Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....

Oppdatert 11.4.2024:
Vel, dei klarte det igjen. Regjeringa Støre fortsetter å grave si eiga grav, ikkje i form av uklar og svak politikk (skjønt det også), men ved at regjeringas medlemmer dummer seg ut. Gang etter gang.

Siste kvinne, som i skrivande stund torsdag 11.4.2024 kl. 2035 ikkje har gått av, er ingen ringare enn helseminister Ingvild Kjerkol. Det er heilt umogleg å forstå korleis ho kan bli sittande som statsråd etter det som lekka ut i løpet av dagen. Det er, som vel har vore klart i eit par månader nå, at det berre er eit spørsmål om tid.

Det er meg ei gåte at ho har valgt å stritte imot på denne måten. Der Sandra Borch hadde skamvett til å vedgå sin brøde, ta følgene av sine feil, og gå av omtrent umiddelbart, så har Kjerkol gjort det stikk motsatte. Ho har endatil hyra inn ein toppadvokat på området, for å bistå seg ein smule.

Vel, ABSOLUTT ALT har nå gått feil.
Det er antagleg kun timar igjen før ho trer av, anten frivillig eller ved at Støre gir ho fyken. Det er han nødt til. AP kan ikkje leve med ein minister som har juksa til seg ein mastergrad. Håper eg.

Om det grunn til å føle ein SMULE medynk med Kjerkol, Støre og Ap generelt? Niks. Dei får akkurat det dei fortjener. Juksemakarar på dette nivået fortjener all den pes dei får. Vi snakker om ei  regjering, som har jakta på "juksestudentar" med lys og lykt, så da er det berre rett og rimelig at dei får smake sin eigen medisin. Vi må liksom forvente litt bedre av vår utøvande statsmakt.

Men alt er ikkje svart! For i AP-bastionen Trøndelag har Kjerkol framleis full tillit!
Eller: Ho hadde iallfall det.
Tidlegare i dag.
Endatil ETTER at lekkasjen var eit faktum.



Det er ganske godt gjort å ha "full tillit" til ein juksemaker, men her er dei altså, AP-bastionen Trøndelag.

Vel-vel. Lykke til mot valget neste høst, som de skal vinne. Akkurat nå ser det stusselig ut, med ei måling som viser at AP er landets tredjestørste parti. Det må være lov å sei at strategiane som blir valgt i dette partiet ikkje ser ut til å lykkast fullt ut.

Heldigvis.

La oss håpe dei fortsetter på samme vis.


*******************************************************************



Oppdatert 11.3.2024:
Norske toppolitikarar er gaven som gir og gir. Om enn ikkje på den måten dei ønsker det sjølv.

La oss i kveld ta ei kjapp lita oppsummering, og vi ser at hykleriet er ekstra sterkt i einskilde kretser.

Første mann ut, om ikkje av dei verste i kveld, er tidlegare Oslo-ordførar og Høgremann de luxe. At han også er utdanna jurist, kan jo også være verdt å ta med seg.
Han "stiller spørsmål" som det heiter i konspiratoriske krester, om tildelinga av midlar til Utøya.
Joda, kanskje han tenker på statsråd Brenna, som det brenn meir og meir under beina på for kvar dag som går.
Men dette utspelet fra Stang var berre tåpelig. Ikkje på nivå med dei som kjem lenger nede i dagens post, men det kan jo tas med. Han forstod det nok sjølv, at det var ganske dumt det han hadde skreve, for neste dag sletta han innlegget. Facebook-posteringar er ikkje alltid like smarte.


"Men kva med hykleriet da Knut"

Here goes....
Eg har tidlegare skreve mykje om dobbeltmoralen fra dei politiske partri som fortsatt vil ha eit forbuds og strafferegime ovanfor brukarar av (dagens) illegale rusmiddel.


Nordland AP var dei verste i så måte. Etter å ha nedstemt forslaget til den konservative og forsiktige rusreforma tilbake i 2021, så gikk dei på hotellrommet og bøtta nedpå. Under nedstengningstida...
Dette er berre ein av mange grunner til at eg ALDRI skal stemme AP, slikt hykleri er til å få fnatt av.
















Ein treng forresten ikkje være drita full AP-mann for å være ein hyklar. Kjell Ingolf Ropstad viste det så godt. Denne kristne og konservative avholdsmannen(?) angra nok sikkert på at han juksa med reiserekningane sine i si tid. Kanskje han tenkte at dersom han klarte å jukse med ei reiserekning, så klarte han å jukse med ....to?? 

Og så har vi den berømte hytteturen til SP-toppane, der ingen har hatt stake til å vedgå at dei sende grisemelding til sin daværande partileiar. Ein av hyttegutta er framleis i regjering, og det er igjen ganske så dobbeltmoralsk at SP vil straffe og forby andre rusmiddel, når dei sjølve drikk seg til idioter på hytta. Hadde dei sendt rundt hasjpipa istaden, så hadde dei garantert ikkje oppført seg slik.



















Nei, alkohol er ikkje til å spøke med, ein gjer liksom så mykje dumt når ein er påvirka av dette farlige rusmiddelet. Ein kan i tillegg bli i overkant "lysten", slik som ein av Støre-regjeringas mest forgløymlege medlemmer gjorde på sommarfesten. Gjelsvik fikk heldigvis ein kort karriere i regjeringa, men den var uansett for lang, sommarfest eller ei.

 

Her er eit velmeint tips til Gjelsvik og alle andre fulle menn i SP: Kutt ned på drikkinga, de gjer enda meir dumme ting enn de gjer i edru tilstand.


Men den verste sparer vi til slutt. Norsk politikks verste nisse er ute av det prestisjefylte vervet som komiteleiar, ikkje ein dag for tidleg. At denne komplette ubrukelige mannen kunne bli justisminister er det som Erna Solberg aldri kan bli tilgitt for. Men nå er det forhåpentligvis slutt for han også. Saman med Ola Borten Moe, "og alle hjerter gleder seg". 
Per Willy Amundsen har markert seg som straff og forbudsmann ovanfor ALLE rusbrukarar enn dei som drikker. At han i tillegg i ÅREVIS uttaler seg i svært nedsettande ordlag om kvinner og muslimer vart berre prikken over "I-en". Forhåpentligvis ser vi han ute av Stortinget også til neste høst.

Det var jo veldig beleielig å skulde på for mange whisky ein sein kveld, før han la ut idiotiet sitt før helga. Per Willy var neimen ikkje sikker på om han verkeleg hadde skreve dette her, men måtte noko motvillig vedgå at det sikkert hadde vore han. Kven skulle det ellers ha vore? Underforstått; Han hadde vore så full at han ikkje hugsa kva han hadde gjort, da han vakna opp neste dag. 
Så full var han altså, men til tross for det, så var innlegga skreve på godt og feilfritt norsk. 
Dei fleste fulle personar eg har sett skreve, har ikkje akkurat vore velformulerte...

Det attstår såleis ein adskillig meir truverdig forklaring:
Per Willy var slett ikkje så full, berre såpass at han mista nokre hemningar, og skreiv det han faktisk meinte. DET hadde vore ei bedre og meir truverdig forklaring.

Men nå er toget gått, PWA er ute som komiteleiar, ironisk nok irettesatt av partileiar Listhaug, som sjølv måtte gå fra ein ministerpost etter å ha skreve dumme ting på.....Facebook.

Frp skal dessverre framleis ha komiteleiaren i justiskomiteen, og eitt navn er peika ut som mulig etterfølgar, og du kan altså ikkje "make this shit up".
Mannen som er foreslått er Helge Andre Njåstad, tidlegare Frp-topp, men degradert etter å ha dumma seg ut for fire-fem år sidan.

Som ny leiar i justiskomiteen, trekker Frp altså fram ein mann som måtte trekke seg fra alle verv etter ein lekkasje i ein metoo-sak, samt at også denne gnomen hadde juksa med reiserekningar. OK, han har ikkje fått vervet enda, men berre det at han vert nevnt, er ille nok.

E  R    D E T   M U L I G ??


Kva har alle desse omtala personane i kveld til felles?
Jo, dei er alle menn. Dei er urnorske, kvite, vellykka menn i vaksen alder, som alle har gjort tåpelige ting, anten edru eller aller helst i alkoholpåverka tilstand. Desse vellykka menn fastset lover og regler for oss andre i landet, og så oppfører dei seg på denne måten. Er det rart at vi får avsmak for politkarar når dei oppfører seg slik?
Når vi ser AP, SP og Frp toppar oppføre seg slik, så forstår vi at; Jo vi trenger verkeleg fleire lovlige rusmiddel. Iallfall eit par som ikkje får vellykka, middelaldrande kvite menn til å oppføre seg som idioter. Dersom dei omtala kvite herrane hadde tatt seg ein hasjblås istaden, så hadde dei garantert oppført seg bedre. Hadde dei tatt ein lapp LSD eller ein munnfull fleinsopp, så kunne dei faktisk hatt eit sanseleg utbytte av det også.

Igjen: Hykleriet og dobbeltmoralen er så ein får fullstendig avsmak for dei. Gudbedre for ein gjeng.

***********************************************



Oppdatert 12.2.2024:

Det er ikkje ofte at ein einaste mann kan sei så mykje dumt når ein sitter som minister, men vår ganske så ferske landbruksminister klarer det.
Og for å være heilt ærlig, så er ikkje slike uttaler morsomme lenger. Joda, i begynnelsen var det ein smule artig, om enn sikkert ufrivillig, men det går ei grense. Geir Pollestad har gått fra å være ufrivillig klovn, til å bli regjeringas nye, lause kanon på dekk.

Skal vi begynne med denne grove saken fra i fjor? 

Eg har sagt det før, og seier det igjen: Dette er politistatmetoder. Dette er slikt som totalitære samfunn kan drive på med, men ikkje ein demokratisk rettsstat.
Og dette har vi altså sittande i regjering.....gudbedre.

Pollestad sine klovnerier fortsatte i fjor høst, da han ba avisa med ut i skogen før å framstå som ein tøffing. Eller redneck.

VG sin opningssetning er heilt fantastisk:

Det røde krysset er mitt. Dette er ikkje tøft. Det er berre dumt, all den tid Pollestad ikkje har lov til å gå på jakt eingang. Posering på denne måten er....igjen; Berre dumt. Samt ufrivillig morsomt.



Så klarte han det igjen nå i helga. 



Vi kan alle gjere tabber. Det veit vi godt om denne regjeringa, og den forrige også for den saks skuld.
Men det er forskjell på tabber, og å være heilt fullstendig frakopla fra kva hans eiga regjering meiner. Til alt hell har han fått ein korrigering fra sin regjeringskollega, samt slakt fra alle andre politiske parti. 

Oppsummert, etter desse tre korte sakene, så lurer eg heilt ærlig på om han er kompetent til å være i regjering. Ingeting tyder på det. Vi må forvente eit visst minimum av kunnskapsnivå av folk som sit som statsråd.
Vi er forhåpentligvis kvitt Ola Borten Moe, og håpet må være at Geir Pollestad også snart forsvinn.
*******************************************************


Oppdatert 20.1.2024:
(Opprinnelig lagt inn som eigen post, men med såååå mange politikarar som dummer seg ut for open scene, så trur eg vi må ha ein eigen samletråd. Så ille er det altså blitt)
*******************************************************

Ok, denne posten kunne ha havna i den etterkvart ganske så lange "popcorn-posten" min, men dagens hendingar, samt nokre tidlegare mageplask, fortjener ein eigen post. Eg kunne såklart også tatt med toppsjefen for Arbeidstilsynet, som går på dagen grunna dårleg arbeidsmiljø(!!!). Og vi har vel ikkje gløymt NSM-sjefen som også gikk på dagen, grunna ulovlig lån??

Men dagens gedigne mageplask slår det meste.


Først og fremst:

E R  D E T  M U L I G ?

Såklart det er.
Vi snakker om den svakaste og mest vanstyrte regjering eg kan hugse å ha sett her til lands. 

Ein av SP sine få attværande flaggskip er så korka at ho har takka ja til ein stilling som forskning og utdannings(!)minister, ti år etter at ho har plagiert si eiga masteroppgave. Les: Juks.
Her hadde SP ein av sine beste folk, som overtok jobben etter ein enda verre løknisse, Ola Borten Moe, kjent som ivrig aksjehandler og hytteturdeltaker m/grise-SMS til sin eigen partileiar, og absolutt alt går galt.

Sandra Borch, ein av svært få SP-toppar det var mulig å ha ein viss sans for, har altså juksa på si masteroppgave. Som om ikkje det er nok, så slår hennar departement ned med hard hånd på alt juks, og har havna i rettsapparatet grunna mistanke om plagiat blant studentar. 

Igjen:

E R  D E T  M U L I G?

Etter ei altfor lang rekke med minstrar som har trakka i salaten, så kunne vi som velgarar snart fortjent ein smule anstendigheit blant våre aller øverste politiske elite.
Men neida.

Det er sjølvsagt sterke reaksjonar, bl.a. fra Sylvi Listhaug, noko som er smått ironisk, med tanke på hennar tid i regjering....ikkje mindre enn fire statsrådpostar rakk ho å inneha i løpet av dei seks åra Frp var med i regjering. Den siste fikk ho berre nokre veker før dei gikk ut av regjering. "Det var som å komme ut av eit fengsel", sa ho den gang. Eit skikkelig ille fengsel må det ha vore, med tanke på at ho altså takka "ja" til posten som Olje og Energiminister, fem veker før...
Hykleriet  er til å ta og føle på.


Men litt tilbake til postens tema:
Betegninga "gråsvart regjering" er ikkje fordi ministrane er grå og kjedelige. Nei, vi har altså ei regjering som skulle tenke "miljø i alt vi gjør".
Og som nå opner for gruvedrift på havbotn oppi nord.
Og som deler ut 62 nye lisensar for å leite etter olje og gass på norsk sokkel.
Og som synes det er OK å dumpe nokre millioner tonn gruvestein uti Førdefjorden.
Og som seier konsekvent nei til å utrede kjernekraft.
Og som ikkje klarer å ta inn over seg ein Høgsterettsdom ang. vindmøller på Fosen.

Altså, eg er ingen miljøfantast, men det er openbart langt mellom det som blir sagt, og det som blir gjort. Så jo; Betegninga den "gråsvarte" regjeringa, den står seg.

Det er ikkje eit snev av grønt her. Dessuten, kva kan vi kalle ei regjering som utlyser 62 nye leitelisenser, om ikkje "svart"? Det "røde" vart avretta den dagen Støre og AP sa nei til rusreforma.
Vårt viktigaste velferdsparti sa "nei" til eit livreddande tiltak for nokre av våre svakaste. 

Det er dessverre ikkje høve til å utlyse nyvalg til Stortinget her i landet. Akkurat nå er det veldig synd, for maken til ubrukelig gjeng i regjeringskontora har eg som sagt aldri sett før, og eg har fulgt så nokolunde med på norsk politikk siden eg var på barneskulen. 


Men det O Store Spørsmålet må jo bli; Kvifor er det blitt slik? Med regjeringsmedlemmer som jukser, lyg og svindler? (Erna Solberg-fans skal ikkje le for høgt, det var nok av politiske krumspring i  hennar regjering også)
I denne regjeringa må det skuldast svak leiing. Eg finn ein viss skadefryd at det skjer, all den tid AP sitt politiske svik våren 2021. Dei får akkurat som dei fortjener, og det er ingen grunn til å synes synd på Støre og hans mannskap. Null medynk whatsoever.
La oss håpe det viser seg på meiningsmålingane og ikkje minst til neste Stortingsvalg.


September 2025 kan ikkje komme fort nok. 

****************************************************

....politiske skandaler, og ikkje minst toppolitikarar som ikkje klarer å følge lover og regler, og som openbart mangler eit slags moralsk kompass. Evt. sunn fornuft.

Eit lite tilbakeblikk avslører mange slike, ALTFOR mange. Joda, vi har hatt politiske skandaler før i tida også. Kings Bay i 1963 t.d. var jo ein gedigen slik, og ingen skal fortelle meg at det ikkje var diverse skandaler før den tid også.
Vi har sett diverse snusk fram mot 2000 også, men forskjellen sidan den gang er at det liksom er blitt.....fleire....
Dropen som fikk begeret til å flyte over vart den siste historia med Erna Solberg sin ektemann. Ein tenker; Er det mogleg? Og ja, det er det visst.

Bakover i historia er det imidlertid slett ikkje berre Solberg sin mann som har trakka i salaten. Det er altfor mange, og vår nåværande regjering har hatt sin andel.

Kun for nokre veker sidan hadde vi ein "Solberg-light"-versjon, da utanriksministeren Huitfeldt måtte stå skulerett. Hennar ektemann hadde også handla aksjer, om enn ikkje i samme omfang som Sindre Finnes hadde gjort. Dog; Prinsippet er akkurat det samme.
Vi hadde Ola Borten Moe, som var dum nok til å handle aksjer på eiga hand, i sin posisjon som statsråd. Det er ikkje berre uaktsomt, det er regelrett idiotisk, og det er klart at slike uduglige folk kan ikkje inneha statsrådspostar. Det er forhåpentligvis siste gang vi ser han i politikken. Ubrukelig i jobben sin, og grådig etter pengar.....ikkje ein god kombinasjon som statsråd.

I habilitetssakene i sommar vart det også nokre tårer, da ein av AP sine beste politikarar, Anette Trettebergstuen, viste seg å ha vore litt for ivrig til å gi gode jobbar til venner. Det er meg ufatteleg at ein så dyktig politikar kan finne på noko sånt. Ho måtte også pakke sammen.
Det slapp Tonje Brenna nokre veker tidlegare, merkeleg nok. Det var enda ein av AP sine kommande stjerner, og ein av dei AP-politikarane eg verkeleg hadde sans for. Gudane skal vite at det er ikkje altfor mange av dei. 
Samme regjering hadde også eit kort besøk av Hadia Tadjik, for den som hugsar det. Pendlerboligrot sørga for at også denne dyktige politkaren måtte gå, etter berre nokre månader. 
Eller kva med Odd Roger Enoksen, som etter "gamle synder" også måtte rydde kontoret. I motsetning til Tadjik, Brenna og Trettebergstuen var det imidlertid ikkje noko sakn.

Støre-regjeringa fikk ikkje akkurat ein "flying-start", da den nyvalgte Stortingspresidenten, Eva Kristin Hansen, OGSÅ hadde blitt litt for grådig og snuska med pendlarreglane. Kun seks veker i jobben som Stortingspresident vart det, for kort til å bedømme om ho var brukande i jobben. Utfra det vi har sett fra regjeringa dei siste to åra, så tillet eg meg å tvile.

Men før vi utviser altfor stor skadefryd, la oss sjå på kva medlemmer i Solberg-regjeringa presterte å få til.
Kva med Kjell Ingolf "klarer du ett svangerskap, så klarer du to" Ropstad? Også her vart utsiktene til lettvinte og urettmessige kroner for fristande, og han måtte gå som følge av, you guessed it, rot med pendlerbustad og fradrag på skatten.
Solberg-regjeringa hadde ellers eit heilt menasjeri av klovnar i form av justisministrar fra Frp, der opptil fleire av dei klarte å finne på dumme ting. Tor Mikkel Wara og hans kone Laila Bertheussen er noko av det mest absurde eg har sett i norsk toppolitikk. Såklart måtte han gå av, da også denne statsrådens ektefelle gjorde mildt sagt dumme ting. Ikkje i eigen økonomisk vinning slik som i tilfella Erna Solberg og Anniken Huitfeldt, men som ein slags hinsides reaksjon på eit teaterstykke(!). You really can`t make this shit up.

But wait, there`s more! i rekka av justisministrar fra Frp. Såklart det er. Eit kort intermezzo med Per Sandberg var underholdande nok, sjølv om det vel var noko seinare han og kjæresten tok seg ein tur til Iran. Med tjenestetelefon....Jada, eit av verdas mest totatlitære land fikk besøk av ein minister, som brukte tjenestetelefonen, fra den norske regjeringa i Iran. Da er du berre himmelropande naiv. 

Den beste, eller rettare; verste i Solberg-regjeringa si tid, er likevel Sylvi Listhaug, som presterte å legge ut eit ba-bu innlegg på Facebookprofilen sin, der ho meinte at AP satte terroristar framfor rikets sikkerhet. OK, det var hennar politiske rådgjevar som skreiv det, men det hjelper jo lite. Etter kun to månader i justisministerstolen var det over og ut.
Listhaug innehadde fem statsrådpostar i løpet av seks år i regjering, den siste fikk ho i desember 2019, og i januar 2020 gikk Frp ut av regjeringa. "Det var som å komme ut av eit fengsel" sa ho da. Men ho klarte likevel å takke ja til fem statsrådposter, den siste altså kun fem veker tidlegare.

Ein av dei andre medlemmene i Solbergregjeringa var Søviknes, som har ein av dei heller stygge forhistoriane som norsk politkar. Hans historie med ei mindreårig på byrjinga av 2000-talet er ikkje noko anna enn fæl. Korleis denne mannen kunne bli belønna med statsrådpost er meg ei gåte. 

Det same gjelder forsåvidt også nåværande forsvarsminister Gran, som var ein av grisegutta i SP som var på hyttetur, og sendte grisemelding til sin partileiar. Sju toppar fra SP i Trøndelag var på hyttetur, og ingen av smågrisene har hatt ryggrad til å vedgå at dei gjorde det. At Ola Borten Moe var med på hytteturen overrasker vel neppe. 

Forutan direkte stygge saker som den med Søviknes, så har vi meir sære tilfeller som den med Bjørnar Moxnes fra i sommar. Det er smått ironisk at ein partileiar fra Rødt tusker til seg solbriller fra luksusmerket Hugo Boss. Skikkelig revvlushonær holdning der altså. 
Vi kan heller ikkje unnlate å nevne kommunalminister Gjelsvik sin tur på sommarfest, der han openbart fikk litt for mykje innabords. Det å "råkline" med ein av sine medarbeidarar er forsåvidt ein uskuldig sak, men smart er det jo ikkje.


Eller Trond Giske....mannen som burde, kunne og skulle fått AP opp fra grøfta. Vel, når ein må tafse litt for mykje, så kan ein gløyme denne redningsbøya, forhåpentligvis for alltid.


Eg har ikkje tatt med meir perifere politikarar som t.d. Rune Øygard eller Tonning Rise. La oss berre sei at desse treng eit kurs i korleis ein oppfører seg ovanfor sine kollegaer. Det same kan vi også sei om Frp-sin toppkandidat i Oslo nå i høst,Lars P. Solås, eller Ulf Lerstein for å nevne enda ein.

Eit godt råd må være å la drikkevarene få stå i fred, noko spesielt gjelder Nordland AP som braut karantenereglane i coronaperioden og laga sjalabeis på hotellrommet. 
Eller vi kan ta ein Bård Hoksrud, og gå på markedet i Riga. Med "marked" meiner vi dessverre ikkje ein butikk der du kjøper ei vare, men ein stad der du kjøper "tjenester". Til Hoksrud sitt forsvar kan vi likevel sei at han er ein av dei få på dette nivået som klarte å framstå som ein truverdig, angrande syndar. 



Det verste?
Det er at dette berre er dei siste åra. Joda, Søvikhistoria er eldre, men den fikk slike triste utfall, og nå gjer han endatil comeback som ordførar. Det er f**n ikkje til å tru.


Alle desse historiane gjer verkeleg sitt til at det sliter med tilliten til våre toppolitikarar. Når endatil statsministeren har sitt å svare for, så er eigentleg alt håp ute. Joda, eg er sikker på at både Solberg og Huitfeldt angrer som hundar og muligens kjenner seg ført bak lyset av sine ektefeller, som Tor Mikkel Wara også må ha tenkt, men det hjelper ikkje. For meg er det uforståeleg at Huitfeldt framleis kan sitte som utanriksminister, og at Solberg kan fortsette som Høgreleiar, noko som jo øydelegg mykje for sjansen til regjeringsskifte om to år. På den andre sida er to år ei heil æve i politikken, og større returar har skjedd før i politikken. Klokare folk enn meg meiner det er ok at dei får fortsette, men for ein legmann, er det heilt uforståelig.

Det er nok nå. Når våre toppolitikarar dummar seg ut som dei gjer, gang på gang, så får eg berre avsmak av heile systemet. Sunn fornuft ser ut til å være heilt bortreist. Når ein sit som statsråd, så må det være forbudt å handle enkeltaksjer, og det samme må gjelde for ektefeller. Ein skulle tro at landets politiske elite ikkje trengde eit forbod i ei så opplagt sak, men det gjer dei altså.
Aksjefond er nå så sin sak, men regelrett grådigheit og spekulering som vi har sett avslørt i det siste, er ikkje til å leve med. Slike folk må vi ha vekk politikken, skal vi klare å oppretthalde tillit til vårt politiske system. Pendlar og habilitetssakene gir også uttrykk for ein grådigheits og vennekultur som ikkje er til å leve med. 

Dersom eg hadde juksa med mine reiserekningar da eg jobba i forsikringsbransjen, så hadde eg fått fyken på dagen. I vårt politiske system derimot, så må det gravast fram av media den eine skandalen etter den andre. Det fortel oss at noko er fundamentalt galt med eit kontrollsystem som legg opp til noko slikt. Tillitsbasert? Joda, men når våre lovgivarar ikkje eingang kan følge dei lover som dei sjølve har vore med på å lage, så vert tilliten broten.

Igjen: Det er nok nå.








Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden