Topptrimmen 2026 - 2028: Jakobsholten

Luster Turlag har gjennom åras løp funne fram til 101 forskjellige toppar rundt om i vår langstrakte kommune.
Søndag 27.9.2026 var det på tide å besøke den lågaste av dei alle, Jakobsholten på kun 797 moh.

Toppen er samtidig den sørlegaste av dei 101, beliggande på grensa mellom Sogndal og Luster, ovanfor Kaupanger og Amlabukta. Som ein kuriositet kan vi nevne at toppen ligg over 70 km. lenger sør enn den nordlegaste av dei 101, Kupen, som på si side har berre 32 km. nordover til Geiranger.
Avstanden på over sju mil fra nord til sør, fortel mykje om kor vidstrakt Luster er, iallfall til å være ein kommune i Sør-Norge. Kupen står på lista for neste år, da ein særs dårleg sommar har øydelagt mykje av turværet.
På merkverdig vis, og miserabel sommar til tross, har eg klart å karre meg opp på fem av ti toppar alt nå første "sommaren". Skulle du ha sett.

Jakobsholten "bestig" ein ved å starte nesten nede ved SIMAS sitt gedigne anlegg i Festingdalen. 
På vegens høgste punkt ut dit, så står det eit par hytter, og her er det god parkeringsplass. Området er mykje nytta til stisykling, og det kryr også av hjort inni skogane. 
Fra parkeringsplassen skal du gå nedover samme veg som du kom køyrande, i ca. 100 meter. Der går det ein fin skogsveg oppover, stengt med låst bom. Denne vegen deler seg eit par ganger, men da skal du gå til venstre, begge ganger.

Ca. 1,8 km. på fin grusveg er ei grei oppvarming. Når du har kryssa den einaste trebrua på vegen, så er det knappe 100 meter til, og du er komen til ein slags skogkledd rygg som ein kan følge oppover. Ein tek av grusvegen når ein er ca. 400 moh.
Her er det ingen merka sti, men hvis ein tek seg litt god tid, så er det nokre stitråkk som kan være lurt å følge. 
Det meste av terrenget består av lyng og furuskog, men det er nokre mosekledde steinurer som kan være ein smule utfordrande. Brått kan ein jo tråkke mellom to steinar som er dekka av eit tjukt moselag.
Det er også ein del stormskog etter Dagmar, eller eit av dei andre uværa som har ramma oss siste 20 åra, oppover i lia. Vi valgte å halde til høgre for det verste partiet når vi skulle oppover, og ut fra spora, så var det fleire som hadde tenkt i dei samme baner. 

Lyng kan være veldig tungt å gå i, så eit velmeint tips er å framleis sjå etter diverse tråkk som går oppover. Det kan være fort gjort å havne litt for langt sør, dvs. mot høgre når ein går oppover. Men hvis ein som sagt følger det nevnte ryggpartiet oppover, så flater det snart ut.

Det er sjølvsagt ingen markering på kommunegrensa, så her går ein berre til ein kjem til eit idyllisk lite tjern. På kartet er det markert to slike, men det første er meir som ei myrhol, og har null sjarme ved seg.

Det er slett ikkje vanleg med eit så fint topparti som på Jakobsholten. Det vesle tjernet og dei gamle furutrea gjorde at ein kjende seg meir som på skogtur bortpå Austlandet ein stad, istaden for ein topp i Luster.

På toppen, som ikkje har noko markert varde, fikk vi sjekka inn på UT-appen, før vi gikk litt vidare og såg ned att på Lustrafjorden, og innover Årdalsfjorden.

Ein liten matbit høyrde med, og igjen; Dette var rett hyggeleg!
Stille og god temperatur, og merkeleg nok ikkje ein regndråpe på heile turen. Været var tvert om fint heile vegen, noko som er ein sensasjon, når ein tenker på kor elendig det har vore i eit par-tre månader nå.

Turen opp tok oss ca. halvannan time fra bilen, og litt over fire km.

Nå var det til å komme seg ned att gjennom furuskogen, og nå var det greit å hugse kvar vi hadde gått, for i slikt skogsterreng blir det fort litt verre å orientere seg enn når ein går t.d. inni Jotunheimen på 2000-meters toppar.
Med unntak av partiet med nedfallsskogen, så gikk vi i mykje dei samme traseane som opp.

Etter tre timar og eit kvarter var vi nede ved bilen igjen. Da hadde vi vore på Jakobsholten i ein halvtime og nytt tilværet. Ein forstår derfor at Jakobsholten er ein heller grei topp.
626 høgdemeter og totalt 8,3 km, derav nesten fire på veg, gjorde også turen veldig grei.

Det som KAN by på litt utfordring er å finne fram i eit terreng og i ein skog som er heilt uvant for mange av oss. Dette er grov og gamal furuskog, tildels ganske tett. Vi stoppa 3-4 ganger for å sjekke kursen etter at vi tok av fra vegen, og det gjorde at vi fant fram utan problem. 

Oppsummert er Jakobsholten ein fin og lett topptur, ganske så enkelt forklart.


Nå er det berre dei fem lengste og hardaste toppane som står att i denne bolken av Topptrimmen. Håper på bedre vær neste sommar.

Bilder:

Stravaspora med høgdeprofil. Hvis du følger meg på treningsappen Strava, så finner du meir detaljar der.

Denne skogsvegen skal ein gå oppover. Foto tatt nede fra vegen til Festingdalen. Mrk. at bommen er låst. Det skal ikkje bilar opp her.


Kun eit bilde av furuskogen for å vise korleis sikta er oppover.

Da var vi komne på toppen. På dette bildet ser vi tilbake der vi kom fra, for ein må forbi dette tjernet for å krysse kommunegrensa og få sjekke inn i appen.

Litt skuffa over at eg ikkje såg ein einaste nøkk uti dette fine vatnet. Kanskje det var for tidlig på dag.


Fra Jakobsholten ser ein nordover mot to stk. Haugmelen. Ein av dei er besøkt, og ein av dei står for tur ved eit seinare høve.

Her deler Sognefjorden seg i Lustrafjorden, som går inn til venstre på bildet, og Årdalsfjorden. Vi skimtar Naddvik, eller Vikadalen som årdølene kallar det, på høgre side av fjorden.


Innover Lustrafjorden, og det er sjølvsagt Kinsedalen vi ser på motsatt side av fjorden. Rett til høgre for bjørka midt på bildet er Storaskorsnosi som vi besøkte i august. 



Heilt til slutt: Eg har ingen problem med å forstå at folk synes det er utfordrande å finne fram i slikt terreng. Vær tolmodig, og ikkje gå for fort nedover. Det er lett å havne på ville vegar og unødvendige mange ekstra meter å gå, hvis ein turer for fort fram.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....

Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.