Innlegg

Topptrimmen 2026-2028: Storaskornosi

Bilde
Tid for topp nr. fire i denne bolken av Luster Turlag sin glimrande "Topptrim". Ein særs skral værmessig juli og foreløpig også august, har lagt jakta på dei ti toppane ein smule på hylla. Gidder ikkje gå på tur i regn. Men denne laurdagen i slutten av august 2026 opna det seg eit vindauge i skydekket, og den store gule gjenstanden avla eit besøk på Vestlandet. Etter denne bedritne vår og sommaren, så bør september bli kjempebra.  Med solgløttet gjorde vi oss klar for ein tur til Storaskornosi, 1049 m.o.h. på den såkalla "Sørsida" av Lustrafjorden. Startpunkt vart valgt til å være fra Kinsedalen, så da køyrde vi, på den såkalla "vegen", opp til den skilta parkeringsplassen rett før det øverste bruket i dalen. Hvis du ikkje har vore i Kinsedal før, så bør du absolutt ikkje reise oppover her med den nyaste sportsbilen din. Eg har null peiling på kven som eig denne vegen oppover her, men den er i stor trang for ei oppgradering. Hvis det er private eigarar: S...

Topptrimmen 2026 - 2028: Vestre Austabotntind

Bilde
 18.juli var det tid for denne Topptrimmutgåvas høgaste topp, Vestre Austabotntind. Det høyres unektleg meir imponerande ut enn det eigentleg er, for "Vestre" er berre forløparen til det som er ein flott og populær klatretopp, nemleg Store Austabotntind. Men Vestre er likevel ein topp over dei magiske 2000 meter, og oppnåeleg for vanlige folk også. Det er jo nettopp derfor den er med på Topptrimmen. Denne laurdagen var det fint vær, dvs. akkurat slik det skal og må være før ein legg ut på tur i Jotunheimen. Ved ankomst nær bomstasjonen på den private bomvegen mellom Turtagrø og Årdal, så dukka det imidlertid opp eit høgst uforutsett problem; Parkering.  Det er laga til ein ganske så stor parkeringsplass nokre hundre meter før bommen, men der var det allereie fullt. Bilar overalt. Og for å gjere det ekstra krøkkete, så er det innført parkering forbudt sone i 500 m. før bomstasjonen også. Kven som skal handheve dette forbodet må gudane vite, men som dei lovlydige borgarar vi er...

Topptrimmen 2026 - 2028: Vetledalsnosi

Bilde
Hvis du skal gå fjelltur og ikkje tåler varme, så bør du halde deg heime på slike kokvarme dagar som tysdag 14. juli 2026. Etter å ha gått snart 80 toppturar, så er turen til Vetledalsnosi den EINASTE eg har vurdert å avbryte. For noko så absurd som varme og væsketap.  Meir om det seinare. Vetledalsnosi er beliggande ovanfor Nørstedalseter. Det er ein fint beliggande topp, ikkje av dei mest krevjande og forholdsvis lett å finne fram til.  Det er mogleg å parkere på Nørstedalseter, men vi er gamle og treng den motoriserte hjelp vi kan få. Derfor køyrde vi innover Vetledalen, omtrent så langt det var mogleg å komme. Det er ca. to km. innover. Her er det ein stor open plass, som eigentleg er ein fylling i høve kraftutbyggingane i området, men det fungerer fint som parkeringsplass også. Her følgjer ein den stadig meir attgrodde vegen eit par hundre meter, før ein kjem inn på sti. Denne stien fører til den DNT-merka stien til Stølsdalen eller Bøvertun. Dette er eit mykje brukt turo...

Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi

Bilde
Da er det på tide å komme i gang igjen. Vi prøver oss på ti nye toppar rundt om i kommunen i regi av Luster Turlag sin eminente "Topptrimmen". Vi er komne til toppane nr. 61-70 i mi private oppsummering, og i denne bolken startar vi forsiktig med ein av dei heller lettare turane, nemleg Vardanosi ovanfor Turtagrø. Denne toppen er kjent for fint utsyn, og er ein mykje brukt turpost for dei som liker å ha ein overkommeleg tur som ikkje varer heile dagen. Søndag 5.7.2026 fant vi ut var ein god dag for å starte denne treårs syklusen, som vi har på oss for å få alle ti toppane på plass. Vardanosi er 1410 m.o.h. og turlaget oppgir mellom ein og to timar opp til toppen. Så spørs det kor ein vil starte. Mange vil sikkert starte på tippen nedanfor Turtagrø, men med min skrale form, så må det oppvarming til. Derfor valde vi å starte på den avstengte vegen nedanfor Oscarshaug, ca. 1060 m.o.h. Denne vegen vert nytta av Hydro Energi til vedlikehold på nokre av dei mange bekkeinntaka dei h...

Trenger vi eigentleg PRIDE?

Oppdatert 30.6.2026: Vel, da var omsider juni over, sikkert til stor glede for skrotingar som har holdt ut ein månad, eller iallfall nokre dager, med diverse Pride-arrangement og diskusjonar. Tilfeldigvis har vi i denne månad også noko som heiter fotball-VM, og ikkje minst Tons of Rock. Eg nevner fotball-VM i denne samanheng, fordi det er ei hending som betyr svært mykje for mange. Fotball midt på sommaren fører også med seg tusenvis av bare overkroppar, god stemning og diverse aparte påkledningar. Ditto også på Tons of Rock der vi kunne observere antrekk som kunne gjort einkvar pridetilhengar sjalu. Minimale antrekk, overdådig smike, dvs. slik som det skal være på ein rock/metal-festival. Det vi derimot ikkje såg var sure folk. Iallfall ikkje på musikkfestivalen, men muligens det var ein og annan som såg litt mørkare på livet etterkvart som Frankrike putta på scoringar? På laurdag var vi inne i Oslo sentrum igjen for å få eit glimt av Pride-paraden. Og eg må sei; Det var ein stor og h...

Ein tur med toget: Årdalstangen - Øvre Årdal

Bilde
Vi må sjølvsagt ta med denne. Det er nemleg ikkje så mange jernbaner som har vore her i distriktet, iallfall ikkje ute i dagen. Joda, det var t.d. anleggsbaner i høve Jostedalsutbygginga på 1980-tallet, men dei var ikkje akkurat egna for ferdsel for almuen. Det var kanhende ikkje den 13 km. lange banestrekninga mellom Årdalstangen og Øvre Årdal heller, men denne spesielle strekninga må altså nemnast her. Vi snakkar altså om Årdal i Sogn. Sjølvaste utstillingsvindauget for alt som har med arbeidarrørsla og sosialdemokratiet å gjere. Årdal er å rekne som ein av våre reindyrka industristader, og har vore ein svært viktig arbeidsplass for ikkje berre Årdal, men også for alle nabokommunane.  Men det har ikkje alltid vore slik.  I gamle dagar var Årdal ei isolert og heller fattig bygd. Det var først da industrireisinga byrja for alvor at samfunnet vart det bymessige vi har i dag. Og ja, eg veit at Årdal hadde gruvedrift og tømmerdrift for nokre hundre år sidan. Men når ein held til ...

Ein tur med toget: Aurabanen

Bilde
Etter eit par års pause, og for å kople litt vekk fra diverse krig og elendigheit, er vår populære serie om underlige jernbanestrekningar på gang igjen. Eg har funne ut at det må tas med eit par strekningar til, som definitivt fortjener litt merksemd. Første bane ut er Aurabanen. Den tør eg vedde på at det ikkje er alle som har høyrt om før, men når ein har litt sære interesser, så må denne med. I dag kjenner vi Sunndalsøra som ein tettstad med ein dominerande fabrikk og dertilhøyrande aluminiumsproduksjon.  Men for å lage aluminium, så trengs det energi. MASSE energi. Derfor passa det bra at i nærleiken fins det vasskraftressursar, og det var i samband med utbygginga av desse at vi også fikk ei jernbane på ca. 22 km. opp i fjellet.  Aurabanen vart derfor i hovedsak bygd som ei anleggsbane, men da første del av bana stod ferdig alt i 1916, så var det ikkje anna råd for arbeidarane å ta seg opp på anlegga enn med desse toga. La oss berre sei at komforten i "passasjervognene" n...