"Harastølen, heimen for dei utstøytte" bokomtale.

Det er ikkje så ofte at det kjem ut bøker som ein har forventningar til på førehand. Eg bestilte denne leeeeenge før den kom ut nå i august.
Derfor er det enda meir gledelig at vi får presentert eit verkeleg flott verk fra vår nære og lokale historie, nemleg den om det tidlegare sjukehuset oppi fjellsida ovanfor Luster.




Oddrun Midtbø er fra Luster, og har endatil hatt sine arbeidsdagar på Harastølen. Det er klart at det å bu og leve så nært på ein så spesiell arbeidsplass må ha gitt inntrykk.

For den som ikkje kjenner spesielt godt til Harastølen, så vart dette sjukehuset reist for over 120 år sidan, som eit ledd i datidas kamp mot den svært farlege tuberkulosesjukdommen. Det var eit gedigent byggeprosjekt, og Harastølen vart valgt grunna den friske fjellufta, som ein meinte skulle være godt for tæringpasientane. 
Det å reise eit slikt bygg, med tilhøyrande infrastruktur har vore eit enormt arbeid, og det er særs interessant å følge denne dokumentasjonen som Midtbø har leita fram.
I dag kan vi knapt forstå kva samfunn som har vore isolert fra omverda langt der oppe i fjellsida, fjernt fra omtrent alt som heiter "sivilisasjon". I over 50 år var dette altså eit av landets store tuberkulosesjukehus, og Midtbø har gjort ein svært grundig og god jobb i å leite fram alle historiane, om både pasientar, legar, bygningsmasse og kva som enn måtte høyre til. 

Personleg hugsar eg berre Harastølen som psykiatrisk sjukehus, og eg var ikkje der oppe før eg var der med skulemusikken på slutten av 1970-tallet. Derfor var det ekstra interessant å få lese om tida før det var psykiatrisk sjukehus.

Vår familie hadde pasientar på Harastølen, og begge er faktisk nemnde i boka, i delen om psykiatrisk sjukehus. Det synes eg var ekstra hyggeleg. Min eine onkel, han Gunnar, er avbilda på side 120, da nokre av dei friskaste pasientane var på tur i København. Når eg var liten gut, så hugsar eg Gunnar som ein stor mann som kunne virke litt morsk innimellom når han gikk fram og tilbake ute i tunet og småsnakka med seg sjølv. I ettertid ser eg jo at dette var berre slik han var. For oss var det eigentleg heilt normalt at han gikk fram og tilbake, han plaga ingen og eg veit at han trivdes godt på Harastølen.
Min andre onkel, omtalt som "Klokke-Kåre" på side 121, var ein heilt annan type. Der Gunnar var stille og kanhende litt tilbakeholden, så var Kåre den rake motsetninga. Til tross for ein alvorleg diagnose og sjukdom, så var han alltid snill og blid med oss når han var på besøk. Joda, eg hugsar godt at han var veldig omtatt av klokker, men slik var det nå ein gang. Mitt inntrykk er at også han hadde det godt på Harastølen.

Midtbø omtaler mange forunderlege lagnader i boka. Spesielt er kapittelet om Henrik Thimme rystande lesing. Kva denne mannen må ha gjennomgått i sitt liv er nesten uråd å forstå for uinnvidde i dag. Du forstår det kanhende bedre når du leser kapittelet om han.

Når Harastølen vart nedlagt som psykiatrisk sjukehus, vart det ståande tomt ein kortare periode, før det vart tatt i bruk som asylmottak for bosniske flyktningar. Gudane må vite kva dei tenkte med, dei som fant ut at det var smart å sende flyktningar, gjerne traumatiserte av krig, opp på ein slik plass. Harastølen kunne sikkert fungere godt som sjukehus første halvdel av 1900-talet, men som asylmottak på 1990-talet var det ikkje optimalt, for å sei det mildt. 


Dette er altså dei tre hovedepokane som Midtbø så glimrande tek oss med på; Tuberkulosesjukehus, psykiatisk sjukehus, og til slutt altså asylmottak for flyktningar.

Eller; Til slutt..... etter at Bosniaflyktningane reiste derfra, så har det vore diverse meir eller mindre luftige planar om vidare drift på Harastølen. For eit par år sidan vart det t.d. planlagt hotell, men eg må dessverre sei at det har eg null tru på etterkvart. Håpet er at eg tek grundig feil, men eg ser liksom ikkje kva hotellgjester som skulle finne på å tråkle seg opp den miserable vegen. Kostnaden med å sette i stand den enorme og no sterkt forfalne bygningsmassen krever økonomiske løft av ei anna verd. Kven i all verda vil vel bruke millionar på noko så usikkert?


Uansett: Boka Om "Harastølen, heimen for dei utstøytte" er eit praktverk i vår lokale og nære historie. Forfattaren skriv godt, noko vi også må forvente, det er tross alt jobben hennar, og det er ein fryd å sjå all dokumentasjonen og bakgrunnshistoriane som ho har gjort. Alle intervjua med tidlegare ansatte er svært givande å lese!

Oppsummert er dette ei bok som einkvar lustring med eit snev av interesse for helse- og lokalhistorie må ha i hylla si. Ikkje berre det; Boka har eit nedslagsfelt langt utover kommunens grenser, da det jo har vore pasientar fra store deler av landet på denne institusjonen opp igjennom åra.
Hvis du framleis ikkje har kjøpt denne, så bør du gjere det nå. Eg kan garantere interessant og god lesing!
Personleg kunne eg kanskje tenkt meg litt meir om tida som psykiatrisk sjukehus, men eg ser også at den epoken var ein kortare del av den totale bruken, så da er det vel greit.

Årets klaraste 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden