Topptrimmen 2026-2028: Storaskornosi

Tid for topp nr. fire i denne bolken av Luster Turlag sin glimrande "Topptrim".
Ein særs skral værmessig juli og foreløpig også august, har lagt jakta på dei ti toppane ein smule på hylla. Gidder ikkje gå på tur i regn.

Men denne laurdagen i slutten av august 2026 opna det seg eit vindauge i skydekket, og den store gule gjenstanden avla eit besøk på Vestlandet. Etter denne bedritne vår og sommaren, så bør september bli kjempebra. 

Med solgløttet gjorde vi oss klar for ein tur til Storaskornosi, 1049 m.o.h. på den såkalla "Sørsida" av Lustrafjorden.
Startpunkt vart valgt til å være fra Kinsedalen, så da køyrde vi, på den såkalla "vegen", opp til den skilta parkeringsplassen rett før det øverste bruket i dalen.
Hvis du ikkje har vore i Kinsedal før, så bør du absolutt ikkje reise oppover her med den nyaste sportsbilen din. Eg har null peiling på kven som eig denne vegen oppover her, men den er i stor trang for ei oppgradering. Hvis det er private eigarar: Set opp ein bomstasjon, slik at de kan få inn nokre kroner til vedlikehald, eller søk om støtte fra kommune, fylke eller stat for den del.
Hvis det er kommunal veg: Kva f**n? Det er ei hån å tilby dei fastbuande og feriegjester noko slikt. 

Nok om det.

Parkeringsplassen ligg faktisk på nesten 400 m.o.h. noko som også fortel oss kor bratt det er oppover fra fjorden. Herfra er det privat og avlåst traktorveg (i langt bedre stand enn bil"vegen" opp hit), som ein kan gå inn mot stølen Kveken. Det er ein avstikkar ned ein enda ein parkeringsplass der ein kan gå over til Dalastølen, men ved dette høvet skal ein altså mot Kveken. Dersom ein har interesse og høve til det, så er Kveken verdt eit besøk. Det er ein fin og ryddig plass, med særs fine stølshus. 

Det er ca. to km. inn til der traktorvegen sluttar, så går det oppover mot Nystølen på fin og merka sti. Dersom ein har logistikken på plass, så kan ein herfra gå over til Urnes, noko som gir ein svært fin rundtur.
Fra Nystølen på ca. 870 m.o.h. er det ca. 1,7. km. i luftlinje til topptrimmålet Storaskornosi. Det er ingen merka sti bort dit, men det går nokre stiar her og der som kan nyttast. Da skal ein passe på å ikkje gjere som vi var nære på å gjere; Dreie for langt nord, dvs. for langt mot høgre sett fra Nystølen mot Storaskornosi. Det kan være fort gjort å forveksle Storaskornosi med nabotoppen Kupenovi, iallfall holdt vi på å gjere det, noko som gav oss nokre ekstra høgdemeter og ca. 700 meter lengre å gå. Det tåler vi.
Gå heller i retning Middagsfjellet, den vesle toppen mellom Nystølen og Storaskornosi.

Det er ikkje noko stor varde på sjølve toppen, men derimot eit nytt trigpunkt i ekte aluminium. Det er også satt opp ein monolittligande stein ca. 50 meter fra trigpunktet. Det pussige var at eg fikk sjekka inn på trigpunktet, (Android) medan turkameraten måtte sjekke inn på "monolitten" (iPhone). Rare greier.
Nokre skyer og tåkedottar gjorde sitt til at utsikta til andre toppar vart noko redusert, men fint utsyn ned til fjorden og dalføra i det minste.

Etter ein liten matbit og diverse fotografering på toppen, var det berre til å rusle nedatt. No gikk vi rett ned att på Nystølen, og vi oppdaga da at vi hadde overvurdert kor langt det var fra Nystølen til Storaskornosi. Det var merkeleg nok kortare og enklare enn vi hadde trudd da vi kom opp. Det må være første gang i historia vi har opplevd.

Derfor: Ta sikte på Middagsfjellet når de er på Nystølen.

Det er nokre myrer ein må passere, men ikkje verre enn at det let seg gjere ganske så greit, iallfall ikkje så seint på sommaren. Må også nevne at det var noko infernalsk med plagsomme insekt oppi her. Har null greie på kva type det var, men eg får omtrent hetta av slikt. Det gav seg heldigvis da vi kom nedatt på Nystølen. Virka som det trivdes ekstra godt i lyngen og myrområdet. Molter såg vi også.

Fra Nystølen var det berre til å følge den fine stien nedatt til traktorvegen og dei to kilometrane på denne igjen ned til bilen. 
Dessverre byrja knea å verke som ville h dei siste par hundre metrane ned att til vegen. Lenge sidan sist, får håpe det blir like lenge til neste gang.

Totalt vart det ein tur på 11,7 km. og 807 høgdemeter. Det BURDE ha vore 11,0 km. og 750 høgdemeter, men pyttsan. 
Vi brukte to timar og 20 minuttar på turen opp, og det var altså inkludert 700 meter omveg og diverse drikkepausar.
Totalt var vi vekke fra bilen i fire timar og 25 minuttar. 

Oppsummert kan vi dermed sei at Storaskornosi er ein heller grei Topptrim, mykje takka være den gode stien fra enden av traktorvegen og opp til Nystølen. Dette er den brattaste biten på 1300 meter, og der vi skal opp knappe 300 høgdemeter. Brattast til å begynne med, slakkare etterkvart. 


Dermed var det berre til å køyre, svært sakte, ned att til fjorden.....


Bilder: 

Stravaspor med høgdeprofil. Ingen grunn til å følge desse på veg opp. Følg heller siste halvdel :-)




Dette bildet er tatt nede fra Nystølen, og vi ser varden på Middagsfjellet. Gå litt til høgre for den, så skal nok dette gå heilt fint.



På  veg nedatt syntes eg at eit utsiktsbilde ned mot Nystølen og Nystølstjønni var på sin plass. Toppen som ligg nærast bakom vatnet er forresten med i ein seinare Topptrim. Den toppen heiter Lobergsfjellet og er 1142 m.o.h.


Måtte også ta eit bilde fra skogen ned mot traktorvegen. Dette er gamal og sunn skog, utan ei einaste pøbelgran i nærleiken. Måtte det forbli slik.


Utsikt ned mot Nes og Høyheimsvik. Artig å sjå det fra ein slik vinkel.



Den omtala "monolitten" der iPhonebrukarar kan sjekke inn :-)


Ned mot dei øvre delar av Kinsedal. Vi ser Kveken nærast, og Dalastølen på motsatt side av dalføret. Skagastølstindane lengst i bakgrunnen.

Ut Lustrafjorden, og vi ser ein snutt av hovedfjorden lengst borte. Sanneleg er det ein båt utpå også!

Mot Solvorn og Hafslo.

Og heilt til slutt: Dagens fjellfie, med bruket Hagen øverst i Kinsedalen der nede. Joda, ein KAN gå utpå stup her også. Hvis ein vil.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....

Topptrimmen 2026-2028: Vardanosi