Innlegg

Viser innlegg fra september, 2023

Ein tur med toget: Gjøvikbanen.

Bilde
 Tog er interessant, og toghistorie og togpolitikk er i sanning eit fascinerande skue her til lands. Denne veka har den såkalla "Nord-Norgebanen" fått enda eit dødsstøt, etter å ha vore diskutert i mange tiår. Nå vil det sikkert gå nokre år til, så reiser debatten seg på nytt. Men i kveld blir det ingen skriving om NNB, som forresten ikkje er noko anna enn ei Tromsbane, men derimot om ein av våre meir anonyme jernbanestrekningar som framleis er i dagleg drift, nemleg Gjøvikbanen. Eg vil skrive litt om den, ganske enkelt fordi eg har tatt denne nokre ganger siste åra, men da kun fra Jaren stasjon, omtrent midt mellom Oslo S og Gjøvik stasjon. Men først litt historie: Gjøvikbanen er ganske så gammal, den vart opna heilt fram til Gjøvik i 1902. Eigentleg var det eit ønske og planar om å føre bana vidare mot Lillehammer og endatil mot Trondheim. Som vi alle veit vart jernbanen  til Trondheim liggande på Hamar-sida av Mjøsa, men det er ei anna historie. Så sidan 1902 har ikkje Gjø...

Helseforsikring.

Oppdatert 25.4.2024: Private helseforsikringar er på agendaen igjen. Fordi vår helseminister visstnok hadde slike ordningar den gang han var bedriftsleiar. Jaj, noko må pressa ha å skrive om for; Kva var problemet?  Spør du meg, så skulle det berre mangle at han hadde ein slik ordning til sine ansatte. Det er eit godt og svært effektivt personalgode som mange fleire i privar sektor burde skaffe seg. Dei fleste har helseforsikringar gjuennom arbeidsgivar, men det altså fullt mogleg å bruke kroner på å kjøpe slik ordning privat også. Eg har ein slik, og skal beholde den så lenge eg kan. Det er uaktuelt å sitte i helsekø i månadsvis, for noko som kan ordnast enkelt og greit på eit privat sjukehus. Joda, det koster nokre tusenlappar i året, men dette er penger eg gjerne bruker. Personforsikringar er MYKJE viktigare enn å forsikre mobiltelefonar og nettbrett, slik eg veit mange har.  Min historie er her: Disclaimer:  Eg får absolutt null kroner fra min tidligare arbeidsgiver G...

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....

Bilde
Oppdatert 22.4.2026: Tja, kva skal ein irritere seg over i dag da?? Vi kan begynne med enda ein person høgt på strå som har gjort dumme ting. Våre folkevalgte fortset nemleg å gjere det beste dei kan for å få oss til å miste respekten for dei. Dei siste åra har vi sett altfor mange saker, der personar som faktisk bestemmer lovene for oss, ikkje klarer å følge dei sjølv.  Sist ut er ingen ringare enn Stortingets Visepresident Morten Wold , som for eit par veker sidan køyrde i fylla. Han har hatt ryggrad til å stå for feilgrepet, og meiner han har eit alkoholproblem. Det siste er voksent gjort å innrømme. Det som ikkje er voksent i det heile tatt var jo i det heile tatt å sette seg rusa bak rattet. Sidan han har hatt førarkort, så veit han inderleg godt at vi køyrer ikkje i rusa tilstand her i landet. At promillegrensa burde være 0,00 er ein anna historie.  Det hyklerske er at han, som Frp-politiker, også er ein del av det politiske partiet som har snakka om å tillate salg av øl...

"Harastølen, heimen for dei utstøytte" bokomtale.

Bilde
Det er ikkje så ofte at det kjem ut bøker som ein har forventningar til på førehand. Eg bestilte denne leeeeenge før den kom ut nå i august. Derfor er det enda meir gledelig at vi får presentert eit verkeleg flott verk fra vår nære og lokale historie, nemleg den om det tidlegare sjukehuset oppi fjellsida ovanfor Luster. Oddrun Midtbø er fra Luster, og har endatil hatt sine arbeidsdagar på Harastølen. Det er klart at det å bu og leve så nært på ein så spesiell arbeidsplass må ha gitt inntrykk. For den som ikkje kjenner spesielt godt til Harastølen, så vart dette sjukehuset reist for over 120 år sidan, som eit ledd i datidas kamp mot den svært farlege tuberkulosesjukdommen. Det var eit gedigent byggeprosjekt, og Harastølen vart valgt grunna den friske fjellufta, som ein meinte skulle være godt for tæringpasientane.  Det å reise eit slikt bygg, med tilhøyrande infrastruktur har vore eit enormt arbeid, og det er særs interessant å følge denne dokumentasjonen som Midtbø har leita fram. ...

Valgkampens pinligaste

Rundt om i landet har det vore mange rare utspel siste vekene. Vi kan t.d. ta Oslo Krf sitt hjelpelause utspel om at " Oslo ikke skal bli Norges Amsterdam ". Som einaste parti i bystyret  gikk Krf  imot Oslo kommune sitt forslag om lokal rusreform. Ingen har kjent meir på norsk rusproblematikk enn Oslo, og nettopp derfor bør vi sjå til dei når dei kjem med forslag til gode løysingar. Men altså; Krf gikk imot. Der i gården vil ein ikkje ha noko av at Oslo skal bli eit slags Amsterdam, som om nokon har foreslått det. Det er nesten som om Krf ikkje veit kva dei snakker om, og det gjer dei vel neppe heller på dette området. Ingenting tyder på at dei gjer det. Nederlandsk ruspolitikk er sjølve kroneksempelet på kor ille det kan gå, når ein velger heilt feil strategi.  Nei, cannabis er ikkje legalisert i Nederland, men bruk og erverv er ikkje noko som politi og rettsvesen bryr seg om. Bruk er altså tolerert, men omsetning av narkotiske stoff er i stor grad dominert av kriminel...

Kommunediktator for ein dag

 På mandag er det atter ein gang kommune og fylkestingsvalg, og etterpå vil alt bli MYKJE bedre. Som om vi har det så ille nå. Det er jo eigentleg slik at norsk politikk er ganske så einsarta. Det er ikkje så stor forskjell på Rødt og Frp som ein skulle tru når ein høyrer dei snakker. I praksis er forskjellane altså heller små, endatil på desse fløypartia. Det er eit godt tegn, og viser at landet vert styrt på ein god måte, og har blitt det i mange tiår. Norge er eit godt velfungerande sosialdemokrati, og nesten heile verda kan misunne oss. Men i kveld vil eg være diktator. For ein dag. Kva ville eg ha gjort dersom eg kunne bestemt ALT? Tja....det er ikkje godt å sei. Kanskje slik??? Nytt helsesenter. Men det er allereie bestemt, så da kan eg ikkje pålegge det. Det er ikkje alle oppgåver som ein treng å være diktator for å få på plass. Elsyklar til folket! Altså, dette er så sjølvforklarande at ein ikkje treng å gå meir i detaljar. Det får være grenser for kva ein diktator må forkl...