"Bruken av kokain har eksplodert"

27.5.2023:

Løgnene og dumskapen har slett ikkje stoppa opp siden eg skreiv denne posten for eit par månader siden.

Tvert om, det florerer med ugrunna skremselspropaganda om at det flyter med kokain overalt, og at alle bruker det. Vel, ein slik framstilling er sjølvsagt heilt ko-ko, og det er ingenting som reklamerer og normaliserer kokainbruk som når politifolk (les: NNPF), lokalmedia, (Samt VG, dagens kommentar derfra var noko av det dummaste eg har lest i ei avis), dumme politikarar og straffekaniner generelt, taler om kor vanlig det er med kokain. I spissen står især politiske parti, ja eg ser på Krf og Senterpartiet, dei to partia som finn det passande å innføre menneskerettsbrot mot brukarar av illegale rusmiddel. 

Joda, det er nok ingen grunn til å underslå at det er ein auke i bruk av kokain, men at det flyter omkring og det er særs utbredd i ungdomsmiljøa, ja det er berre tull. Eg skulle så inderlig ønske at dei nevnte gruppene (NNPF forkledd som politi, dumme lokaljournalister og enda dummere lokalpolitkarar) kunne forholde seg til fakta.

Nå vil sikkert nokon hevde at det er stygt å betegne folk som "dumme", men eg finn ikkje meir passande ord. Krf og SP har blitt forklart dette maaaaange ganger, men det er akkurat som dei ikkje vil. Eller evner. Ergo: Dumme.

La oss sjå på ein rykande fersk uttale om kokainbruk.
Vi har tidlegare sett på den "enorme" auken fra 2018 til 2022, der det gikk fra 2,8% av den vaksne befolkninga som har prøvd, til 4,7%. Altså; Den "omfattande kokainbruken som er overalt" er altså sååå omfattande at 95% ikkje ein gang har prøvd.

Den nyaste undersøkinga fra Oslo, som gjeld elever på vidaregåande skule, viser at det skal være ei "mangedobling" i kokainbruk, og at det er nå så vanlig at ein ikkje kan gå på ein einaste fest uten at det er folk som bruker, ikkje prøver kokain. 
Ja, det er så vanlig at bruken har gått fra 3% i 2018 og "mangedobla" seg til 8% i 2023.

Nå har eg aldri vært eit mattegeni, men korleis 3 kan bli mangedobla til 8 er meg ei gåte. 

Eller for å sei det på ein annan måte: 92% av elevane på vidaregåande skule i Oslo har IKKJE prøvd kokain.

Kvifor får vi slike hysteriske oppslag, når bruken er tross alt minimal?

Svar: Fordi nokon har nytte av å hause opp bruken, slik at våre lettskremte(Krf) og reaksjonære(SP) folkevalgte kan fatte vedtak som gir dei same som hauser opp bruken, ei mengde fordeler. Med narkotikapanikk, så er det lett å treffe forhasta og dårlege beslutningar. Det er ei mengde stemmer som nå snakkar om "manglande verktøy hos politiet", men personleg ser eg at politiet har minst mogleg med narkotikapolitikk å gjere i det heile tatt. Joda, dei kan gjerne gå etter smuglarar og produsenter, samt dei som selger i litt større skala, men bruk og erverv er ikkje ei politisak. 


Det er trist at dei omtalte gruppene (lokalmedia og lokalpolitikarar) lar set lure gang på gang av udokumenterte påstander om "kokain overalt", når realitetane er at kokain er eit lite utbredd rusmiddel, som er forbeholdt enda mindre deler av befolkninga.


Dessuten, og dette er litt viktig; kokainbruken auker i heile Europa. Ergo kan vi avslutte den tåpelige debatten om at det er Riksadvokatens rundskriv fra 2021 som er årsaka.

Vår heimlige Riksadvokat kan da ikkje ha innverknad på brukstrender i resten av Europa, like lite som Unge Venstre har bestemt at cannabis skal legaliserast i Tyskland.


Hats off to Østlandsposten forresten, som i eit lengre intervju her i dag, var svært balanserte i framstillinga av narkotikabruken. Dei hadde endatil vett til å spørre den intervjua politimannen om han var medlem i NNPF. Svar: "Det ønsker jeg ikke å svare på". Såklart var han medlem, iallfall så seint som i 2020, iflg. dei omtale medlemslistene som kom ut i fjor ein gang. 
Men det er unektlig litt underholdande at han ikkje eingang vil vedkjenne seg medlemsskapet da. Det er nok slik at medlemsskap i NNPF ikkje har den samme status som det eingang hadde. Heldigvis. 

Personleg er eg langt meir bekymra for alkoholkonsumet som leier inn til kokainbruk, da desse to rusmidla gjerne vert nytta i kombinasjon. Og blandingsrus er ikkje til å leike med. Folk rusa på amfetamin og alkohol t.d..... oi-oi....
Dessuten, kor smart er det å drive med negativ reklame om at alle bruker det, når vi veit at det siste ein ungdom vil, er å skille seg ut? "Når alle bruker det, så må jo eg også?"

Til alt hell har eg ikkje sett lokale skremselsoppslag, og eg håper eg kan slippe det også. 

Skjønt, det er vel bare å vente på at eit forkledd NNPF-medlem må gå ut å advare.

Stay tuned på denne kanal, i fall det skjer!


***************************************************



 I ei mengde (koordinerte?) og meir eller mindre sannferdige og etterrettelige mediaoppslag fra heile landet dei siste månadane, så får ein inntrykk av at det flyter kokain rundt om på kvar ein fest, og at det er lettare å få tak i kokain enn alkohol.


Vel, dersom det siste var tilfelle, så fortel det oss berre at alkoholpolitikken vår fungerer svært godt, og at narkotikapolitikken er heilt elendig.

Påstandane om nærast massiv bruk av kokain, kjem ikkje lenger fra NNPF, da dei jo ikkje har truverde nå til dags, men fra deira nyttige idiotar i diverse bransjar. Bl.a. har kø inn til utelivets toalett vore brukt som argument for at det vert snorta striper i bøttevis der inne på dassane. kilder til dette har vore influencere, som "har hørt om", eller det kan være vektarane på utestadane. 
Desse langt fra stadfesta påstandane har så lettlurte politikarar, lokalmedia og diverse andre av NNPF sine medsammensvorne, tatt som eit tegn på at , joda, kokain flyter.
I min ungdom var eg ute på byen sikkert hundrevis av ganger, og det var ALLTID kø inn på dass. Årsak: Folk drakk øl, og når ein tømmer i seg nokre halvlitrar i løpet av eit par timar, så skal ølet gjerne ut att. DET er årsaka til toalettkøane, ikkje at folk drar striper fra toalettringen. Kven vil vel eigentleg det? Har de eigentleg sett kor lite treffsikre menn kan bli når dei skal pisse i fylla??
Det er jo adskillig lettare å lukte på ein nøkkel belagt med kokain ute på eit dansgolv eller i trengselen ellers i lokalet. 

Nei, kokain er ikkje til å spøke med, det kan være svært avhengigheitsskapande, og bør for all del unngåast.
Men det nytter ikkje med gamle dagars "just say no", som avholdsrørslas mørkemenn framleis ynder å proklamere. Vi veit at bruken kjem til å være der, uansett, så derfor må vi sørge for at skadene av bruken vert minst mogleg. Det gjer vi ikkje ved å la kriminelle styre marknaden, men det er nå ein gang dette systemet vi har valgt.


Nok om det.

La oss heller sjå om det verkeleg ER slik at "kokain flyter", som vi høyrer fra ungdomsråd her, avholdsfolk der, samt fra bekymra mødre og forvirra fedre spredd utover heile landet, ispedd diverse uvitande politikarar. (Ja, Senterungdommen, eg ser på dykk, saman med det nesten like kunnskapslause moderpartiet de har.)

Ein vanleg påstand i det siste er at Riksadvokatens rundskriv fra eit par år tilbake, har medført at politiet ikkje lenger har verkemiddel (som dei aldri har hatt), og som ein direkte følge av dette får vi altså (ta-daaa!!) kokain-eksplosjon.

Skrekkpropagandaen kjem fra dei siste tala fra FHI, og seinast framført i all sin uvitenheit i gårsdagens Dagsnytt 18 fra Senterpartiets Ivar Prestbakmo, medlem av justiskomiteen og greier.
"Vi har hatt en økning på ca 50% siste to år i bruken av kokain". Dette skuldast visstnok eine og åleine Riksadvokatens grep, nå som politiet "har mista verktøya sine". 

La oss sjå på tala da.



Her har vi tala for unge, dvs. 16-30 år som har brukt sentralstimulerande stoff siste år. Joda, det er rett at kokainbruken har dobla seg, dvs. auka med 50%, noko som høyres svært dramatisk ut. Men dette vert brukt av Actis og resten av avholdsrørslas dommedagsprofetar som, ja nettopp, for å ha ein dramatisk effekt. Det høyres jo adskillig verre ut  med 50% økning enn at istaden for to personar av hundre, så har nå nesten fem personar av hundre brukt kokain. Tala er fra grafen , den blå streken åra 2020 og 2022.
Men at nå knappe fem% av unge vaksne har prøvd kokain siste året, skal det liksom være ein EKSPLOSJON???

Som vi også ser, har bruken av amfetamin og ecstasy gått NED i samme periode. Dette vert aldri nevnt av straffenissane som vil beholde forbod og straff som verkemiddel. 
Skal vi ta deira logikk seriøst, så må dei også innsjå at dersom det er slik at Riksadvokatens presiserte regelverk fekk kokainbruken OPP, så fikk det samme regelverket bruken av amfetamin og MDMA til å gå NED. 
Det høyrer vi aldri noko om, og det er sjølvsagt fordi straffelobbyen kun ser etter forskning som taler til deira favør, rein og skjær kirsebærplukking.


La oss så ta ein kikk på kokainbruk for heile befolkninga. Det skal nemleg ikkje være dei unge som dominerer kokainbruken, det er visstnok finansfiffen som gjer det.
Og finansmiljøet er ikkje for sarte sjeler. Rett nok har eg vore ein del av finansmiljøet sjølv, men sjølv om eg såg masse alkohol, så såg eg aldri snurten av hverken kokain eller horer ala "Exit", ein serie som Senterpartiet meiner vi skal basere narkotikapolitikken vår på....


Over til tala for kokain, befolkninga sett under eitt:

Joda, nesten 10% av norske menn har prøvd kokain ein eller annan gang. Men sjølv om dette altså er eit svært avhengigheitsskapande stoff, så er det ikkje meir avhengigheitsskapande enn at kun 3 % har prøvd det siste året. 
Totalt, kvinner og menn sett under eitt, har 7,3% prøvd i løpet av livet, medan usle 2,1% har prøvd det siste år.

Så, ein eksplosjon, når to av hundre personar har prøvd kokain?? I beg to differ. 


Men det som IALLFALL er sikkert er at kokainbruk er noko nytt, og det har aldri vore så ille som nå. 
Det har vi også høyrt før. 

Slik som i denne artikkelen fra 2008.

Eg limer inn eit lite utdrag:








For 15 år sidan gikk altså Stavangerpolitiet ut med etatens vanlige skrekkpropaganda om at kokain var i ferd med å bli "vanlig" og "mer tilgjenglig".
Det er m.a.o. akkurat det samme som blir sagt nå til dags.

Det var feil den gang og det er feil nå.

Nei, dette er ikkje noko forsvar for kokainbruk, og eit ynskje om at eg kan dra stripene mine i fred, slik som eg har fått slengt i trynet når eg har påvist feil og løgn ang. cannabis. Eg har aldri prøvd kokain, (eller cannabis for den saks skuld) skal heller ikkje prøve, men eg veit at det kjem til å bli/har blitt brukt av folk eg kjenner, og da vil eg gjerne at det dei bruker skal være tryggast mogleg.

Hvis eg kan komme med ein slags konklusjon, så må det være at nokon eksplosjon i kokainbruk, det er ei regelrett løgn. Ein viss auke etter Riksadvokatens presisering, javel, men da må den samme presiseringa også ha medført ein reduksjon i bruk av amfetamin og MDMA. Så ergo kan ikkje den presiseringa ha vore heilt ille likevel.


Igjen; Eg skulle ønske at politiske parti, da spesielt Senterpartiet, satte seg berre ein MIKROSKOPISK smule inn i sakene. Det er ikkje så vanskelig, ein må berre være villig til å få gamle fordommar utfordra, slik som eg fikk for ein del år sidan.

Eg trudde,  eller rettare; VISSTE at cannabis var inngangsporten til heroin. Eg VISSTE at straff og forbud var det einaste som fikk folk til å slutte med narkotika.

Vel, I stand corrected.

Eg innrømmer gladelig at eg tok feil, og til alt hell innser fleire og fleire at den mangeårige propagandaen fra NNPF og deira medsammensvorne i Actis, at det vi sa den gangen på 1990-talet, og heilt fram til i dag, det var feil, endatil bevisst løgn.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden