Trenger vi eigentleg PRIDE?
Oppdatert 30.6.2026:
Vel, da var omsider juni over, sikkert til stor glede for skrotingar som har holdt ut ein månad, eller iallfall nokre dager, med diverse Pride-arrangement og diskusjonar.
Tilfeldigvis har vi i denne månad også noko som heiter fotball-VM, og ikkje minst Tons of Rock.
Eg nevner fotball-VM i denne samanheng, fordi det er ei hending som betyr svært mykje for mange.
Fotball midt på sommaren fører også med seg tusenvis av bare overkroppar, god stemning og diverse aparte påkledningar.
Ditto også på Tons of Rock der vi kunne observere antrekk som kunne gjort einkvar pridetilhengar sjalu. Minimale antrekk, overdådig smike, dvs. slik som det skal være på ein rock/metal-festival.
Det vi derimot ikkje såg var sure folk. Iallfall ikkje på musikkfestivalen, men muligens det var ein og annan som såg litt mørkare på livet etterkvart som Frankrike putta på scoringar?
På laurdag var vi inne i Oslo sentrum igjen for å få eit glimt av Pride-paraden.
Og eg må sei; Det var ein stor og hyggelig overrasking! Kun blide folk overalt. Og paraden? Gudbedre kor mange som gjekk i den. Vi stod i krysset der paraden kom inn på Karl Johan, og var der i nesten ein time. Vi fikk med oss dei aller første i toget, og så fortsatte det. Og fortsatte. Og fortsatte. Skulle det da aldri ta slutt?
Nei, det virka ikkje slik. Men dette var rett og slett moro å sjå på. Musikken dundra fra den eine lastebilen etter den andre. Haugevis med folk fra LGBT-miljøet, men like moro; Alle pårørande.
"Stolt mamma", var ein plakat som gikk igjen.
"Hverdagslesbe", stod det på ein.
Spesielt morsom var lastebilen fra Scandinavial Leather Men, trur eg dei kalla seg. Godt voksne menn i diverse kostymer ala Village People. Tommel Opp!!
Må også nevne vedkommande i heildekkande svart lateks drakt, med ei slags fake gassmaske. Kor varmt det var inni den drakta på denne kokande laurdagen tør eg knapt tenke på.
Og slik gikk nå paraden forbi. Alle dei "farlige" og "skumle" såg berre ut som.....ja....vanlige folk(!)
Joda, eit og anna pussig kostyme var det jo, men vi såg like "vågale" antrekk på festivalområdet til Tons of Rock, uten at ein kjeft gadd å bry seg om det der oppe. Og kvifor skulle nokon i det heile tatt gidde å bry seg? Kan ikkje folk berre få ha det litt gøy ein j***a dag i Oslos gater, i selskap med likesinna uten at nevnte skrotnissar skal bry seg?
Kommentarfelta på søppelplassen Facebook har for evig og alltid vist oss kvifor Pride så ettertrykkelig må fortsette. Såklart veit eg at mange av dei dritsure kommentarane kjem fra falske profilar som kun er oppretta for å kunne spre kvalme nå i juni, men det fins jo ein og anna konservativ løk også, som må spre eder og galle, i haugevis med kommentarfelt.
Igjen: Kvifor folk fra t.d. Kristiansand skal bry seg med ein parade i Oslo, eller om ei flaggheising i Trysil er for meg komplett uforståelig.
Hvis du ikkje tåler pride, så kan du berre la være å la resten av verda få vite det.
Så lenge kommentarfeltet går amok, så viser det berre at pride trengs, meir enn nokon gang før.
************************************************************
🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈
Det er juni 2026, og rundt om i landet er det diverse Pridemarkeringar.
Det skulle være unødvendig å forklare kva Pride er for noko, og eg gidd ikkje bedrive voksenopplæring.
Det skulle også være heilt unødvendig å markere pride, men som vi ser i diverse kommentarfelt, så ER det høgst nødvendig.
Det er, sjølvsagt, på Facebook gørra viser seg. Eikvar bedrift eller institusjon som legg ut eit eller anna om at "Nå heiser vi regnbueflagget", vil etter kort tid få besøk av vårt lands stolte representanter.
Den vanlige spy-emojien, oppfordringar til å brenne flagget, perverse krapyl m.m.m. er litt av tiraden som utfolder seg.
Som ein følge av dette, så må mange kommentarfelt begrensast.
Trist, men slik er det.
Men er det eigentleg så rart at det er blitt slik?
Joda, vi har sjølvsagt nokre skrot-kristne som ikkje forstår at vi lever i året 2026, og ikkje i året 26.
Dei om det.
Så har vi dei som er imot ALT som smaker av liberale haldningar, gjerne med eit Israelsflagg på profilbildet, kombinert med "Vaksiner dreper". Da er vi over på det som min tidlegare kollega (Skal forbli anonym) kalla for "white-trash". Desse har gjerne utdanning fra Livets Skole, evt. den vidaregåande i form av Livets Harde Skole, for ikkje å snakke om dei som har heva utdanninga til Livets Knallharde Skole.
Desse har ein tendens til å dukke opp i kommentarfelt i saker som befinn seg gjerne hundrevis av kilometer fra der dei sjølv bur.
Vi har sett det her i kommunen også, der folk fra heilt andre kantar av landet legg att nokre sure og ufine kommentarer. Gudene må vite kva interesse ein løknisse fra t.d. Elverum har av å kommentere på Luster Kommune sine Facebooksider. Eller; Det veit vi jo. Det er for å spre kvalme, og for å få litt merksemd.
Heldigvis har dei fått omtrent null respons på rælet sitt.
Men dei verste?
Det er ikkje tvil. Det er Krf.
Ein gang i tida var dette eit viktig parti for familieinteresser. Knut Arild Hareide, kvar er du nå???
Under nåværande leiing har Krf tatt ein formidabel dreining i konservativ retning. Det er å håpe at denne dreiinga på sikt vil føre partiet under sperregrensa, dvs. der dei høyrer heime.
Ein treng forresten ikkje reise til rikspolitikken for å finne konservative meiningar i Krf. Pridemarkeringa var oppe i kommunestyret for eit par veker sidan, og våre lokale representantar fra Krf utmerka seg sjølvsagt. Men ikkje på ein positiv måte.
Så; trenger vi pride??
Eit himmelropande JA. Diverse kommentarfelt fortel oss det. Og ikkje minst fortel den konservative delen av kristen-Norge oss at vi trenger pride.
Når de ikkje tåler å sjå eit flagg(!!) uten å gå amok i kommentarfelta, så beviser det berre at, joda pride trengs.
Og til alle skrotingar som meiner at det kun skal være det norske flagget i offentlige flaggstenger??
De kan komme hit til Luster. Her er det kommunens eige flagg som vaier i vinden omtrent alle dager i året, kun avbrote av nokre høgtidsdager og regnbogeflagget nokre dager om sommaren.
Hvis det er eit problem med regnbogeflagget, så er det ikkje flagget i seg sjølv som utgjer problemet. Problemet er DU som ikkje tåler å sjå det, og nettopp derfor må vi fortsatt markere pride.
🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈🌈
Kommentarer
Legg inn en kommentar