Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2026

Topptrimmen 2026 - 2028: Vestre Austabotntind

Bilde
 18.juli var det tid for denne Topptrimmutgåvas høgaste topp, Vestre Austabotntind. Det høyres unektleg meir imponerande ut enn det eigentleg er, for "Vestre" er berre forløparen til det som er ein flott og populær klatretopp, nemleg Store Austabotntind. Men Vestre er likevel ein topp over dei magiske 2000 meter, og oppnåeleg for vanlige folk også. Det er jo nettopp derfor den er med på Topptrimmen. Denne laurdagen var det fint vær, dvs. akkurat slik det skal og må være før ein legg ut på tur i Jotunheimen. Ved ankomst nær bomstasjonen på den private bomvegen mellom Turtagrø og Årdal, så dukka det imidlertid opp eit høgst uforutsett problem; Parkering.  Det er laga til ein ganske så stor parkeringsplass nokre hundre meter før bommen, men der var det allereie fullt. Bilar overalt. Og for å gjere det ekstra krøkkete, så er det innført parkering forbudt sone i 500 m. før bomstasjonen også. Kven som skal handheve dette forbodet må gudane vite, men som dei lovlydige borgarar vi er...

Topptrimmen 2026 - 2028: Vetledalsnosi

Bilde
Hvis du skal gå fjelltur og ikkje tåler varme, så bør du halde deg heime på slike kokvarme dagar som tysdag 14. juli 2026. Etter å ha gått snart 80 toppturar, så er turen til Vetledalsnosi den EINASTE eg har vurdert å avbryte. For noko så absurd som varme og væsketap.  Meir om det seinare. Vetledalsnosi er beliggande ovanfor Nørstedalseter. Det er ein fint beliggande topp, ikkje av dei mest krevjande og forholdsvis lett å finne fram til.  Det er mogleg å parkere på Nørstedalseter, men vi er gamle og treng den motoriserte hjelp vi kan få. Derfor køyrde vi innover Vetledalen, omtrent så langt det var mogleg å komme. Det er ca. to km. innover. Her er det ein stor open plass, som eigentleg er ein fylling i høve kraftutbyggingane i området, men det fungerer fint som parkeringsplass også. Her følgjer ein den stadig meir attgrodde vegen eit par hundre meter, før ein kjem inn på sti. Denne stien fører til den DNT-merka stien til Stølsdalen eller Bøvertun. Dette er eit mykje brukt turo...

Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi

Bilde
Da er det på tide å komme i gang igjen. Vi prøver oss på ti nye toppar rundt om i kommunen i regi av Luster Turlag sin eminente "Topptrimmen". Vi er komne til toppane nr. 61-70 i mi private oppsummering, og i denne bolken startar vi forsiktig med ein av dei heller lettare turane, nemleg Vardanosi ovanfor Turtagrø. Denne toppen er kjent for fint utsyn, og er ein mykje brukt turpost for dei som liker å ha ein overkommeleg tur som ikkje varer heile dagen. Søndag 5.7.2026 fant vi ut var ein god dag for å starte denne treårs syklusen, som vi har på oss for å få alle ti toppane på plass. Vardanosi er 1410 m.o.h. og turlaget oppgir mellom ein og to timar opp til toppen. Så spørs det kor ein vil starte. Mange vil sikkert starte på tippen nedanfor Turtagrø, men med min skrale form, så må det oppvarming til. Derfor valde vi å starte på den avstengte vegen nedanfor Oscarshaug, ca. 1060 m.o.h. Denne vegen vert nytta av Hydro Energi til vedlikehold på nokre av dei mange bekkeinntaka dei h...