mange, men håper eg tar feil.


Ulemper?
Åjoda.
Den største er at ein skal nytte kaldt vatn til kjøling, og så pumpe det ut att i fjorden. Da skal vatnet halde 25 grader, etter det eg har lest.
Altså.....dette er ei gedigen sløsing med energi. Vi kan ikkje la ein slik sjanse gå fra oss, for all denne spillvarmen må nyttast. Om det går til oppvarming av skular, rådhus, næringsbygg, Lustrabadet, idrettshall eller at privathus skal få kople seg på eit slags sentralvarmesystem er likegyldig. Overskotsvarmen må nyttast. Vinn-vinn.

Dessuten....Sognefjorden er under press, og det vil neppe bli bedre ved å pumpe 25 graders vatn ut i dette økosystemet døgnet rundt. 

Konklusjonen må bli: Vi kan ikkje være imot noko som vi enda ikkje veit kva er. Sunn skepsis er bra. Skremselspropaganda; Not so much. 

Vi får sjå på mangdag kveld. Skal bli interessant. Tipper det bli masse folk. Hugs at det er flytta fra kommunestyresalen til Gaupne Skule. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....

Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi