Kommunediktator for ein dag

 På mandag er det atter ein gang kommune og fylkestingsvalg, og etterpå vil alt bli MYKJE bedre.
Som om vi har det så ille nå.

Det er jo eigentleg slik at norsk politikk er ganske så einsarta. Det er ikkje så stor forskjell på Rødt og Frp som ein skulle tru når ein høyrer dei snakker. I praksis er forskjellane altså heller små, endatil på desse fløypartia. Det er eit godt tegn, og viser at landet vert styrt på ein god måte, og har blitt det i mange tiår.
Norge er eit godt velfungerande sosialdemokrati, og nesten heile verda kan misunne oss.

Men i kveld vil eg være diktator. For ein dag.

Kva ville eg ha gjort dersom eg kunne bestemt ALT?

Tja....det er ikkje godt å sei.
Kanskje slik???


Nytt helsesenter. Men det er allereie bestemt, så da kan eg ikkje pålegge det. Det er ikkje alle oppgåver som ein treng å være diktator for å få på plass.

Elsyklar til folket! Altså, dette er så sjølvforklarande at ein ikkje treng å gå meir i detaljar. Det får være grenser for kva ein diktator må forklare sine undersottar. 

Sykkel og gangvegar til folket! Bygger vi veg, så skal det sjølvsagt byggast ein gang/sykkelveg ved sidan av. Ingen vits i å gjere forskjell på trafikkantane. I eit diktatur er alle like, utanom diktatoren, dvs. meg i dette tilfellet.

Sykkelveg over Handspiki. Det manglar 12 km. fra Styggevatnet over til Sota i Skjåk. Rart at ingen har kome på dette før. Som diktator bestemmer eg at dette må byggast så snart snøen forsvinn uti august ein gang. Ok, snøen legg seg att i september, men det er bagatellar for ein diktator.

Bru fra Espe til Gjerde. Sidan alle lokalpolitiske parti ville ha dette i 2011, men det ikkje har skjedd den døyt, så vil eg som diktator få dette på plass. Ei bru og sekshundre meter veg er lett for ein diktator å fikse.

Innført lokal rusreform. Opna lovlige og registrete utsalg av cannabisprodukt i kommunal regi, med aldersgrenser, opningstid og kunnskapsrike ansatte. Overskotet skulle gått attende til rusførebyggande arbeid. ALL bruk av narkotiske stoff skal avkriminaliserast. Politiet får finne på meir nyttige ting å stelle med, ta tjuvar t.d.
Såklart veit eg at dette aldri kjem til å skje, men nå er eg diktator og da kan eg bestemme slikt.

Ein Tesla-ladepark i Gaupne. Når ein ser på ladekartet, så fins det ingen Teslastasjoner mellom Voss og Skjåk, evt. Dombås. Hvis ein ikkje køyrer om Lærdal da, men nå skal jo Lærdalstunnelen snart nattestengast i fem år, og om sommaren er det faktisk ei fin rute å køyre  Voss-Vikafjell-Sogndal-Lom, så derfor skal vi ha ein Tesla-ladepark i Gaupne. Det at eg sjølv har ein Y i garasjen, har sjølvsagt null med saken å gjere. Eg lader jo heime, som ein ekte diktator skal.

Solceller på alle offentlige bygningar. Det burde vore bestemt for lenge sidan, men det må også her ein diktator til. 
Vindmøller skal byggast der det allereie er foreteke naturinngrep. Vi kan ikkje sette opp ein vindmølleskog i Breheimen, når vi har Gåpna- og Røneidsgrandane allereie klare til slikt. Dessutan bles det i Gaupne heile året, og SPESIELT på vinteren. Som diktator vil eg også ha meir vind. Det burde være ein smal sak å få til.

Tursti rundt Hafslovatnet. Denne perla i Luster burde alle få lov til å gå/sykle rundt utan å være redd for bilar. Som diktator vil eg pålegge alle som kan gå og sykle av kommunens innbyggarar, til å ta denne turen minst ein gang i livet. Det skal nemleg være vårt lokale svar på ein pilgrimsferd til Mekka.

Gatelys. Vi kan aldri få for mange gatelys, men eg gjer eit unntak på vinterstengte fjellvegar. Det kjem sikkert til å koste litt, men som diktator bekymrer ikkje det i særleg grad. 

Lys i alle tunnelar. Såklart. Kan ikkje fatte at ein må være diktator for å finne på noko så smart. Spesielt den frammi Bjønnstegane. Den er dritsvart når ein kjem fra Fåberg. Diktatorar må ha lys.

Ein velodrom. Ingen kommune er fullkomen utan ein innandørs velodrom. Såklart har vi høve til det, iallfall når ein har diktatorisk makt. Den skal forresten være 250 meter lang, og det skal være høve til å kjøpe øl, slik som dei kan på velodromane rundt om i Europa. Einkvar diktator vil nemleg ha øl på idrettsarrangement.

Varmare vatn i idrettsbassenget. Joda, det er 28 grader i dag, men diktatorar synes gjerne det blir kjølig å hoppe uti, så vi aukar den til 30 grader. Eit must i diktatorland. 

Pusse opp kyrkjene. La oss sei at kvar kyrkje får to millionar. Men så får dei står for vedlikeholdet sjølv etterpå, i form av ein slags medlemskontingent. Diktatorar skal ikkje befatte seg med kva befolkninga trur på, det får være deira valg, og da får dei betale for det sjølv også. 

Turveg Solvorn-Eikjastrondi. Kun for gåande og syklande såklart. Ingen bilar her! Som diktator vil eg også sørge for at det blir medvind på heile turvegen, uansett kva veg ein sykler. 

Luktfrie kloakkanlegg. Ein gang lurte eg på kven i all verda som gylla på denne årstid, og så rar gyllelukt det var...?
Og så var det berre septikknissane som slurpa litt (Les: Mykje) nede på anlegget nede på Grandane. Da diktatoren sykla forbi, så var det nesten mogleg å skjære seg gjennom odøren som låg som ei usynleg tåke over landskapet. Så derfor: Luktfrie kloakkanlegg neste! Evt. kan gassane nyttast som bobleanlegg i småbåthavna om vinteren. Det blir nok saker! Blubb-blubb...!

Vafler og eplekake på alle arrangement og møter. Neida, ingen blir lei av det, uansett kor mange møter og arrangement det blir avholdt på eit år. Dessutan skal kaffien bort, ekte diktatorar drikker nemleg kakao. Med krem. 

LustraMetal. Vi har LustRabalder, der ungdommen kan høyre på artistar som diktatorar aldri har høyrt OM ein gang. Det vi diktatorar trenger, er Metal, slik at også resten av befolkninga kan lære kva som eigentleg er skikkelig musikk. 

Når ein fiskar i fjorden, så skal ein få fisk. Alle klager på at kobben tek all fisken, og at sportsfiskarane derfor ikkje får noko. "Det er så mykje kobbe i fjorden at den tek all fisken". Joda, men kobbe et kun fisk, og sidan det er så mykje kobbe, så må det også være mykje fisk. Den er berre så vanskelig å få tak i for oss som står på land. Derfor vil eg som diktator be kobben om å la oss hobbyfiskarar også få ta del i havets gull, slik som hysa i gåpnafjorden. Det er ein sann delikatesse, med smak av sand. La oss håpe at hysa ikkje blir altfor lenge i bobleanlegget eg skisserte litt lenger oppe.

Islagt fjord om vinteren, utan snø. Helst utan flo og fjøre også, men det fins grenser, endatil for ein diktator. Ingenting er som å gå på skøyter på spegelblank stålis ute på fjorden. Når ein er diktator vil ein sjølvsagt sørge for at isen er trygg også, kan ikkje risikere at nokon skader seg. Stålisen skal forresten gå fra Skjolden og ut til Eikjastrondi, slik at vi kan suse avgarde innover fjorden i kollosal fart, på skøyter. Eller med elsykkelen fra første  punkt, nå med piggdekk.
Det skal også her være medvind både innover og utover fjorden. Diktatorar overlet det praktiske til dei som kan det. 


Så, dette må da bli bra?? Eg forstår ingenting dersom eg ikkje vert diktatorordførar på mandag.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden