Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.
Oppdatert 9.6.2026:
Ein har køyrt fra Gardermoen til Otta. På E6, dvs. ein av landets viktigaste ferdelsårer. For bil.
Kva såg vi der? Jo, det var mykje rart.
La oss ta det positive først, noko som betyr strekninga opp til Hamar.
Her er det anlagd ny og fin veg, og skulle du sett; Det er endatil nokre nye og flotte jernbanespor!
Motorvegen er fin for oss som skal køyre bil vidare til stader der det ikkje går tog, og den nye dobbeltspora strekninga vil bety hyppigare avgangar, med kortare reisetid.
Men fra Hamar og nordover skjer det noko rart. Medan vegen fortsett i stort sett god standard, så forsvinn jernbanespora på mystisk vis. Rettare; dei har ikkje fått nye spor.
Når vi køyrde vidare over mjøsbrua, så kunne vi sjå at her var det store samferdselsanlegg på gang. Her var det openbart at det skulle byggast meir!
Da kunne vi kanskje tru at det var eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane Nor? Kanhende det endelig skulle byggast jernbane mellom Lillehammer og Gjøvik? Det er tross alt usle 103 år sidan Stortinget vedtok ei slik bygging.
Neida.
Dei dryge fire mila mellom Gjøvik og Lillehammer skal framleis betjenast med bil.
Det kan jo også tilføyast at medan vi har hatt bilbru over Mjøsa i over 40 år, så klarer vi framleis ikkje å bygge ei jernbanebru over det samme strekket i 2026. Da kunne vi spart oss 25 km. med jernbane, for vi hadde fått ei samanknytning mellom Gjøvikbanen og Dovrebanen omtrent på Rudshøgda ein stad.
Men vi klarer altså å utvida eksisterande veg fra Biri og forbi Lillehammer for milliardar....
Vidare oppover Gudbrandsdalen er E6 forbetra mykje dei siste åra. Det går fort å komme seg til Otta nå til dags. Joda, det er nokre flaskehalsar her og der, nokre tettstader vi skal innom, men i det store og heile er det veldig fint å være billist.
Så kjem vi til kommunegrensa mot Sel.
Her fortset den fine nye vegen rett fram, men den er ikkje ferdigstilt. Nå er det byrja å vokse busker og kratt der som det er bygd veg for fleire millionar for nokre år sidan.
Og det er da ein tenker: Er det mulig??
JA, det er det. Vi snakker norsk samferdselspolitikk her, og da er det ingenting som overrasker lenger.
Det er altså påbegynt, ein ny fin veg dei siste kilometer oppover mot Otta, og så har arbeidet vorte stoppa.....vegen er der. Men den er ikkje opna. Ganske enkelt fordi det ikkje var bevilgningar til å sluttføre den neste parsellen.
Det er altså ikkje til å fatte.
Og medan vi køyrde den nye vegen nordover, i jamn fart på 110 km. i timen, på nylagd veg, så ser vi innimellom ned på Dovrebanen. Dei nye rettstrekte dobbeltspora opp til Hamar kan vi berre sjå langt etter her. Fra Hamar og nordover køyrer jernbanen på stort sett den samme traseen som vart anlagd da strekninga Hamar - Otta opna for trafikk i.....1896....for 130 år sidan.
Ok, hvis vi verkeleg meiner noko med å legge til rette for jernbanen, så må vi iallfall ha spor å køyre på, som er tilpassa vår tid. Både Gjøvikbanen og nordre del av Dovrebanen køyrer altså på over 100 år gamle trasear, medan vi har bygd dei samme vegstrekningane ut til motorveg....
Når eg blir samferdselsminister, så skal det byggast dobbeltspor fra Hamar og til Dombås, samt at Gjøvikbanen skal forlengast til Lillehammer. Sistnevnte slik at vi kan få lokaltrafikk mellom desse to byane, og ikkje minst som ein beredskap i fall noko skjer på Dovrebanen mellom t.d. Minnesund og Lillehammer.
Kvifor vil vi ikkje satse på jernbanen? Antagligvis fordi det ikkje er evne til det. Nåværande samferdselsminister, saman med sine ca. 50 andre forgjengarar, har aldri hatt visjoner for jernbanedrift i dette landet. Medan resten av Europa bygger ut supereffektive banenett, med planar om å knytte heile kontinentet saman med jernbanespor, så sitter vi her og bevilgar astronomiske summar til vegbygging og atter vegbygging. Hell, vi klarer ikkje ein gang å sikre dei farlige vegstrekningar vi har, fordi vi bygger enorme vegprosjekt rundt om i landet istaden.
Toppen av kransekaka ser vi når vi ikkje ein gang klarer å bygge dobbeltspor på vår desidert viktigaste godsbane fra Narvik til Kiruna. Dette er ein av kun TO norske byar som EU har med på sitt enorme kart over viktige banestrekningar. Og må vi føye til: Vi har heller ikkje klart å knytte Ofotbanen til det norske banenettet, utan å måtte køyre ein omveg på ca. 24 timar via Sverige.
"Men vi er ikkje med i EU". Nei, eg veit, men det er heller ikkje Sveits, og noko seier meg at det er eit og anna fjell og dalføre som må kryssast der også. I Sveits er det derimot VILJE til å satse på jernbane, som det er i resten av det kontinentale Europa også. Europa ser kor viktig jernbanen er, medan vi her i landet køyrer på over 100 år gamle traseear.
Det kjem kanskje av at vi ikkje har pengar her i landet.
******************************************
Oppdatert 16.12.2025:
Vel, da har nye E16 over, eller rettare; gjennom, Sollihøgda opna for trafikk. Det skjedde visstnok i dag, og er garantert ei fin julegave for alle dei som har stått i kø der. Meg sjølv innbefatta, dog mange år siden nå.
Eg unner alle i køfolket å slippe desse meiningslause timane, og så får vi sjå kva som bli neste store, ferdigstilte vegprosjekt i området. Det pågikk ein smule arbeid på E18 fra Sandvika og inn mot Oslo, såvidt eg fikk med meg i sommer....
Men, dette er da ikkje eit underleg skue? Ferdigstilte motorvegar er da noko som mange av oss setter pris på? Joda, men vi som har levd ei stund husker sikkert at det skulle byggast ny jernbane mellom Sandvika og Hønefoss, og at dette skulle være eit samordningsprosjekt med den nå nyopna vegen.
Da skulle ein vel tru at jernbanen også stod ferdig i dag?
Men den er ikkje ein gang påbegynt.
Og det forteller oss svært mykje om kor neglisjert norsk jernbanebygging er blitt. Joda, vi har Follobanen, Askerbanen og Gardermobanen som nokre nye prosjekt siste tiåra, men dette har vært utvidingar og supplement på det allereie eksisterande banenettet. Høgst påkreva også.
Men Ringeriksbanen? Ingenting har skjedd. Bygginga er utsatt og utsatt, og ingen klarer å få satt arbeidet i gang.
Ei jernbane mellom Sandvika og Hønefoss var første gang omtalt på 1890-talet(!!), for over 130 år siden. På den tid hadde vi to sporvidder og to hovedstasjoner i Kristiania, så eg kan forsåvidt forstå at det ikkje skjedde meir den gang. Vi fikk faktisk to banestrekningar fra Kristiania til Hønefoss til slutt, ei via Drammen, Hokksund og Vikersund, og den andre som ei avgreining fra Gjøvikbanen på Roa. Men ein treng berre ta ein kikk på kartet for å finne ut at det er ingen som gidder å reise fra Hønefoss til Oslo via desse gedigne omvegane. Lettare å ta bilen over, og nå igjennom, Sollihøgda.
Fra slutten av 1800-talet, så skjedde det ikkje all verda på Bergensbanen i form av forkortingar før på 1960-tallet. Da kom Ulriks- og Arnanipatunnelen på plass, vi fikk Liertunnelen, og det var også forventa at Ringeriksbanen skulle komme den gang. Det vart diskutert fram og tilbake i Stortinget, og så, i 1992 vart omsider Ringeriksbanen vedtatt bygd. Det var da gått ganske nøyaktig 100 år sidan ideen dukka opp første gang.
Problemet med vedtaket var imidlertid at det aldri vart bevilga kroner til sjølve bygginga. Dei fine orda om at vi kunne forvente byggestart seinast i 1997 var ikkje verdt noko som helst.
Sidan den gang har det blitt lagt fram den eine utredninga etter den andre, bl.a. med byggestart i 2019. Hint: Det skjedde ikkje. Vi fikk byggestart på ny E16, men jernbanefolket satt igjen på perrongen.
Kor ligg saka nå??
Jo, prosjektet vart overført til selskapet Nye Veier AS, og det er atter håp om at Ringeriksbanen skal bli realisert. Ein gang. Det er nemleg heller ikkje nå bevilga midlar.
Det blir likevel parodisk når vi ser korleis nåværande og tidlegare regjeringsmedlemmer skuldar på kvarandre ang. den manglande framdrifta. T.d. satt Jonas Gahr Støre og masa på regjeringa Solberg om at nå måtte Ringeriksbanen bli bygd, den gang AP satt i opposisjon.
Nå er det Ap som sit med makta, og det er Solberg som klager på at arbeidet ikkje er igang.
Det verste? Nå vil ikkje AP bygge bana i næraste framtid likevel.
Om den i det heile tatt blir bygd. Her i landet er det bilen som er det viktigaste, slik som vi nå ser på vegopninga på E16. Motorvegen er ferdigstilt, og fellesprosjektet vart det aldri noko av.
Det er meg ei gåte at Ringeriksbanen ikkje er på plass samtidig. Vi veit jo at det å drive store byggeprosjekt kan bli betydleg billigare og meir effektivt når vi tek det i eitt. Ny E6 og ny jernbane langs Mjøsa er gode eksempel på at det går fint an.
Men den over 130 år gamle planen om Ringeriksbanen må altså vente. Kanskje for alltid.
**************************************************
Oppdatert 14.11.2025:
Det skjer eit eller anna med politikarar når dei er i opposisjon: Det blir så lett å komme med lovnader, som så viser seg veeeldig vanskelig å holde. Vi har sett mange eksempel på det, ikkje minst på samferdselsområdet nå i høst. Regjeringspartiet måtte visst halde fram med sine gratis ferjeruter likevel, medan Stad Skipstunnel har fått enda eit nådeskudd.
Det eg lurer mest på er korleis det er å være med i eit styringsparti som vert avslørt i slike løgnhistoriar.
Såklart er dette eigentleg ikkje dei største og viktigaste sakene for landet, men reint prinsippielt må ein da vri seg i stolen når ein vert så grundig avkledd. Grunn god nok til å ikkje ha politiske ambisjonar for min del.
Men la dei vri seg, og la dei krype til korset og betale for gratis ferjeruter.
Gratis ferjeruter gir oss også merkverdige utslag innimellom, ikkje minst her i vår eigen kommune, Luster. Her har vi ei ferjestrekning igjen, Urnes - Solvorn. Det er ein sjarmerande tur om sommaren, og eg har tatt den mange ganger, om enn mest med sykkelen.
Turen tek ca. 20-25 minuttar, og på den måten sparer vi oss for dryge sju mil i bil. La det også være sagt at kun ca to av dei sju mila har gul midtstripe. Resten er det vi må kalle typisk "Vestlandsveg", og det er ikkje noko ærestittel. Fra Nes Kyrkje og til Urnes er ca. fem mil, og ein skal være usedvanleg heldig dersom ein klarer den turen på under timen med bil. Spesielt på sommarsdagen.
Det merkverdige utslaget av regjeringas "gratis ferje", er at det slett ikkje er gratis å ta ferja mellom Urnes og Solvorn. Det er fylkesveg på begge sider, men vi må likevel betale. Kvifor? Nei, ingen av dei eg har spurt veit svaret. Det næraste eg har kome, er at det må være fordi det er mogleg å køyre rundt... Vi skal nemleg ikkje ut til ei øy, dette er berre ei fjordkryssing, med vegsamband til omverda på begge sider av fjorden. At det fort tek halvannan time å køyre rundt på den før omtala Vestlandsvegen, og at vegen mellom Urnes og Skjolden til tider er stengt grunna ras(fare) er liksom ikkje så nøye.
For meg er det uforståeleg at ikkje denne fine ferjeturen skal være like gratis som det å ta turen over til ei øy, når det er Vestland Fylke som eig vegen på begge sider av fjorden.
Så må ein jo også nevne at snart kjem verdsarvsenteret på Urnes . Da skulle ein vel tru at infrastrukturen vart oppgradert til å tåle dei stadig større publikumsmassane som ein må forvente?
Neida.
Ingenting tyder på at det kjem ei større ferje, og definitivt ikkje noko utbedring av den tre mil lange vegstrekninga til Skjolden. Kaiområdet i Solvorn er fint, men praktisk er det lysår fra å være. Om sommaren råder kaoset, og med verdsarvsenteret på plass, så blir det neppe bedre.
Og ikkje få meg til å sei noko om kaiområdet på Urnes.....
Dette er altså berre enda eit eksempel på underleg samferdselspolitikk i dette landet: Ingen gratis ferje fordi det er mogleg å køyre sju mil rundt på dårleg veg, og kaiområder som er tilpassa trafikk på 1960-tallet.
Joda, velbekomme den som skal ta ferja med bubilen sin her om nokre år.....
Ellers: Lenge sidan sist oppdatering, det handlar berre om prioritering fra mi side. Det er masse å ta av når det gjeld norsk samferdselspolitikk. Håper på hyppigare oppdateringar, nå som det snart er vinter og greier.
********************************************
Oppdatert 11.8.2025:
Kva tenker du på, når du leser ordet "fjord"? Jo, ein lang arm av havet innover i landet, utforma av brear, gjerne med høge fjell på sidene og som er ganske så djup.
Kva tenker du på når du høyrer ordet "deponi"? Jo, det forbinder vi gjerne med ein lagringsplass, kanhende for avfall?
Når vi setter dei to orda i sammen, så får vi ordet "fjorddeponi", dvs. ein lagringsplass i fjorden. Eller rettare; Ein avfallsplass i fjorden. For det er nemleg det som realitetane. Eit fjorddeponi er ein dumpeplass for ting du vil bli kvitt. Før i tida brukte vi fjordar og djupe innsjøar til å kvitte oss med regelrett søppel og skrot, men dei tider er iallfall forbi. Nå til dags bruker vi ordet "fjorddeponi" når det skal "lagrast" stein der, gjerne fra tunnelar under bygging.
Eller fra gruvedrift, slik som vi nå ser i Sunnfjord. I vår starta som kjent gruvedrifta opp i Engebøfjellet, og med det var det klart for å dumpe opp til 170 millionar tonn med stein ut i ein fjord. I eit såkalla "deponi".... Ved å bruke ordet "deponi", så kan ein få inntrykk av at det er eit "depot", dvs. eit lager for bruksgjenstandar. Men det er det jo ikkje. Massar som blir tømt ut i ein fjord vil såklart aldri bli henta opp att for å bli brukt på nytt. Derfor burde vi kalle det for for "fjorddumping", evt. "fjordavfall".
Hvis du nå lurer på kva i all verda dette har med samferdselspolitikk å gjere, så er det openbart at all denne steinen burde vore nytta på heilt anna vis. Stein er ein ressurs, som kan nyttast til så mangt. Joda, eg veit at det som kjem ut fra ei gruve ikkje er som massar som kjem ut fra ei vanleg tunnelbygging, men det burde da kunne nyttast til eit eller anna? Kva med å lage enkle turvegar for fotgjengarar og syklistar langs trafikkerte vegar? T.d. mellom Førde og Naustdal, ikkje så veldig langt ifra Engebøfjellet.
Det ville sjølvsagt kosta adskillig meir enn å berre dumpe avfallet ned i fjorddjupet utan å tenke på plassering og tilrettelegging, men allikevel. Om gruvemassane er av ein slik forfatning at dei ikkje kan nyttast til bilvegar, så kunne det vel vore mogleg å nytte dei til ferdselsårer for mjuke trafikkantar?
Eit godt eksempel på korleis ein kan nytte tunnelmassar finn vi faktisk berre ein km. fra her eg er nå, nemleg langs FV 55 mellom Gaupne og Marifjøra. For nokre år sidan vart Røneidstunnelen utvida ein smule, eg trur det var snakk om 30-50 cm i breidde og høgde, dvs, opp mot ein meter breiare tunnel i sidene.
Dette skulle ein tru ikkje utgjorde så mykje, men vi fikk altså ein heilt ny, fin og mykje brukt turveg i eit par km. (Som det attstår ca. 20 meter fra å bli ferdigstilt heilt fram til brua, men det er ein anna historie) Joda, det er ein enkel turveg, men det er akkurat slik vi ville ha det. Det viktigaste var å bli adskilt fra biltrafikken som durer forbi i 80-sona. Utvidinga av den 600 meter lange Røneidstunnelen gav oss altså ein ettertrakta og populær turveg, berre ved å nytte massar fra strossinga, istaden for alternativet; Dumpe det på fjorden, slik som dei gjer oppe ved Engebøfjellet.
Her er vi ved hovedtanken: Når bilvegar skal utvidast, i form av nye skjæringar, utjamning av kurver, nye tunnelar eller kva det skal være, så må overskotsmasse gå til noko nyttig i nærområdet.
Eit anna eksempel i kommunen, er bygging av rasvollar på Veitastrondsvegen, samt bygging av djupvannsskaia i Skjolden. Personleg kunne eg nok heller tenkt meg ein turveg fra Skjolden til Gullringen langs FV 55, istaden for djupvannskai, men det er nå så sin sak.
Poenget er at det framstår heilt meiningslaust å dumpe 170 millionar tonn stein uti ein frisk fjord, når ein heller kunne ha brukt desse massane på nye turvegar for mjuke trafikkantar. Problemet er vel at det ikkje var vilje og evne til å kreve noko slikt fra dei bevilgande styresmakter, ei heller vilje og evne til å inngå eit samarbeid om bruk av massane.
Kor mykje er 170 millionar tonn spør du kanskje? Tja, iflg. diverse steinleverandørar, så er eitt lastebillass ca. 12-13 tonn. Hvis vi er snille, så deler vi altså 170 000 000 på 13, og vi landar på 13 076 923 lastebillass. Eg tør påstå at det kunne blitt nokre meter med turvegar og endatil gang/sykkelveg ut av eit slikt antal lastebillass.
La oss håpe at i framtida vil det være eit ufravikeleg krav til all tunnelbygging og gruvedrift at overskotsmassane vert brukt til noko....ja .....nyttig. ALT er iallfall bedre enn å tømme det på fjorden, og deretter kalle det eit "deponi", når det eigentleg berre er ein søppelfylling.
*********************************************************
Men som denne postens første rarietet, skal vi i dag sjå på noko av den ganske så lokale arten; Fv. 55, Gaupne - Luster, og dei mange fartsgrensene som er der.
Dette er ei strekning på ca. 15 km, og dersom eg skal køyre heimefra til eks. Luster Omsorgsenter, så skal eg innom ikkje mindre enn 11 forskjellige fartssoner.
Ikkje nok med det, dei er av høgst ulik karakter også, og nå skal vi ta ein virtuell tur.
Hopp ombord!
Sidan eg bur i eit byggefelt, så er det naturleg nok 30-sone her. Den varer ikkje så lenge, kun nokre ti-tals meter. Nede på Sandvikvegen kjem eg over i 50-sona, som eg har gleden av å følge i eit par hundre meter. Ute på sjølvaste Fv 55, kjem eg så ut i 70-sona. Sidan eg køyrer om Sandvikvegen, så er eg ikkje innom ein av landets mest absurd korte 50-soner. Dei lokale vil forstå.
70-sona på FV 55 varer også eit par hundre meter, slik at på den første kilometeren, har eg allereie rukke å vore innom tre fartssoner. Men akkurat dette er heilt ok. Vi kan ikkje køyre i 70 i byggefeltet!
Fra Hotla og inn til Nes er det faktisk tre-fire km med samanhengande 80-sone! Her får vi 60-sone, for no er det kome mykje nye folk på begge sider av vegen. Det er ETTER denne 60-sona, at det byrjar å bli virkelig snålt.
60-sona varer i ca. to km, og da er vi forlengst komne inn på den smale og svingete vegen som skulle vore påbyrja utbetra. I fjor. Og som alle lokalpolitikarar var såååå glade for at det nå var i boks. Mangeårig kamp var endeleg lukkast! Tre-fire år etterpå er prosjektet ikkje i nærleiken av å starte. Stille fra dei kjempande er det også.
Nok om det.
Av ein eller annan grunn har vi så to km. 80-sone, på ein til tider smal og uoversiktleg veg. Joda, vi skal tilpasse farten etter tilhøva.
I Høyheimsvik vart det så laga til ei 60-sone for nokre år sidan. Denne er på nye tre-fire km, og da er vi komne til Flahamar. Her er det 80-sone, utan at eg ser den store forskjellen på hverken vegstandard eller bebyggelse kontra det som vi akkurat har køyrt igjennom.
80-sona går gjennom nye kronglete og uoversiktlege stader, før vi nærmar oss Smia. Her får vi ei 70-sone. Det er kanskje ikkje så rart, sidan vi har ei 50-sone nokre hundre meter til lenger inne mot Luster. Da skulle ein vel tru at det er ei 70-sone på den andre sida av bygda også? Men det er det ikkje. Når ein kjem fra Skjolden er det nemleg rett fra 80-sone til 50-sone.
Men vi kjem fra Gaupne, og er nå komne nesten inn til "sentrum". Her dukkar det opp det manglande mellomledd, nemleg ei 40-sone. Denne varer til rett forbi avkøyringa til Luster Omsorgsenter.
Oppsummert: På desse 15 km. på tildels smale og kronglete vestlandsvegar, er vi innom 11 forskjellige fartssoner, fordelt på 30, 40, 50, 60, 70 OG(!!) 80 km/t.
Det er ganske fantastisk.
Rødt = 30-sone
Lysblått = 40-sone
Grønt = 50-sone
Rosa = 60-sone
Gult = 70-sone
Kvitt = 80-sone
"Men Knut, kva ville du gjort da?", spør du sikkert.
Eg har null påvirkningskraft, men mitt forslag ville vore å forlenge dagens 50-sone på Fv. 55 i begge retningar. 80-sone fra Hotla og til Nes, deretter ei samanhengande 60-sone til Smia, der vi hadde kome inn i ei forlenga 50-sone, før vi omsider var inne i 40-sona.
Slik:
Kvifor?
For å gjere det enkelt, og jamnare flyt i trafikken.
Men det er nå berre mi meining, og det er neppe nokon i vegstyresmaktene som bryr seg om det likevel.


Kommentarer
Legg inn en kommentar