Topptrimmen 2026 - 2028: Vestre Austabotntind

 18.juli var det tid for denne Topptrimmutgåvas høgaste topp, Vestre Austabotntind. Det høyres unektleg meir imponerande ut enn det eigentleg er, for "Vestre" er berre forløparen til det som er ein flott og populær klatretopp, nemleg Store Austabotntind.

Men Vestre er likevel ein topp over dei magiske 2000 meter, og oppnåeleg for vanlige folk også. Det er jo nettopp derfor den er med på Topptrimmen.
Denne laurdagen var det fint vær, dvs. akkurat slik det skal og må være før ein legg ut på tur i Jotunheimen. Ved ankomst nær bomstasjonen på den private bomvegen mellom Turtagrø og Årdal, så dukka det imidlertid opp eit høgst uforutsett problem; Parkering. 

Det er laga til ein ganske så stor parkeringsplass nokre hundre meter før bommen, men der var det allereie fullt. Bilar overalt. Og for å gjere det ekstra krøkkete, så er det innført parkering forbudt sone i 500 m. før bomstasjonen også. Kven som skal handheve dette forbodet må gudane vite, men som dei lovlydige borgarar vi er, så køyrde vi berre tilbake eit par hundre meter, og parkerte på ei utkjørsel litt nærare Berdalen. Skal du på topptur, så må du klare å gå eit par hundre meter på veg.

Fra parkeringa er det så berre til å følge stien oppover mot Austabotntindane. Sidan dette er eit mykje besøkt område, er det lett å finne fram. Det er satt opp ei mengde enkle vardar oppover, og ein ser da  toppunktet omtrent heile vegen. 
Sidan ein startar på over 1300 moh. så slipper ein heldigvis å labbe omkring i skog og myr, med mygg og bladlus overalt.
Sidan mykje av turen går på stein, så kan ein ikkje forvente å finne sti overalt, men igjen; Vardar er det mange av. Dessuten vert ryggen smalare og smalare jo høgare ein kjem.

Det var forbausande lett å gå oppover. Ikkje altfor bratt til å begynne med, og mindre ur enn forventa. Det var først på dei siste 100 metrane, og ca. 40 høgdemetrane, at det vart litt meir problematisk. Her måtte vi faktisk klatre litt her og der, men vi kom da opp på eit vis. Korleis vi skulle komme oss ned att.....tja, det kunne vi fundere på medan vi var på toppen....

Det tok oss ca. to timar og 20 minutt fra bil til toppunkt. Det inkluderer diverse drikke og pustepauser, samt litt småprat med andre fjellfolk. Ein smule demoraliserande at alle dei som gikk forbi oss såg ut til å bære dobbelt så tungt, men likevel så gikk dei dobbelt så fort. Kanskje det var fordi dei var under halvparten så gamle???
Alle dei spreke ungdommane skulle sjølvsagt på klatring til Store Austabotntind, medbringande tau, sko, hjelm og kva dei nå enn har i sekkene sine. Mange var det iallfall!

Utsynet fra Store Austabotntind er sikkert magisk, men for oss vanlig dødlige var utsynet fra Vestre imponerande i seg sjølv. På nabotoppane kunne vi sjå mange fjellfolk, og med den klare dagen, så kunne vi sjå milevis i omtrent alle retningar: Fra Bleia i Lærdal, Fresvikbreen i Vik, Lodalskåpa mot Stryn, Holåtindane i Skjåk.....panorama til haugevis av kjente og etterkvart også besøkte toppar. 

Som ein bonus var det også nesten vindstille og 15 grader i sola. Slik er det ikkje kvar dag på over 2000 meter. Det var såleis ingen grunn til å stresse med å komme seg ned att. 

Men sjølv gode ting har ein ende, og etter mat, drikke og innsjekk på Ut-appen, så var det ingen veg utanom; Vi måtte ned. Nå var det viktig å ikkje ta nokon sjansar dei få metrane som var utfordrande, og med litt tolmod gikk det heilt fint. Det må også føyast til at Vestre Austabotntind ligg på ein rygg, og eg skal love at her er det luftig ned i Berdalen. På bileta lenger nede i posten ser det nok ikkje så ille ut, men tru meg; Her er det høgt ned. Til trøst for dei som ikkje liker høgder, så må ein oppsøke slike stader. Stien og vardane er plassert på trygg avstand fra ubehaglige stup.

Så var det berre til å rusle ned til vegen. Vi gikk ein smule feil da vi var komne ned fra sjølve ryggen, men da fikk vi med oss skilt om at vi var inne i ein nasjonalpark, og så fikk vi gå nokre meter på den gamle og tildekka anleggsvegen som var her fram til 30-40 år sidan. Ein liten ekstratur på 300 meter tåler vi.

Totalt vart det 8,8 km. å gå, med 735 høgdemeter. Vi var borte fra bilen i fire timar og 47 minutt, og da skal eg garantere at vi ikkje gikk fort. 
Vestre Austabotntind er ein av dei lettare 2000-meters toppane eg har vore på, noko som jo skuldast at vi byrjar på 1300 moh, og at terrenget er så snilt som det er. MEN; Det er ingen vits i å gå her hvis det er dårleg vær. Med den storslåtte utsikta, så ein gå hit på ein godværsdag.

Til slutt må vi nevne at vi fikk med oss redningsaksjonen på Gjertvasstind, ikkje så altfor langt fra der vi var. Her var det ei klatreulukke som dessverre fikk tragisk utfall. Norske fjell er ikkje til å spøke med, uansett kor erfaren ein måtte være.

Bilder:


Stravaspora mine m/profil og "fart".


Hvis ein startar litt nærmare bommen enn det vi gjorde, så vil stien lede deg forbi dette skiltet.
Vestre Austabotntind er innringa. 


Litt nærare toppen, og som vi ser er det ein og anna stein her og der. Den mislykka pila peiker mot toppen vi skulle til. Nabotoppen til høgre, Store Austabotntind, skal få være i fred for oss.


Nede ved foten av ryggen tok eg dette bildet, mest for å vise kor mykje stein det er her. Men det var altså bedre å gå enn det ser ut til. Herfra er det ca. 300 høgdemeter til toppen. 



Det er kun ein liten varde på toppen av Vestre Austabotntind, men når du er komen hit, så forstår du ganske kjapt at vidare gange er for dei vidarekomne...



Makelaust utsyn fra toppen. Vi kan sjå Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø der nede.


                Ein fjellfie høyrer med. Høge toppar så langt auga ser innover i Jotunheimen.                                                            


            Dette bildet, tatt eit godt stykke nedanfor toppen, syner at det er ein markert rygg å gå på. 


Eg måtte såklart snike meg ut på kanten for eit bilde ned på Berdalsbreen. Fjellet rett imot er Soleiebotntind, der vi var for 15 år sidan. Der SER kanskje ikkje så luftig ut, men her er det 400 meter nesten rett ned. 


                    Og til slutt eit bilde mot sørvest. Til høgre ser vi bomstasjonen på Tindevegen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.

Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....