Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi

Da er det på tide å komme i gang igjen.
Vi prøver oss på ti nye toppar rundt om i kommunen i regi av Luster Turlag sin eminente "Topptrimmen".

Vi er komne til toppane nr. 61-70 i mi private oppsummering, og i denne bolken startar vi forsiktig med ein av dei heller lettare turane, nemleg Vardanosi ovanfor Turtagrø. Denne toppen er kjent for fint utsyn, og er ein mykje brukt turpost for dei som liker å ha ein overkommeleg tur som ikkje varer heile dagen.

Søndag 5.7.2026 fant vi ut var ein god dag for å starte denne treårs syklusen, som vi har på oss for å få alle ti toppane på plass.
Vardanosi er 1410 m.o.h. og turlaget oppgir mellom ein og to timar opp til toppen.

Så spørs det kor ein vil starte. Mange vil sikkert starte på tippen nedanfor Turtagrø, men med min skrale form, så må det oppvarming til. Derfor valde vi å starte på den avstengte vegen nedanfor Oscarshaug, ca. 1060 m.o.h. Denne vegen vert nytta av Hydro Energi til vedlikehold på nokre av dei mange bekkeinntaka dei har rundt omkring i området. Bommen er låst, så det er ikkje noko vits i å prøve seg med bil vidare. 
Dette er forresten ein veg som fint kan syklast, dersom ein ikkje gidder å gå ned til der stien startar. 

Jo, såklart fikk vi nå litt lengre å gå, men vi fikk færre høgdemeter og ein rolegare start enn om vi hadde starta 200 høgdemeter lengre nede. 

Uansett: Du følgjer vegen ned til du ser skilt til Vardanosi. Da er du på toppen av enda ein tipp fra kraftutbyggingas dagar på 1950 og -60 talet. 
Herfra er det definitivt slutt på veg, og all tanke om å sykle til topps kan du iallfall gløyme. Stien byrjar her ganske så bratt. Du skal nemleg opp 60 høgdemeter på under 200 meter. Det er rimelig heftig, men så er da også det verste over. Stien er merka og openbart ein del brukt, så her er det lett å finne fram. Elva må kryssast ovanfor bekkeinntaket som du går forbi, men nå var det så lite vassføring at det var problemfritt. 
Og så lurer du kanskje på kor langt du må gå, før du bryt av mot venstre opp mot Vardanosi??

Vel, du går til ser skiltet. Det betyr ca. ein km. fra øverste tippen. Derfra er det berre til å følge merkinga oppover, i forholdsvis lett og oversiktlig terreng. Ein knapp halvannan km. til, og du er på toppen. Det er også mogleg å fortsette rett fram mot Nausanosi, men det står skilt til Vardanosi, kun 100 meter fra toppen, så det er bortimot umogleg å ta feil her.

Enkelt og greit. Sti og merking, det blir nesten FOR lett :-) Neida, det er akkurat passe. 

Da vi kom opp, så kom det jammen meg eit snøkast. Det forsvant heldigvis like fort som det kom, men om ikkje anna så øydela det all utsikt. Vind og snø på 1400 m.o.h. er ingen god kombinasjon, så det var berre til å komme seg nedover. 200 meter lenger nede i lia var det fint vær, og ly for vinden, noko som var ein passande anledning for ein matbit.

Turen ned att til bilen gjekk om mogleg enda lettare enn turen opp. Vi brukte ca. halvanna time fra bil til topp, og litt under ein time nedatt. Heile turen var på 7,8 km. og vi fikk dryge 600 høgdemeter ut av dagen. 

Oppsummert: Vardanosi er ein fin topp å starte med, i fall du har lite erfaring med toppturar fra før. Merkinga er god og det er stort sett lett å gå hvis ein har ein smule grunntrening. Det vil bli fleire høgdemeter og eit lengre bratt parti dersom ein velgjer å starte fra tippen nedanfor Turtagrø, men det får kvar einskild bestemme. For vår del er vi nå i gang med ti nye toppar, og så får vi sjå korleis sommaren blir i Lustrafjella.

Bilder:


Stravaspora våre. Den primitive "T-en" er da Turtagrø.



Høgdeprofil. Dei to kryssa markerer h.h.v. kor stien startar og sluttar. Kvar ende av grafen er grusveg, noko ein også ser på fartskurven, dvs. den blå streken. Liksom litt lettare å halde jamn fart på veg enn i terrenget.


Her er vi rett ved Sognefjellsvegen. Vi parkerte her, og følgde den avsperra vegen til fots heilt til enden. Det går fint å sykle her, men vær obs på at du skal opp att nesten 100 høgdemeter når du skal heim....
Vardanosi er den markerte runde toppen, litt til venstre i bildet.



Litt nærmare....



Og der!! ser vi faktisk varden på toppen. Det er ca. 2,2 km. i luftlinje, men du må forvente i underkant av fire km. å gå dersom du starter her.


Opp mot Gjesingane er det tydleg sti, og så går du berre innover til du finn dette skiltet. Ikkje bli frista til å ta av før. Det er ingenting å spare på det.



Ca 100 meter før toppen på Vardanosi kjem du til dette skiltet. Vardanosi er til venstre. Fortset du rett fram, så havnar du på Nausanosi. 



Rakk såvidt eit bilde av varden på toppen. Som vi ser vart utsikta øydelagt av tre minuttar drittvær. Uflaks. Eller udyktig. Vi kunne jo ha gått på ein finare dag. Yr lova oss sol og greier.




Usle 200 meter nedanfor toppen var været heilt noko anna. Snøkaven var blåst bort (bokstavlig talt), og det vart høve til ein avslappande matbit med dertilhøyrande utsikt til Sognefjellsvegen og kjende fjell.














Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.

Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....