FV 55, Nes - Høyheimsvik

Oppdatert 11.6.2024:

Kor lenge kan ein Adam være i paradis?
Tja, eit par år kanskje?

Etter store oppslag om at NÅ(!) var den miserable vegen mellom Nes og Høyheimsvis klar for utbedring.....

.....så gikk det eit år utan at det skjedde noko, deretter avisoppslag om at heile greia er utsatt. Joda, det er gått rykte om utsetting, men inne på vegeigars nettside om dette prosjektet, er det ikkje noko nytt sidan desember 2022....

Vel, at ting har blitt dyrare det forstår vi jo, og det er fint å ha høgare rentenivå å skulde på. Skal vi tru denne avisartikkelen, så er det imidlertid ingen fare for prosjektet, det er berre utsatt.

Såklart.

Inntil maskinene er i gang med anleggsarbeidet, så må trykket haldast oppe. I så måte kan det være verdt å applaudere det lokale Arbeiderpartiet, og gudane skal vite at det er det slett ikkje kvar dag eg gjer. I denne saka har dei imidlertid gjort ein god jobb.
Det er langt meir enn vi kan sei om ordføraren, som i det samme avisoppslaget meiner at vi ikkje skal øydelegge naturen med å få veg med gul midtstripe gjennom kommunen. Dvs det stikk motsatte av det kommunen har jobba for i nokre tiår nå: Gul midtstripe fra Årøyane til Sognefjellet, eller i det minste til Skjolden. 
Det er eit særs dårleg signal når ein ordførar fra Luster nå seier at vi ikkje treng ein såpass god vegstandard innover fjorden. Det skal visstnok øydelegge naturopplevinga, noko som er ironisk all den tid at SP i regjeringsposisjon gjer det stikk motsatt av å bevare natur, flora og fauna. Det einaste grønne med dette partiet er fargen på partilogoen deira.

Kanskje meiner ordføraren at vi kunne klart oss med noko mindre ala "Hellamodellen"?
Tja, fleire møteplassar hadde ikkje vore å forakte, men det å fjerne nokre flaskehalsar vil nok være langt bedre.

Personleg kunne eg tenkte meg to køyrefelt og gang/sykkelveg i tillegg, fra  Nes til Luster, men slike råflotte prosjekt kan vi vel berre skyte ei kvit pil etter nå. Får vi nokon gang oppleve gul midtstripe til Skjolden? Neppe i mi levetid, all den tid det ikkje er utbetra veg fra kommunegrensa til Sogndal i særleg grad siste 35 år. Og med slike slike politiske signal som kom nå, så må vi kanhende vente enda lengre.

Særs skuffa, over både utsettinga og ordførarens uttaler.

********************************************

Oppdatering, 30.8.2023:
Det er meg ei stor glede å sjå at det skjer noko med denne sørglege vegstrekninga innover fjorden.
Sidan denne posten vart skreven i mars, så har det faktisk skjedd noko!

Neida, det har ikkje skjedd noko med vegen i seg sjølv, men det er oppmuntrande når det på vegeigars sider er framdrift i arbeidet. Plan klar tidleg neste år, og oppstart samme år.... det er nesten for godt til å være sant.

Sidan eg skriv om denne første gang, så har det iallfall blitt klart at utbetringa skal gå fra Nes kyrkje og inn rett forbi Luster Grønt. Strekninga er 3,2 km, akkurat som eg målte opp med både sykkel og bil for ei tid tilbake.
Sidan det var bevilga mellom 90 og 200 mill NOK, så bør det bli ein bra vegutbetring, og da har eg ikkje ein gang tatt med prisveksten som har vore sidan prosjektet fekk sine bevilgningar.
La oss sei eit svært forsiktig anslag på 5% prisstigning, berre for å være konservative, og vips så har vi mellom 94,5 mill og 210 mill å bruke.

Det skulle være mogleg å lage bra veg av det.

La oss rekne litt vidare på det.
Hvis vi bruker 94,5 mill på 3,2 km. veg, så vert det ein meterpris på ca. kr. 29 500,-
Hvis vi bruker 210 mill på 3,2 km. veg, så vert det ein meterpris på ca. kr. 65 600,-

Eg tør påstå at det må bli bra.

Med tanke på kor mykje massar som sikkert må skiftast ut, kor mykje breiare vegen må bli her og der, samt at det må sprengast vekk "ein og annan" bergnabb, så tror eg MULIGENS ein landar nærare 210 mill enn 94, men kva veit vel eg?

Det viktigaste er at vegen BLIR utbetra, og hvis eg kan få komme med eit hjartesukk, gjerne med ein liten gang/sykkelveg også, skjønt DET blir vel å håpe for mykje. Dog; Skulle det skje, så skal eg iallfall trille på den så fort snøen er borte derfra. Ser ingen grunn til å lage kø, og irritere bilar meir enn høgst nødvendig. Føretrekk å sleppe dei forbi.
Men halvgamle hobbysyklistar er ikkje viktigaste årsaka til at eit eit felt for gåande/syklande hadde vore bra. Eit tilrettelagt felt for mjuke trafikantar, spesielt barn, vil glede spesielt dei som bur og ferdast langs vegen til dagen.
ALL vegbygging i 60-sone og nedover burde legge opp til eigne felt for dei mjuke trafikantane.

Så om det vil få kostnaden opp til 200 mill, istaden for 90.....SO BE IT!


Og til slutt; Ikkje la det stoppe her. Utbetringa MÅ fortsette like inn til Skjolden, og deretter Fortun. Men om eg får oppleve det i mi levetid....? DET er ei anna historie.

Fint å sjå at dei politiske partia står på for å utbetre denne elendige vegen, så da blir det nok orden på det :-)
Da er det sikkert på tide å minne om at ALLE politiske parti i Luster framfor valget i 2011(!) gjekk inn for bygging av ny veg og bru mellom Espe og Gjerde i Jostedalen. Det var endatil på ein kommunal veg, så da skulle det være enda enklare å få på plass.
Ikkje er det så innmari lang strekning det er snakk om heller, skjønt ei skikkelig bru vil jo koste kroner.

Men ein gang/sykkelveg med tilhøyrande kul hengebru ala den bort til Wittgenstein, kunne kanskje vore ei løysing for turistar og fastbuande som vil ta seg ein runde "Krekane Rundt"???



Problemet var at alle ville ha dette på plass FØR valget, og ETTER valget skjedde det.....null.


Neida, vi har ikkje gløymt det som ALLE ville ha den gang, men i dei politiske programma nå, så ser eg altså fint lite om det som altså ALLE lokalpartia ville ha på plass way back i 2011.

Det såg i det minste fint ut i valgbrosjyrene....

La oss håpe at vegen innover Lustrafjorden ikkje skal li samme lagnad, og det trur eg faktisk ikkje skjer. Heldigvis.

*******************************************************************


 Eg har køyrt mange km. i dette landet. På vegar av svært ymse slag og kvalitet, og har sett det eine vegprosjektet etter det andre komme på plass.

Innvik-Olden t.d. køyrde eg mange ganger ein periode,og  OMSIDER så vart dei da ferdige med den geitestien der, i si tid omtala som "Norges verste veg".

Eg kan også dra fram RV 13 fra Kinsarvik og sørover til Odda, som nok må være eit skuleeksempel på korleis ein ikkje skal bygge veg. Fem km. geitesti (igjen), fem km. strålande flott veg, tre km. kjerreveg, tre km. autostrada....
Altså; Hvis du begynner på eit vegprosjekt, så gjer det ferdig!! 


Men av alle vegar eg har køyrt, så er det svært få som har vore like elendige som det vi har i vår eigen kommune, berre fire km. fra der eg bur.
Joda, her snakker vi om FV 55 fra Nes og innover til Skjolden, og gjerne til Fortun og for den saks skuld. 
Etter at vi fikk gul midtstripe mellom Gaupne og Sogndal for 35 år sidan, (etter 30 års byggetid) så skulle ein vel håpe at ein tofelts veg kunne gnage seg vidare  innover fjorden også???

Neida.

Vi fikk nokre hundre meter på Nes på slutten av 1980-talet var det vel, symbolsk nok slutta det ved Nes kyrkje.
Luster kommune gikk også inn og forskotterte Gullringtunnelen for snart 20(?) år sidan, og det var dessverre høgst naudsynt. På akkurat den strekka var, og er, det svært rasfarleg, året rundt. Det veit da vi som har sykla den gamle vegen.

Så der fikk vi altså eit par km. fin veg.
Ellers, dei to siste mila har stort sett vore av ymse kvalitet. Joda, det fins nokre brukbare strekningar her og der, men også ei mengde med flaskehalsar de luxe.

Gleda var derfor stor da Vestland fylke for eit par år sidan bevilga midlar til iallfall deler av strekninga, som sårt treng ei oppgradering. 
Det er ikkje til å komme fra: Deler av Nes-Skjolden er noko av det mest miserable stykke asfaltert veg eg har køyrt på i heile landet. 
I første omgang skal det planleggast for oppgradering av Nes-Høyheim, utan at eg akkurat forstå kor mange km. det vil bli. Med ei bevilgning på mellom 90 og 200 mill NOK; så skulle det være råd å bygge litt brukbak veg iallfall.
Kanskje det kunne blitt Hella-modellen, billig utbetring på flaskehalsane, men det er adskillig lengre og dårlegare veg innover Lustrafjorden enn til Hella. Og det seier ikkje lite.
Dermed er vel ikkje Hella-modellen aktuell.

Så kva håper eg på?

Jo, i går var eg på sykkeltur innover til Badeplassen, og på veg heim så oppdaga eg ein del stikk og diverse oppmerking fra Høyheimsvik og til Nes kyrkje. Kunne det være.....at det er i gang ei planlegging ute i felten alt?

Det kunne ikkje være noko anna. Det kan ikkje være andre svar enn at dei første steg på ein skikkeleg veg fra Nes kyrkje og innover er i gang. 

Personleg kunne eg ønska meg gang og sykkelveg innover, da eg gjerne liker å sykle adskilt fra biltrafikken. Men det er vel å kreve for mykje. Det viktigaste må tross alt være å få ein farbar veg for bilane, spesielt i sommarmånadane med open veg over Sognefjell og greier. 

Utfra det eg kan lese i dei sparsommelige opplysningane som er kome så langt, så er det no ein såkalla planfase, så skal det vel utarbeidast diverse prosjekt, innhentast anbod og gud veit kva. 
Kan det være å håpe at vi får ein ny og skikkeleg veg heilt inn til Høyheim, uten at eg er 100% sikker på kor det er... Ved Luster Grønt kanskje??? Kanskje arbeidet kan starte til neste vår?? 

Dernest får vi inderleg håpe at utbetringa ikkje stoppar der. Vi kan ikkje ha ein kopi av vegbygginga i Sørfjorden, det er berre for dumt.

Utbetringa må fortsette heilt inn til Fortun, og tilslutt påkopling på den nye stamvegen mellom Bergen og Trondheim som dei nye Sognefjellstunnelane vil være ein del av....

Men det skjer vel ikkje i mi levetid.

Uansett: Dette er ein start, på det som utvilsomt er ein av landets verste vegstrekningar.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden