Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2026

Ein tur med toget: Årdalstangen - Øvre Årdal

Bilde
Vi må sjølvsagt ta med denne. Det er nemleg ikkje så mange jernbaner som har vore her i distriktet, iallfall ikkje ute i dagen. Joda, det var t.d. anleggsbaner i høve Jostedalsutbygginga på 1980-tallet, men dei var ikkje akkurat egna for ferdsel for almuen. Det var kanhende ikkje den 13 km. lange banestrekninga mellom Årdalstangen og Øvre Årdal heller, men denne spesielle strekninga må altså nemnast her. Vi snakkar altså om Årdal i Sogn. Sjølvaste utstillingsvindauget for alt som har med arbeidarrørsla og sosialdemokratiet å gjere. Årdal er å rekne som ein av våre reindyrka industristader, og har vore ein svært viktig arbeidsplass for ikkje berre Årdal, men også for alle nabokommunane.  Men det har ikkje alltid vore slik.  I gamle dagar var Årdal ei isolert og heller fattig bygd. Det var først da industrireisinga byrja for alvor at samfunnet vart det bymessige vi har i dag. Og ja, eg veit at Årdal hadde gruvedrift og tømmerdrift for nokre hundre år sidan. Men når ein held til ...

Ein tur med toget: Aurabanen

Bilde
Etter eit par års pause, og for å kople litt vekk fra diverse krig og elendigheit, er vår populære serie om underlige jernbanestrekningar på gang igjen. Eg har funne ut at det må tas med eit par strekningar til, som definitivt fortjener litt merksemd. Første bane ut er Aurabanen. Den tør eg vedde på at det ikkje er alle som har høyrt om før, men når ein har litt sære interesser, så må denne med. I dag kjenner vi Sunndalsøra som ein tettstad med ein dominerande fabrikk og dertilhøyrande aluminiumsproduksjon.  Men for å lage aluminium, så trengs det energi. MASSE energi. Derfor passa det bra at i nærleiken fins det vasskraftressursar, og det var i samband med utbygginga av desse at vi også fikk ei jernbane på ca. 22 km. opp i fjellet.  Aurabanen vart derfor i hovedsak bygd som ei anleggsbane, men da første del av bana stod ferdig alt i 1916, så var det ikkje anna råd for arbeidarane å ta seg opp på anlegga enn med desse toga. La oss berre sei at komforten i "passasjervognene" n...