Ein tur med toget: Aurabanen
Etter eit par års pause, og for å kople litt vekk fra diverse krig og elendigheit, er vår populære serie om underlige jernbanestrekningar på gang igjen.
Eg har funne ut at det må tas med eit par strekningar til, som definitivt fortjener litt merksemd.
Første bane ut er Aurabanen.
Den tør eg vedde på at det ikkje er alle som har høyrt om før, men når ein har litt sære interesser, så må denne med.
I dag kjenner vi Sunndalsøra som ein tettstad med ein dominerande fabrikk og dertilhøyrande aluminiumsproduksjon.
Men for å lage aluminium, så trengs det energi. MASSE energi. Derfor passa det bra at i nærleiken fins det vasskraftressursar, og det var i samband med utbygginga av desse at vi også fikk ei jernbane på ca. 22 km. opp i fjellet.
Aurabanen vart derfor i hovedsak bygd som ei anleggsbane, men da første del av bana stod ferdig alt i 1916, så var det ikkje anna råd for arbeidarane å ta seg opp på anlegga enn med desse toga. La oss berre sei at komforten i "passasjervognene" neppe hadde blitt godkjent i dag.
Aurabanen hadde sitt startpunkt på fabrikkområdet ned ved sjøen, og gikk først innover Litldalen ca ei mil. Bana hadde da kome seg ca 180 moh. men det var framleis langt att, iallfall i høgdemeter. Det vart derfor etablert ein togheis opp det svært bratte fjellet, og opp til neste stasjon "Topp Heis". Derfra gikk skinnegangen i anlagt fjellhylle, som må være noko av det mest spektakulære som er laga av norske jernbaner. Kun Flåmsbana kan måle seg med dette.
Ei ny mil tok arbeidarane inn til dei store anlegga inne i fjellheimen.
Som sagt var dette helst ein anleggsbane, og da anleggstida var forbi, og bilane byrja å melde sin ankomst, saman med den mest like spektakulære Aursjøvegen, så var det ikkje behov for jernbane lengre. Siste del av bana vart nedlagt i 1954.
Nede i dalen er mykje av traseen attgrodd og brukt som veg, men den heilville biten fra "Topp Heis" og inn til demningane er framleis godt synlege i terrenget. Her kan ein gå eller enda bedre, sykle, gjerne som ein del av ein runde på heile Aursjøvegen.
Det fine med denne uvanlege strekninga er jo traseen oppe i fjellsida, som framleis er både synleg og farbar. Det kan finnast spor etter diverse bygningar, og ikkje minst etter togheisen.
Kraftutbygging var atter ein gang årsaka til at ein bygde denne banestrekninga. I dag hadde det sikkert aldri blitt bygd noko slikt, og når behovet ikkje var der lengre, så var det like greit å fjerne heile greia. I dag kunne det nok vore ein slags turistattraksjon av dei sjeldne, men det får vi aldri vite.
Skinnegangen på anleggsbana sin øvre del, var neppe av høgaste kvalitet. Her ser vi eit av dei små lokomotiva, med såkalla passasjervogner, på den 750 mm. smalspora bana. Vi ser at HMS-arbeidet var av anna slag den gang. Foto henta fra Norsk Jernemuseum.



Kommentarer
Legg inn en kommentar