Valgkampens pinligaste

Rundt om i landet har det vore mange rare utspel siste vekene. Vi kan t.d. ta Oslo Krf sitt hjelpelause utspel om at "Oslo ikke skal bli Norges Amsterdam".
Som einaste parti i bystyret  gikk Krf  imot Oslo kommune sitt forslag om lokal rusreform. Ingen har kjent meir på norsk rusproblematikk enn Oslo, og nettopp derfor bør vi sjå til dei når dei kjem med forslag til gode løysingar. Men altså; Krf gikk imot.

Der i gården vil ein ikkje ha noko av at Oslo skal bli eit slags Amsterdam, som om nokon har foreslått det.
Det er nesten som om Krf ikkje veit kva dei snakker om, og det gjer dei vel neppe heller på dette området. Ingenting tyder på at dei gjer det.
Nederlandsk ruspolitikk er sjølve kroneksempelet på kor ille det kan gå, når ein velger heilt feil strategi. 
Nei, cannabis er ikkje legalisert i Nederland, men bruk og erverv er ikkje noko som politi og rettsvesen bryr seg om. Bruk er altså tolerert, men omsetning av narkotiske stoff er i stor grad dominert av kriminelle, og det er sjølv oppskrifta på å lage problem. Nesten som i Oslo altså. Der har vi også latt kriminelle ta seg av ALL omsetning, med resultat at Norge er i Europatoppen av narkotikarelaterte dødsfall. Men i forskjell fra Nederland, så har vi ikkje tolerert bruk i det heile tatt.
Konklusjonen må bli at både den norske og den nederlandske modellen har feila, så gudane må vite kva poenget til Krf var. Svaret er vel at dei håper å kapre nokre ekstra stemmer på mandag. 
Til alt hell vil Krf forbli eit miniparti i Oslo, og la oss håpe det same skjer på landsbasis også om to år.


Men tilbake til det pinligaste fra årets valgkamp.

Vi treng ikkje gå langt.

Det lokale Arbeiderpartiet fant nemleg ut at det var ein god ide å sende eit debattinnlegg mot kommunens dominerande parti siste periodar, SP, i form av eit.....rim.

Dette var sikkert rasande morsomt på det interne møtet da dei kom på den eine fengande verselinja etter den andre.
Men det burde forblitt internt. Som avisinnlegg såg det berre dumt ut.
Joda, kanhende var det nokre av medlemane i Luster AP som lo av dette rimet, men det er møtt med kritikk fra ei rekke hold. Det er ganske talande at innlegget nå ikkje er å finne på Luster AP si Facebookside, for noko seier meg at det også innad i partiet var ei og anna kritisk stemme. Det kom på trykk i lokalavisa 6.9.2023, og på facebooksida finn vi debattinnlegg datert både før og etter, men dette famøse rimet er altså ikkje å sjå. Kanskje fornufta slo inn likevel, og nokon såg at dette ikkje var så morsomt ute i ålmenta.

Det er sjeldan å sjå eit slikt mageplask av eit debattinnlegg, og det verste er at alle dei som signerte jo er oppegåande, flinke og hyggelige menneske. La oss håpe at dette var eit arbeidsuhell som ikkje blir gjenteke. Eller forresten; Fortsett slik!
Tolk det slik de vil.

Igjen: Dette var sikkert morsomt på det interne møtet, og det passar nok bedre på eit lukka julebord enn som eit debattinnlegg. Eg kjem jo aldri til å stemme AP igjen uansett, og utfra reaksjonane eg har lest og høyrt var ikkje dette rimet ein valgvinnar heller.

Vel-vel, det vert kanskje tema på oppsummeringa til Luster AP seinare i haust. Uten at eg bryr meg. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden