Ein tur med toget: Årdalstangen - Øvre Årdal

Vi må sjølvsagt ta med denne. Det er nemleg ikkje så mange jernbaner som har vore her i distriktet, iallfall ikkje ute i dagen. Joda, det var t.d. anleggsbaner i høve Jostedalsutbygginga på 1980-tallet, men dei var ikkje akkurat egna for ferdsel for almuen. Det var kanhende ikkje den 13 km. lange banestrekninga mellom Årdalstangen og Øvre Årdal heller, men denne spesielle strekninga må altså nemnast her.

Vi snakkar altså om Årdal i Sogn. Sjølvaste utstillingsvindauget for alt som har med arbeidarrørsla og sosialdemokratiet å gjere. Årdal er å rekne som ein av våre reindyrka industristader, og har vore ein svært viktig arbeidsplass for ikkje berre Årdal, men også for alle nabokommunane. 
Men det har ikkje alltid vore slik. 
I gamle dagar var Årdal ei isolert og heller fattig bygd. Det var først da industrireisinga byrja for alvor at samfunnet vart det bymessige vi har i dag. Og ja, eg veit at Årdal hadde gruvedrift og tømmerdrift for nokre hundre år sidan.
Men når ein held til langt inne i fjordane, så har ein også tilgang til vasskraft, og det var nettopp det som gjorde at det kom på plass dei store metallverka der. Som vi har sagt før; Produksjon av metall treng energi. Veldig mykje energi.
Og så var det i gang.

Eit stort problem i Årdal var imidlertid kommunikasjonen mellom dei to sentra Øvre Årdal, der smelteverka vart etablert, og Årdalstangen, der råstoffa kom inn med båt. Det var snakk om kanalisering av elva mellom fjorden og Årdalsvatnet, men til slutt landa ein på at det måtte byggast veg. Det skulle vise seg å bli ei tøff utfordring i dette ville landskapet. Dessuten kom det noko som heitte "krig" og "okkupasjon", og dermed også drivstoffmangel. 
Vegen mellom dei to bygdene låg der nærast til ingen nytte, så kva fant okkupasjonsmakta da på? Jo, dei anla ei 900 mm. jernbane fra havneområdet og opp til fabrikkane i Øvre. Tog kunne gå på kol, og det var det nok av. 
I 1942 stod den primitive bana klar, og toga kunne begynne å tøffe seg avgarde. Det vart anlagt fleire industrispor på både Øvre og Tangen, og ein eigen stasjon for å frakte tunge deler til fabrikkoppføringa i Øvre. Den dag i dag kallast dette området visstnok for "Jernbanetomta", enda det neppe har vore eit tog der på mange tiår. 

Bana mellom bygdene fekk ikkje noko langt liv. Kun eit par år vart den liggande, for så var jo krigen slutt og industrireisinga i landet byrja for alvor. 

Mellom Årdalstangen og Øvre Årdal har det forlengst kome ein adskillig bedre veg, mykje liggande i tunnel, og ein kan knapt forestille seg at her har det vore ei jernbane. 

Men det er framleis spor og minner etter bana. På Tangen kan ein framleis gå i traseen oppover mot vatnet, og på 1990-tallet vart eit lite lok henta opp fra fjorden og restaurert. Loket hadde gått utfor kaien eingang på 1950-tallet, men står no, dessverre litt gøymt, bak ein butikk på Årdalstangen. Spør du meg, så hadde det fortjent ein bedre plassering, men det høyrer med til historia at butikken kom etter at loket var plassert.

Med tanke på dei enorme godsmengdene som vert frakta mellom fabrikken i Øvre og kaien på Tangen, så kunne det kanskje ha vore plass for ei godsbane den dag i dag. Den måtte imidlertid ha gått i tunnel i mange kilometer, og det er sjølvsagt  heilt uaktuelt å bygge nå.

Jernbanen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal er dessverre eit litt gløymt kapittel i vår viktige industrikommune. Kort levetid og bygd av okkupasjonsmakta kan nok være mykje av årsaka. 

Det er ikkje så veldig mange bilder å oppdrive av jernbane i Årdal, men Årdal Sogelag har gjort ein fin jobb med å dokumentere tidlegare tider. Dessverre er mykje av den gamle vegen/bana avstengt for folk. Det er veldig synd, for det hadde vore ein aldeles spektakulær gang/sykkelveg. Er det lov å håpe på noko slikt ein gang i tida? Neppe.

Den raude linja illustrerer grovt kvar jernbanen i Årdal gikk. Mrk. at ingen av dagens lange tunnelar var bygd på den tid, og eg tipper at både veg og bane var rimeleg hefta med ras og skred.


Med slik natur, så var det berre spørsmål om NÅR ein ny veg med tunnel ville komme. Dette bildet, henta fra Årdal Sogelag, er datert 1943. Det har ikkje vore god plass for bil og bane på denne traseen nei...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Da har det gått TI år.