Kvar gikk det galt i rusdebatten, Arbeiderpartiet??

Året er 2017.

Rett før jul det året var det hurrastemning i ei rekke politiske miljø, for nå skulle det skje ei omlegging av vår farlege og dødelige narkotikapolitikk.
Eit breitt fleirtal på Stortinget beståande av H, V, Sv, Mdg, Rødt og AP gikk inn for det som skulle bli den mest omfattande og viktigaste helsereforma på maaaaange år. Som vi alle veit: Vi snakker om rusreforma.


Det vart satt ned eit offentleg utvalg, som i i løpet av eit par års tid skulle komme fram med sitt utkast til korleis ein slik reform burde være. Utvalget kunne ikkje seiast å være av den spesielt liberale typen, men tvert om ein fagleg forsamling fra ei rekke samfunnsområder.

Mandatet var gitt, og utvalget gikk i gang med sitt svært omfattande arbeid. I ettertid har bl.a. politimeistaren i Bergen sagt atd ette var kanskje den beste utredninga på området han hadde sett. Han gikk likevel imot den, men det er ein anna historie.


Det interessanteer er den tverrpolitiske bakgrunnen for den nye linja som dei var skjønt einige om.
Det er også viktig å understreke at det aldri var snakk om nokon form for legalisering av narkotiske stoff, dette handla kun om at brukarane skulle få eit bedre liv, og at vi påd en måten kunne få ned dei svært stygge oveddosetala vi har hatt i mange år.


Som kjent vart reforma nedstemt sommaren 2021, etter at Arbeiderpartiet snudde i saka.

Nå vil kanskje ein og anna partikanin fra AP hevde at dei hadde aldri gått med på eit såååå liberalt forslag, men da kjenner dei ikkje sin eigen historie.


La oss sjå kva AP sa i 2017:




Samme partikaniner vil sikkert hevde at dette kun skulle gjelde dei "tunge rusavhengige", og at rekreasjonsbrukarane framleis måtte få ein reaksjon på sin ulovlige adferd.

Nei, AP sa ikkje det. Dei sa tvert om at dette måtte gjelde ALLE som brukte narkotika.





Vi ser altså at dersom AP fikk bestemme, så skulle personer UTEN rusproblem også slippe ein straffereaksjon.

Så, kvar gikk det galt?

Da partileiar Støre OMSIDER flagga sitt syn våren 2021, så gikk han imot ei generell avkriminalisering. Det til tross for at ein av hans næraste, Hadja Tadjik, i 2017 hadde ønska daværande (og nå sårt sakna) helseminister Bent Høie "velkommen etter". Høie gikk nemleg ut og sa at han hadde skifta syn i rusdebatten. Det står respekt av slikt.

Med Støre sitt "nei", så var saka i praksis død, og regjeringa fekk som kjent ikkje fleirtal.
M.a.o. Arbeiderpartiet svikta saka den gangen.
Kvifor? Det er det sikkert fleire årsaker til.

La oss sjå på nokre av dei.

AP er som kjent det store Styringspartiet etter krigen, og har sørga for ei rekke av dei sosiale godene som vår velferdsstat no har på plass. 
Denne velferdsreforma derimot, kom fra ei Høgre-leia regjering. Det vart gjerne hevda at dette var regjeringspartner Venstre sin reform, men vedtaket i Stortinget kom faktisk eit par månader FØR Venstre kom med i regjeringa.
Det ville være eit hardt slag for vårt viktigaste velferdsparti om nokre andre skulle få æra av å få på plass "vår tids viktigste helsereform" uten at AP hadde begge hender på rattet. Det gikk altså ein prestisje i det.

Dernest er det uråd å tenke seg at Ap hadde landa på "Nei", dersom ikkje Senterpartiet hadde vokse seg så store og høglydte som dei var i 2020/2021. På den tid segla dei høgt på meiningsmålingane, og med eit AP godt nede på 20-talet på dei samme målingane, så MÅTTE Støre også ta hensyn til det som kunne bli ein framtidig regjeringspartner. 
For sjølv om SP ikkje forstår ein døyt om ruspolitikk nå, så var dei ikkje bedre på den tid. 

AP tok derfor eit valg, og satsa på SP som regjeringspartner framfor SV. Eit stort og mektig SP og eit svakt AP, kva kunne vel gå feil?

Vel, alt.

I det minste på rusfronten. AP hadde, og har eit stort mindretal som ønsker ein reform, spesielt i dei store byane. Ikkje så rart, det er jo der dei merker problema mest, ikkje på Tingvoll. 
Men nå har AP festa seg til rusmasta, dei har latt eit reaksjonært SP sette kursen og overta styringa. Ei styring som minner om å køyre rett på skjæret, all den tid SP sist helg gikk inn for politistatmetodar ovanfor deler av den norske befolkninga. Det burde vore no, at regjeringssjefen gikk ut og sa at slike metodar er heilt uaktuelle her til lands.

Men nei. Scenen er overlatt til ein justisminister som danser etter NNPF si pipe, og som synes det er viktigare at vi ikkje kritiserer politiet, framfor å verne landets borgarar ovanfor dei tallause maktovergrep som politiet vitterleg har begått.

Det er heller ikkje mogleg å komme vekk fra tanken om at AP sin uttale fra 2017 ikkje var forankra i eigne rekker. Men det var ingen som sa eit pip den gang. Det var først da alvoret byrja å senke seg, at det var den Høgreleia regjeringa som ville få æra, og med eit stort og bråkete SP, at AP-folk fra heile distrikts-Norge byrja å høyre fra seg.
Det dukka stadig opp kritiske røyster, og det verka etterkvart som om INGEN av desse kritiske røystene hadde lest NOU-en som vart presentert etter eit par års intenst og godt arbeid.
AP-folk fra heile landet stod fram og sa at dette eksperimentet ville dei ikkje være med på, og at vi måtte tenke på våre barn. Ei generell avkriminalisering for alle ville være ei sniklegalisering, presterte endatil vårt lokale AP-lag å hevde. Da ser vi nivået; Det er ikkje rare greiene. 


Men no stundar det mot kommune og fylkestingvalg att. Det er meg såleis ei stor glede av mange av dei mest rabiate motstemmene i AP ikkje tek attval. For AP har, i motsetning til Sp, ein stor og progressiv fløy som evner å tenke nytt. Eller "twitter-Venstre" som utenriksminister Huitfeldt ynder å kalle sine eigne partifeller. 
Avsløringane av samrøret mellom ekstremistorganisasjonen NNPF og norsk politi, må da også ha opne augene til ein del fra AP. For det er ikkje til å komme unna; NNPF, saman med IOGT og paraplyorganisasjonen Actis var sjølve lokomotiva for å stanse det som tross alt var eit konservativt reformforslag. Metodane var spreiing av løgner og skremselspropaganda, og dette hadde aldri kome for ein dag dersom det hadde blitt "ja" til reforma den gang i juni 2021. 
Vi kan med andre ord konkludere med at det faktisk var ganske så bra at det vart "nei" på Stortinget den gang, med tanke på all styggedommen som har blitt avdekka i ettertid. NNPF ligg med broten rygg, SP er avslørt som det politstatvennlige partiet dei er, og AP er svakare enn nokon gang.

Og berre så det er sagt: Ved neste korsveg går vi ikkje for avkriminalisering. Nå er det legalisering som gjelder. Store ting er i ferd med å¨skje ute i verda på den fronten, snøballen blir berre større og større, og alle forbudskjeglene som står i vegen her i landet vil snart finne på andre måter å suge fra tilskotsskassa på. Joda, dei vil framleis hevde at forbod er bra for å beskytte våre barn, sekttenkning endrer seg ikkje over natta. 

Men det er vi som i fleire år har vore i mindretal, som nå er på offensiven. Det er vi som er på rett side av historia, fordi vi arbeider for ein human og kunnskapsbasert narkotikapolitikk, fjernt fra tidlegare tiders moralisme og fordommar mot "dei andre".

Vi treng berre å jobbe vidare ei stund enda. Vi har ikkje tenkt å gi oss. Til slutt kjem vi i mål.
Støre sitt nei skal vise seg å være høgst midlertidig. Derfor takk til den på twitter som laga denne "filmplakaten", basert på filmen "Kongens Nei". Eg har ingen aning om kven som står bak denne morsomme saken, men kudos til vedkommande iallfall!

Legg spesielt merke til terningkasta.




Han fikk i det minste støtte fra SP og Frp. Det varmer sikkert.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden