Innlegg

Viser innlegg fra september, 2026

Topptrimmen 2026 - 2028: Jakobsholten

Bilde
Luster Turlag har gjennom åras løp funne fram til 101 forskjellige toppar rundt om i vår langstrakte kommune. Søndag 27.9.2026 var det på tide å besøke den lågaste av dei alle, Jakobsholten på kun 797 moh. Toppen er samtidig den sørlegaste av dei 101, beliggande på grensa mellom Sogndal og Luster, ovanfor Kaupanger og Amlabukta. Som ein kuriositet kan vi nevne at toppen ligg over 70 km. lenger sør enn den nordlegaste av dei 101, Kupen, som på si side har berre 32 km. nordover til Geiranger. Avstanden på over sju mil fra nord til sør, fortel mykje om kor vidstrakt Luster er, iallfall til å være ein kommune i Sør-Norge. Kupen står på lista for neste år, da ein særs dårleg sommar har øydelagt mykje av turværet. På merkverdig vis, og miserabel sommar til tross, har eg klart å karre meg opp på fem av ti toppar alt nå første "sommaren". Skulle du ha sett. Jakobsholten "bestig" ein ved å starte nesten nede ved SIMAS sitt gedigne anlegg i Festingdalen.  På vegens høgste pun...

Den Nye Boka

Bilde
 Etter fleire års tankeverksemd, er eg komen godt i gang med Den Nye Boka mi.  Den første skreiv eg som ein slags terapi etter katastrofen som ramma oss i 2015. Den er utsolgt, altså ingen igjen, ifall du lurte. Den Nye Boka skal handle om noko langt meir hyggeleg: Fotball. MINE fotballopplevingar.  Om korleis det var å være middels god fotballspelar fra min første lilleputtkamp i 1975, via eit uttall turar rundt om i fylket på haugevis av fotballbaner av ymse kvalitet, og fram til eg måtte gi meg med all fotball for ca. 15 år sidan. Knea og anklane ville ikkje meir. Når eg har Den Nye Boka mi klar?  Når eg er ferdig. Til neste år kanskje?