Topptrimmen 2026 - 2028: Vetledalsnosi
Hvis du skal gå fjelltur og ikkje tåler varme, så bør du halde deg heime på slike kokvarme dagar som tysdag 14. juli 2026.
Etter å ha gått snart 80 toppturar, så er turen til Vetledalsnosi den EINASTE eg har vurdert å avbryte.
For noko så absurd som varme og væsketap.
Meir om det seinare.
Vetledalsnosi er beliggande ovanfor Nørstedalseter. Det er ein fint beliggande topp, ikkje av dei mest krevjande og forholdsvis lett å finne fram til.
Det er mogleg å parkere på Nørstedalseter, men vi er gamle og treng den motoriserte hjelp vi kan få. Derfor køyrde vi innover Vetledalen, omtrent så langt det var mogleg å komme. Det er ca. to km. innover. Her er det ein stor open plass, som eigentleg er ein fylling i høve kraftutbyggingane i området, men det fungerer fint som parkeringsplass også. Her følgjer ein den stadig meir attgrodde vegen eit par hundre meter, før ein kjem inn på sti. Denne stien fører til den DNT-merka stien til Stølsdalen eller Bøvertun. Dette er eit mykje brukt turområde for fjellfolket.
Vi følgde denne stien til vi kom til ei bru, da braut vi av til venstre. Før brua vel og merke. Ingen vits i å krysse elva her, for du må berre komme deg over seinare likevel. Dei små elvane som renn fra Kyrningsvatna er greie å bruke som markør på kor langt innover Vetledalen ein skal gå.
Nå var det slutt på merka sti, men det er satt opp nokre enkle vardar og retta opp nokre stein her og der som gjer det litt lettare å finne fram. For å hjelpe framtidige topptrimmarar, så laga vi også nokre slike. Terrenget er lett stigande opp mot dei nevnte Kyrningsvatna, men når du er kome på høgde med første, på ca. 1410 moh, og ca. tre km. fra bilen, så kan ein bryte svakt oppover mot venstre. Her kjem ein til det brattaste partiet, men det er høgst overkommeleg det også: På 500 meter, skal ein opp ca. 170 høgdemeter.
Det er mykje svaberg ein kan gå på, noko som fortel oss at det ikkje er smart å gå her i regnvær.
Regnvær var det null av denne kokvarme julidagen, og eg har vel aldri slitt slik i varmen nokon gang før. Det var så ille at eg lurte på om eg klarte å gå opp, noko som ville vore eit stort nederlag. Det er tross alt ein av dei lettare toppturane. Men ein kan ikkje satse helsa heller.
Heldigvis var vi no komne opp på over 1400 moh, så det ville vore skikkelig surt å snu. Det vart til å ta små og hyppige pausar, så kom eg da opp til slutt.
Vetledalsnosi er eit ganske så flatt topparti, og merkeleg nok er ikkje varden plassert laaaangt innpå, slik som den pleier å være. Neida, den var plassert på platåets høgaste punkt, ein smule sørover mot Nørstedalen igjen. Vi brukte to timar og 25 minuttar fra bilen til vi var oppe, og det var dryge fire km. å gå.
Her oppe, på 1617 moh. var det som om badstuetemperaturen vart milda av ein sval fellvind, noko som gjorde utruleg godt. Det strålande været gjorde til at vi vart sittande på toppen over ein halvtime for mat og drikke, samt ein del krøll med UT!-appen for eit par av oss.
Joda, appar er sikkert hensiktsmessig og tryggare enn å sette opp raude boksar rundt om, men det manglar jo den sjarmen det er å klippe i kort og skrive i bok. Det er som å gå fra å spille LP-plater til Spotify.
Den kollosala varmen gjorde det svært disig i områda rundt oss, men vi kunne da sjå fjell både i Skjåk, Lom, forutane våre kjende og kjære i Luster. Det byrjar å bli ein del toppar ein kjenner igjen nå, etter å ha labba omkring her i 18 år.
Nå var det berre til å komme seg nedover igjen, og det gjekk stort sett problemfritt. Vi holdt litt for langt sør umiddelbart etter at vi byrja på nedfarten, men tok oss greit inn.
Så var det berre til å følge våre eigne enkle vardar, samt dei som var der fra før. Mrk. at det er ikkje noko sti her, så det kan være ein fordel å holde litt utkikk etter dei enkle spora som er. Bedre å ta seg litt ekstra tid, enn å gå på måfå.
To km. før vi kom til bilen var det tomt for drikke for min del. Det hadde da gått ned 1,8 liter sukkerholdig saft, og eg tør påstå at så innihe****e har eg aldri svetta før. Det var altså heilt forferdelig. Den vesle elva som vi kom ned att på den merka stien var svært velkommen å avkjøle seg i.
Konklusjon: Vetledalsnosi er ein fin og enkel topptur, både å finne fram til, og å gå. Meir varmtålige mennesker vil fint klare turen opp på under to timar.
Totalt gikk vi litt over åtte km, og vi fikk 641 høgdemeter. Når vi starter på ca. 1010 moh, så fortel det oss at det ikkje er spesielt mykje opp/ned. totalt var vi vekke fra bilen i fire timar og 23 minuttar, og det er medrekna alle pausar. Som vi forstår: Vetledalsnosi tek ikkje heile dagen. Derimot må ein rekne tre timar, minst, i bil tur-retur Gaupne. Vegen innover her er omtala mykje fra før, og sjølv om det er retta ut nokre svingar her og der, samt asfaltert i dei nedre hårnålssvingane, så er dette ein veg noko heilt utanom det vanlige.
Bilder:










Kommentarer
Legg inn en kommentar