Helseforsikring.

Oppdatert 25.4.2024:
Private helseforsikringar er på agendaen igjen. Fordi vår helseminister visstnok hadde slike ordningar den gang han var bedriftsleiar.
Jaj, noko må pressa ha å skrive om for; Kva var problemet? 
Spør du meg, så skulle det berre mangle at han hadde ein slik ordning til sine ansatte. Det er eit godt og svært effektivt personalgode som mange fleire i privar sektor burde skaffe seg.

Dei fleste har helseforsikringar gjuennom arbeidsgivar, men det altså fullt mogleg å bruke kroner på å kjøpe slik ordning privat også. Eg har ein slik, og skal beholde den så lenge eg kan. Det er uaktuelt å sitte i helsekø i månadsvis, for noko som kan ordnast enkelt og greit på eit privat sjukehus. Joda, det koster nokre tusenlappar i året, men dette er penger eg gjerne bruker. Personforsikringar er MYKJE viktigare enn å forsikre mobiltelefonar og nettbrett, slik eg veit mange har. 


Min historie er her:

Disclaimer: 
Eg får absolutt null kroner fra min tidligare arbeidsgiver Gjensidige, eller fra Volvat for å skrive dette. ALT dette er på eige initiativ.


Det er gått over to år sidan eg ramla på sykkel og havna på sjukehus i åtte dagar. Eg gikk sjukmeldt i to månader, og det heile var heilt vilt vondt. Takk og lov for ambulansehelikopteret den gang.

Eg fikk operert inn to plater i den knuste albogen, samt at det var satt inn seks skruer i underarmsbeinet.
I begynnelsen var dette høgst nødvendig for å holde brotet stabilt, men etterkvart som tida har gått har det blitt svært ubehaglig å ha i kroppen. Det har kjentes ut som konstant albogestøt, samt at den minste berøring har vore vond.

Vel, i desember 2022 spurte eg fastlegen om eg kunne få tatt ein vurdering på om det kunne gjerast noko med plagene, og det vart rekvirert ein time på Sentralsjukehuset i Førde. Timen fikk eg i....juni, dvs. sju månader etterpå. Deretter fikk eg ny henvisning til røntgen på Lærdal sjukehus i juli, og i august 2023 fikk eg omsider vite at plater og skruer vart anbefalt tatt ut. Dette skulle skje i midten av januar 2024, altså 13 månader etter første henvendelse.

Det vart for lenge å vente, så da operasjonshenvisninga var på plass, så tok eg kontakt med mitt forsikringsselskap Gjensidige om det var mogleg å få gjort noko via min private helseforsikring. Nå var det sju månader sidan mitt engasjement i Gjensidige vart formelt avslutta, og når ein slutter på ein arbeidsplass, så får ein alltid tilbud om å fortsette personalordningane ein har der. Eg tok med meg helseforsikringa og ein ulykkesforsikring, men nå uten ansattrabatt. Bilforsikringane vart flytta til Eika, som var vesentlig billigare, spesielt på Teslaen.

Grunna ein vannskade i huset mitt, valgte eg imidlertid å flytte alle forsikringar tilbake til Gjensidige i november 2023. Skadebehandlinga i Eika var lysår unna det eg forventa, og eg betaler gladelig litt ekstra for noko som eg veit fungerer. (25.4.2024)

Men helseforsikringa var altså på plass, og da eg meldte inn skaden med all nødvendig dokumentasjon på ein torsdag ettermiddag, så vart eg kontakta av Volvat på mandag. Første konsultasjon vart avtalt neste tirsdag åtte dager seinare, og alle utgifter vart dekka av forsikringa, så som reise, hotell o.l.
Dessverre fikk eg covid, så det vart utsatt tre veker, men det er nå slikt som skjer.
Undersøkelsen vart derfor på Volvat Storo 19.9. og eg vart informert om kva som skulle gjerast reint praktisk. Eg ba om å få time så fort som mogleg, da desse plagene måtte berre ta slutt. Så torsdag 28.9. fikk eg time.

Eg skal ikkje legge skjul på at eg var dritnervøs kvelden før, men det roa seg fort da eg møtte på Volvat ca. 200 meter fra Thon Hotell Storo. Ei hyggelig sjukepleier, Janna, Camilla eller kva det nå var ho heitte, tok godt imot meg. Deretter møtte eg anestesilegen, Arne, Jens eller kva han nå heitte, som forklarte kva hans jobb var. Til slutt fikk eg møte legen fra veka før, og han hugsar eg faktisk navnet på, Dr. Sletten.
Eg vart ført inn på operasjonssalen, der eg møtte operasjonssykepleier Annika, Elvira eller noko slikt, samt anestesisjukepleier Hilde, Marianne eller noko slikt. Og da kjente eg meg virkelig trygg.
Alt vart forklart nøye og saklig, og for dei er jo dette rein rutine. For meg derimot, det stikk motsatte, og nettopp derfor var det så godt å ha slike folk rundt meg.

Oksygenmaske på. Ein nål i armen, og så sov eg. Godt.

Eg vart vekka kun ein time etterpå, og kjente med ein gang kor mjukare den opererte armen var. Ikkje var det vondt heller, men skuldast sjølvsagt den cocktailen av smertestillande tablettar eg hadde fått av Janne, eller var det Camilla(?) halvanna time før.
Litt mat og saft, nokre formalitetar og kvile, og voila! så kunne eg spasere ned på hotellet igjen. Usle fire timar etter at eg gikk derfra. Og herremin kor godt det var å være kvitt skruer og plater!!
Eit lite lass med smertestillande vart henta ut på apoteket, men foreløpig har det ikkje vore noko problem utover ein smule svie i såret, som normalt er. Det tåler vi greit.

24 timers køyreforbud, men eg tok ein liten spasertur oppå på Grefsenkollen samme ettermiddag, svært sakte, men det gikk heilt fint.
Deretter var det avslapping på hotellrommet, før eg tok toget tilbake til Jaren stasjon neste morgon og derfra bilen heim.


Eg er særs nøgd med dette oppholdet på Volvat. Eg har vore på private klinikkar før, t.d. Memira i Bergen, og alt har vore upåklagleg, så også på Volvat Storo. Sidan dei må drive etter ein smule forretningsmessige prinsipp, så må servicenivået være godt, ellers så får dei jo ikkje kundar.
Joda, det var for dei eit lite inngrep som tok totalt 20 minutt, men eg var da i full narkose, og for meg var det veldig viktig å få gjort. Det å gå i fire månader til med dei plagene som skruer og metall påførte meg, var ikkje til å holde ut.

Eg er også svært fornøyd med helseforsikringa og responsen fra Gjensidige. Stort sett høyrer vi berre klaging om forsikringsselskapa, men laaaangt dei fleste saker vert avgjort på ein god og effektiv måte. Ja, eg er kanskje ein smule inhabil etter å ha vore i bransjen i 20 år, men det er å presisere at denne forsikringa er benytta ETTER at eg var ute av systemet.


Det fins dei som hevdar at vi ikkje har bruk for private helseforsikringar, og at dette er velferdsprofitører som gjer at vi kan snike i køen. Eg kunne ikkje vært meir uenig. Vi sniker ikkje i køen, vi gjer tvertom køen mindre. Min operasjonstime på Sentralsjukehuset i Førde i januar, kan no nyttast av ein annan pasient som kanskje har fått time i april. DET må da være bra?

Det er mange politikarar, spesielt ute på venstresida, som snakker om at vi ikkje skal ha eit klasseskille i HelseNorge. Vel, her er ein opplysning; Vi HAR klasseskille i HelseNorge, og har hatt det i mange år.
Dei mest velståande av oss kan kjøpe seg behandling i inn og utland akkurat slik dei vil, men det er tross alt ikkje så veldig mange av dei.
Så har vi dei av oss som har private helseforsikringar, dei aller fleste gjennom arbeidsgivar.
Dessverre er dei fleste av befolkninga ikkje så velståande at dei kan kjøpe den helsetenesta dei vil, og sjølv om det vert stadig fleire arbeidstakarar som får helseforsikring gjennom jobben, så er det langtfra alle. Faktisk dei færraste.

Eg har derfor eit forslag til alle arbeidstakarar: Istaden for å kreve t.d. 15 000,- ekstra i lønn til neste år, så krever du 10 000,- og ein helseforsikring. Eg skal garantere at den dagen du får bruk for ein helseforsikring, så er dei 5000,- i redusert lønnspålegg gløymt på flekken. 
Og til alle arbeidsgivarar: Istaden for å tilby 15 000,- i ekstra lønn til neste år, så skal dei arbeidstakarne som ønsker det, heller få 10 000,- og ein helseforsikring. Etter første gangs bruk, så vil resten av arbeidsstokken også ha noko slikt. Eg vil anbefale at dei arbeidsgivarar som vurderer noko slikt, å innhente tilbud fra ulike forsikringsselskap. Alle dei store selskapa tilbyr slikt i dag, da det viser seg å være eit stort marked for det.

Helseforsikringar er ikkje ein erstatning for det offentlige helsevesenet. Det er eit SUPPLEMENT. Akutte tilfeller, som etter sykkelfall og andre ulykker, skal det offentlige framleis ta seg av. Men plager som du må stå månadsvis i kø for å få ordne, kan dei private fikse på nokre dagar.



Hvis eg skal oppsummere ein smule, så vil eg gi både Gjensidige og Volvot terningkast SJU i mitt tilfelle. Alle utgifter eg har hatt, vart dekka av Gjensidige så snart eg sendte kvitteringane. Veldig bra!
Behandlinga og mottakinga på Volvat var prima, og eg sender såleis digitale roser til både Volvat og Gjensidige.

Eg må også sende ein digital kaktus til Helse Førde som må bruke 13 månader på noko som altså tok 20 minutt å utføre. Joda, det var mykje undersøkingar og greier, men det tok altså over eit halvt år før eg kom til i Førde, og ytterligare to månader før inngrep vart avtalt, og altså fem månader til før sjølve inngrepet. 
Med ei slik behandlingstid, så er det ikkje rart at forsikringsselskapa selger helseforsikringar til næringslivet i bøtter og spann. 

Du KAN sjølvsagt kjøpe din eigen helseforsikring privat, men det koster jo litt, og du er ikkje garantert å få slik forsikring heller. Har du diverse plager fra før, så vil dei sjølvsagt være unntatt for behandling seinare. Kor mykje det koster? Tja, eg betaler gladelig ca. 4500,- i året for min forsikring, og eg er så heldig at eg har råd til det. Mange forsikrer kanskje hunder, katter, bunader, sølvtøy og endatil mobiltelefoner (Det å forsikre mobilen er totalt vekkasta, du har det antagligvis dekka gjennom ein skikkelig innboforsikring likevel), men bruker null kroner på eiga helse.

Vel, her i huset har vi to katter, tre fjernsyn, nettbrett og telefoner overalt, men det er tross alt TING.
Eg har ein skikkelig innboforsikring, og katter bruker eg ikkje forsikringskroner på.  

Det er langt viktigare å forsikre helsa si, slik at du muligens slipper å stå i helsekø den dagen du ramler på sykkel og skal operere ut att plater og skruer. Gudane skal vite at eg er sjeleglad for at eg fikk dette ordna, fort og effektivt, takka være Gjensidige og Volvat.

Foreløpig er eg sjukmeldt fra den vesle jobben min fram til midten av oktober, så er eg forhåpentligvis så nokolunde frisk og rask igjen. Kanhende kan eg sykle uten å få konstant vondt i armen igjen også??

Ja, eg kan sykle utan å ha vondt!!! Ju-huuuuu!!!!!!!
(25.4.2024)



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden