Da har det gått NI år.
Til opplysning så sletta Facebook linken til denne posten ca. 30 minuttar etter at den vart lagt ut, 2.9.2024.
Nå prøver eg igjen, etter å ha tatt bort dei gamle bilda fra i fjor vår.
:
Oppdatert, høsten 2024
Vi kom oss igjennom dagen i år også.
På eit slags vis.
Ni år er gått, men det er framleis usigelig sårt.
Det som også er sårt er at dette tragiske tilfellet kunne, burde og skulle vore unngått.
Eg kan, som i fjor ikkje klare å tilgi dei som førte til denne hendinga, dvs. Vest Politidistrikt og Politidirektoratet, som gjorde så mykje feil og ulovlige handlingar mot oss. Joda, vi har fått orsakning fra statssekretær og ass. politidirektør, men fra vår katastrofe av ein justisminister, og like stor katastrofe av ein politidirektør, har vi høyrt null.
Derfor må vi fortsette å jobbe for ein rusreform, de veit den som AP og SP sa det hasta slik med, tilbake i 2021. Tre år etterpå klarer ikkje desse partia å få ein reform på plass, men velger å utsette og trenere, slik at dei kanskje får nokre fleire stemmer til neste høst.
Gudbedre kor usmaklig denne regjeringa er på rusfeltet.
***************************************
21. august er vorte Den Mørke Dagen for oss.
Det er datoen da eg fant Kristoffer død på badet i kjellaren etter at han hadde tatt sitt eige liv.
Årsaka til at han ikkje ville leve lenger var som dei fleste av mine lesarar kjenner til, at han vart fratatt førarkortet. Hadde han køyrt i fylla, eller brote fartsgrensa på ein grov måte, så hadde det vore ok med inndratt førarkort.
Men det var altså ikkje tilfellet. Han mista førarkortet fordi han ca. åtte-ni månader før hadde røyka hasj, fem-seks ganger i løpet av nokre månader, og det meinte altså politiet kvalifiserte til at han var "ikke edruelig", og inndrog dermed førarkortet hans for eitt år.
Kristoffer fant dette svært urettvist, og kunne altså ikkje leve med det.
Det kan være verdt å nevne at det ikkje vart funne spor av rusmiddel i kroppen hans etter obduksjonen, og at det einaste politiet hadde å forholde seg til, var at han vedgikk bruk av hasj. Nokre dagar etter hans død fikk vi vite av ein/ei i politiet, at dersom han ikkje hadde vore ærleg, så hadde det ikkje vore grunnlag for å inndra førarkortet hans, og han hadde dermed kunne levd i dag.
Åtte år har gått sidan den gang, han skulle nå vært 26 år gamal.
Etter det første sjokket, og den langvarige depresjonen deretter, så byrja snøballen å rulle for mitt no etterkvart langvarige engasjement i rusdebatten.
Det var mangeårig "hasjaktivist" Bjørn Dahl fra Hålandsdalen som i det linka avisoppslaget gjorde meg merksam på at alt det som politiet hadde gjort mot Kristoffer muligens ikkje var heilt etter boka. Dette oppdaga vi på vesle julafta 2016, og ein kan vel sei at julefeiringa var noget....dempa...
Det viste seg at politiet hadde gjort ei rekke formelle feil i både Bjørn Dahl si sak, og tilsvarande i "våre saker".
Praksisen med å inndra førarkort grunna "ikke edruelig" var sterkt kritisert av Sivilombudsmannen, og nokre år seinare vart praksisen stoppa, iallfall på det grunnlaget vi opplevde. Såklart kan vi ikkje ha rusa personar køyrande omkring i trafikken, men det er forskjell på det, og ein som røyker hasj fem ganger på fire månader, og blir fratatt førarkortet eit halvår seinare.
Så oppdaga eg gradvis meir feil som politiet hadde gjort. Og meir. Og meir.
Vi var ikkje dei einaste som har opplevd lovbrot fra politiet si side i slike saker, for å sei det mildt, men la oss nå først gå attende til august 2015, dvs. da førarkortet var inndrege. Dette skjedde som sagt kun basert på vedgåing, ingen tekniske bevis i form av blod eller urinprøver, trafikkulukker, tylekøyring e.l.
Det høyrer også med til historia at broren vart pågrepen på arbeidsplassen av uniformert politi, det vart utført ransaking der, samt at det vart føreteke ransaking i heimen.
Alle desse tinga skjedde utan at det var heimel for det, viser det seg nå i ettertid.
"Det var slik praksis var".
Eg fikk t.d. aldri vite om ransakinga her i huset, før etter at Kristoffer var død, enda det er MITT hus.
I inndragingsvedtaket stod det at vedtaket kunne påklages til Politidirektoratet, noko vi gjorde innan fristen på sju dagar. Sakshandsamingstida i POD derimot, var lysår fra å være ei veke, nokre månader kunne vi forvente.
21. august fant eg altså Kristoffer død, og ti dagar etterpå fikk vi avslaget fra POD. Dette var endeleg, og det kunne ikkje påklagast eller prøvast for domstolane.
Begge deler viste seg å være feil. Vedtaket KUNNE påklagst til Sivilombudsmannen, og det KUNNE, som Bjørn Dahl hadde gjort, prøvast for domstolen, og ikkje nok med det; Dersom vedtaket hadde blitt prøvd, så hadde vi mest sannsynleg fått medhold, jfr. praksis.
Det vi fekk opplyst fra POD var regelrett FEIL, og det beklaga dei halvanna år etterpå. Uten at det hjalp oss, eller at det fekk konsekvensar for ein einaste politiansatt som hadde vore involvert i saka.
Etterkvart som åra gjekk, og utviklinga i narkotikasaker likeså, så vart det også avdekka at bruk av tvangsmiddel basert på kun narkotikabruk og erverv (oppbevaring til eige bruk) ikkje var heimla i lov. Det var berre ein praksis som politiet hadde tilegna seg i nokre tiår.
Bruk av illegale rusmiddel er eit så bagatellmessig lovbrot at bruk av tvangsmiddel ikkje skal nyttast i ein demokratisk rettsstat iflg. Straffeprosesslova. Riksadvokaten bestemte derfor at den tidlegare praksisen måtte opphøyre umiddelbart. Politiets profesjonelle gråtekoner i NNPF var straks ute og klaga sin nød. Som vi forventa. Dakars. Det må være hardt å følge lova, etter så mange år å ha gjort som dei vil, og ikkje som dei har hatt lov til.
Høgsterett har også kome fram til at inndragning av førarkort grunna "ikke edruelig" slik som vi opplevde heller ikkje kvalifiserte til inndratt førarkort.
Så der har vi det altså:
Førarkorta vart inndrege utan heimel i lov, ransaking vart føreteke utan heimel i lov og vi fikk feil opplysningar om klageadgang.
Og dette førte altså til at Kristoffer omtrent over natta mista forstanden, og tok sitt eige liv.
Joda, eg synes vi har all grunn til å være ein SMULE sure (Les: Fly forbanna/rasande) på Retts og Påtaleeininga i Vest Politidistrikt avd. Florø, og dei i Politidirektoratet som ikkje kunne jobben sin. Det har dessverre vist seg å være ganske mange. Døme: Førerkortet vart inndrege åtte månader etter siste hasjblås. Var det meir trafikkfare da? Såklart ikkje. Inndragninga vart gjort for å være ei "ekstra straff", under dekke av å kalle det "forvaltning". Dette er, eller i det minste var, ei heilt vanleg "uformel straffereaksjon" ovanfor unge menn. Førarkortinndragning er nemleg ikkje straff, det skal berre kjennes slik ut...
Systematisert dugløyse, arroganse og ansvarsfråskriving er vel det mest positive eg kan skrive om dei nemnde statlege instansar nå i farten.
I ettertid har det kome ein beklagelse fra politiet ang. ransakingane. og det har også kome ein fra ein statssekretær .
Uten at det har hjelpt oss, for da vi fulgte justisministerens "råd" om å kreve erstatning via Spesialenheten, så vart den henlagt grunna foreldelse. Joda, ein kritikk av politiet var det fra Spesialeininga, men er det forelda, så er det forelda. Eg prøvde da Statens Sivilrettslige forvaltning, for det hadde også justisministeren henvist til.
Vel, der var avslaget slik at vi kunne ikkje søke erstatning på vegne av ein som er død....
Jepp.
Ein får tillit til systemet når det er slik fatt.... Gudbedre for eit opplegg.
Hadde eg hatt tid, krefter og ikkje minst økonomi til det, så hadde eg kontakta advokat Elden i kveld, og bedt han sjå på saka. Men årevis med trenering fra Vest Politidistrikt og Politidirektoratet har krevd sitt. Eg klarer ikkje meir, og da var vel dei nemnde instansar fornøgde? Foruten å drive Kristoffer til å ta sitt eige liv, så har denne historia gjort meg delvis ufør. Så.....takk skal de f**n meg ha, Vest Politidistrikt og Politidirektorat. Eg har INGENTING godt å sei om desse instansane i dag.
ALLE har beklaga, praksisen som kosta Kristoffer livet var ulovleg......og det får null konsekvensar for dei som stod bak alt dette. Byråkratiet er nemleg som å fange tåke med gaffel; Det er uråd å få ein kjeft til å ta ansvar, og iallfall ikkje med dagens ubrukelige regime i justissektoren, slike som ministeren og politidirektøren.
I åra som har gått sidan eg leste om Bjørn Dahl i avisa, så har det imidlertid skjedd svært mykje på rusfronten. I 2016 var det omtrent uråd å snakke om "legalisering" uten å bli sett på som ein "stoner" sjølv.
Men etterkvart som det eine skjelettet etter det andre har ramla ut av narkotikaskapet, så har det skjedd ikkje noko mindre enn ein revolusjon på området. Heldigvis.
La meg ta det artigaste først: I 2015 fantes det stort sett berre ei stemme på narkotikafeltet, nemleg den til Norsk Narkotikapolitiforening. Spol fram sju-åtte år, og denne foreninga er takka være #narkotwitter avslørt i å være ein antidemokratisk ekstremistorganisasjon, som har måtte skifte navn, og der medlemsflukta har vore formidabel. Fra å ha ca 3600 medlemmer på det meste, til ca. 2000 i dag, iflg. organisasjonens eigne opplysningar. Dei brukte norsk politi sitt gode navn og rykte til å infiltrere skular, arbeidsliv, utelivsbransjen og gudane veit kva, i form av dritdyre og ubrukelige kurs, som nå ingen vil ha lenger.
Ja, sidan eg har vore medlem der sjølv, så veit eg litt om kva "kunnskap" organisasjonen sit på. Den var forelda alt i 2003, det året eg slutta i etaten, og er enda meir utdatert i dag. Slik går det når ein er godt planta i 1991 enda.
Det har vore meg ein sann fornøyelse å sjå det som var DEN tonegivande røysta på området, forfalle til ei redd lita mus, som ikkje kan opne gapet utan å komme med nye forsøk på løgner. Til alt hell er det ingen som bryr seg om NNPF lenger.
Store deler av avholdsrørsla er også avkledd som dei dobbelmoralister og hyklarar dei er. Jo, eg har eigentleg stor sans for folk som er avholdne og måteholdne. Faktisk reknar eg meg ganske måteholden sjølv, da den siste ølen vart drukken på påskequizen.
Det eg ikkje kan utstå er avholdsrørsla si tru på straff som verkemiddel til å få folk til å slutte med illegale rusmiddel.
Altså; Det er ein årsak til at vi ikkje straffer dei som drikker for mykje lengre.
Og den er; Det verka ikkje. Straff fikk ikkje folk til å slutte å drikke.
Løsgjengerloven som heimla ein slags straffereaksjon ovanfor "fulle menn" vart avskaffa i 1970, og da måtte norsk politi og avholdsrørsla finne andre syndebukkar og avvikarar å bruke moralen sin på. Det passa bra at det på den tid vaks fram ein ny subkultur i form av langhåra ungdommar som røyka hasj og smakte på psykedelika. Når det ikkje kunne reagerast ovanfor "fyllikane", så var det alltids nokre nye avvikarar å herje med!
Det undrar meg stort at vi ikkje har lært av vår nære historie. Vi slutta å straffe "fulle menn" fordi det hadde ikkje noko hensikt og det ikkje virka, og på samme måte burde vi ikkje straffe "dopa tullingar" heller, uansett kor mykje/lite av illegale rusmiddel dei måtte nytte.
Menneskesynet til deler av avholdsrørsla har iallfall vorte avslørt i åra etter 2015. Forbundet mot Rusgift samanlikna dei rusavhengige med pedofile.
Leiar i NNPF på si side tok liksågodt og delte eit innlegg fra rasist"avisa" Resett der rusavhengige vart omtalt som "døende hester". Han sletta og beklaga ganske kjapt, men ikkje før han hadde delt det fire ganger....På den korte tida det låg ute, rakk ei mengde politifolk å "like" innlegget, deriblant daværande generalsekretær i NNPF.
Menneskesynet i NNPF vart avslørt ganske enkelt der.
Bilde fjerna av pr. 4.9.2024, da Facebook sletta den oppdaterte posten min 2.9.2024.
Eller vi kan ta tidl. generalsekretær i paraplyorganisasjonen Actis, som ymta frampå at Foreningen Tryggere Ruspolitikk burde miste sitt offentlige minstetilskot etter ein svært god og vellykka plakatkampanje i Oslo for nokre år sidan. Lett å sei, når ein sjølv og medlemsorganisasjonane i løpet av ein femårsperiode mottok nesten ein MILLIARD fra den samme offentlige stønadskassen.
Bilde fjerna av pr. 4.9.2024, da Facebook sletta den oppdaterte posten min 2.9.2024.Optimismen var derfor stor da det i 2017 OMSIDER var fleirtal på Stortinget for ein rusreform her i landet, "Fra Straff til Hjelp".
Sentralt her stod daværande helseminister Bent Høie, som sjølv erklærte at han som tidlegare straffenisse hadde tatt feil. Han hadde endra syn i saka. Slike politikarar må vi sette pris på!
Det er verdt å merke seg at før den tid var det faktisk Arbeiderpartiet, naturleg nok vil eg påstå, som hadde tala varmt for ein slik reform. AP er tross alt eit styringsparti, i motsetning til t.d. V og MDG som har utmerka seg som meir liberale siste åra.
Etter å ha innhenta ein stor mengde med høyringsforslag, så vart eit ganske så konservativt reformforslag lagt fram i februar 2021, dvs. i coronisk tid. Reaksjonane lot ikkje vente på seg, akkurat som vi kunne ha føresett. Norsk politi var i fistel, avholdsrørsla gikk amok, og politiske parti beit på løgnene og skrekkpropagandaen så det sang.
Som kjent enda det med at Arbeiderpartiet snudde i saka, noko som jo aldri skal gløymast eller tilgjevast. Reforma vart avvist, ganske enkelt fordi AP ikkje fikk ha sin kontroll på ein stor og viktig samfunnsreform.
Uten at sikkert ein kjeft bryr seg: Den dagen Jonas Gahr Støre flagga sitt syn på AP sitt digitale landsmøte i april 2021, så var det over og ut med AP for alltid. Eg meldte meg inn i V som ein symbolsk handling samme dag.
Igjen; Dette sviket og snuoperasjonen fra vårt største og viktigaste styringsparti (Eller: Var styringsparti iallfall. Nå til dags ser det ganske skralt ut.) kan og skal ikkje gløymast eller tilgjevast. Sidan den junidagen i 2021 da Stortingsfleirtalet sa "nei" til reform, har det døydd snart 800 menneske i narkotikarelaterte saker, og eg kan garantere at mange av desse hadde vore redda, dersom det ikkje hadde gått politisk prestisje i dette livsviktige spørsmålet den gang.
I mellomtida ventar vi på regjeringa sin nye "Rus, forbygging og behandlingsreform" som stadig blir skubba fram i tid. Med tanke på at det er justisminister Mehl som sit med taktstokken, og helseminister Kjerkol er usynleg i spørsmålet, så er eg mildt sagt ikkje optimist med tanke på denne "reforma".
Det er kanskje hardt å lese at AP "svikta" i denne saka. Men det fins ikkje andre ord. At SP og KRF er imot einkvar form for endring i ein ruspolitikk som alle andre ser ikkje fungerer, er nå så sin sak. Vi forventer liksom ingenting fornuftig fra dei i russpørsmål.
Men at AP skulle snu slik er uforståelig. Slik går det vel, når lysta på regjeringsmakt betydde meir enn å få på plass ein reform som kunne redde liv???
For tredje gang: Det var, er, og vil forbli, utilgivelig det AP gjorde den gang i 2021.
Eg må prøve komme inn på trådens opphavelege tema att:
Norsk narkotikapolitikk tok livet av Kristoffer.
Og ikkje berre han.
Norsk narkotikapolitikk har tatt livet av mange tusen personar i løpet av dei ca. 55 åra som har gått sidan Norge følgde etter høgreradikale krefter fra USA sin "war on drugs".
År etter år ligg Norge på dei øverste plassane i narkotikarelaterte dødsfall her i Europa.
Og i dei samme åra får vi høyre at vår narkotikapolitikk er ein suksess, fordi det er så få som bruker narkotika her i landet. Denne myten om "låg bruk" er så indoktrinert at dei fleste av våre uvitande politikarar, både nasjonalt, regionalt og lokalt hevdar det samme.
Men det er altså feil. Det stemmer ikkje, og det har ikkje stemt på mange år. Denne tabellen viser at Norge er omlag på snittet i Europa i narkotikabruk. Tala er henta fra European Drug Report 2022, og er altså ikkje noko heimesnekra dill som eg har dikta opp nå ei sommarnatt. Enda nyare tall er i linken rett over her, hvis du gidder å lese heile rapporten.
Bilde fjerna av pr. 4.9.2024, da Facebook sletta den oppdaterte posten min 2.9.2024.
Vår mangeårige strategi med å forby og straffe er feila. Den har ikkje holdt bruken nede, den har tatt livet av tusenvis av menneske, og den har gjort kriminelle søkkrike på ein enkel måte. Ta gjerne også med at vi har kasta bort milliardar av kroner på å la politi og rettsvesen bruke energi og sine "knappe ressursar" på å straffe tusenvis av brukarar av illegale rusmiddel.
Kunne vi heretter vore så fornuftige at vi lot helsepersonell ta seg av det som er helseutfordringar, og la dei som IKKJE har rusproblem få være i fred?
Dei som seier at norsk narkotikapolitikk er vellukka, er dei som har store fordeler av å holde politikken slik den er. Eg pleier å sei at dei einaste som tjener på dagens narkotikapolitikk er ein og anna karrierejagande politimann, samt alle dei kriminelle som tjener seg søkkrike på å ha 100% monopol. Sjansen for å bli tatt er forsvinnande liten, tiltross for alle banankasser med kokain som blir funne på BAMA for tida.
Dei som vil ha ei endring i norsk narkotikapolitikk, vert avspist med smular fra offentlige stønadsordningar, og må basere seg på spleiselag fra privatpersonar, samt gaver fra filantroper.
Takk og lov at vi har sistnevnte!!
Mykje arbeid står att før vi har ein human og kunnskapsbasert narkotikapolitikk her i landet. Vi er kome langt på veg; NNPF er avkledd som dei ekstremistar dei alltid har vore, dei politiske partia kan nå opent snakke om "legalisering", straff ovanfor rusavhengige er utruleg nok ALLE politiske parti enige om at det duger ikkje. Spørsmålet dei bør stille seg i AP, SP, KRF, samt voksenutgåva av FRP er: Kor mykje skal vi straffe brukarane før vi kan hjelpe dei? Kor mykje kokain, heroin, hasj, amfetamin m.m. vil dei anbefale å ta, slik at ein kan få hjelp, istaden for straff?
Høyres det dumt ut? Vel, det er resultatet av den politikken dei nemnde partia vil ha, så da får dei tåle det.
Eg finn ein smule trøyst i at AP garantert kjem til å endre kurs i dette spørsmålet. Nei, eg kjem aldri til å stemme på nokon fra det partiet lenger, men i motsetning til i KRF og i SP så fins det mange personar som VIL ha ein reform i AP. Dei er litt foraktlig kalla "twitter-Venstre" av utanriksministeren, men det er nå ikkje min sak. Seinast i høve dette årets kommunevalg, så har eg snakka med lokale AP-folk som seier at det er ei utvikling på området, og at ting vil endre seg. Det ser eg på som lovande, da det lokale AP-laget ikkje har utmerka seg spesielt positivt tidlegare på feltet.
Joda, eg VEIT at mitt engasjement i rusdebatten ikkje vekker den store interesse utover i lokalpolitikken, det er jo tross alt kommunevalg snart. Meir dagligdagse ting som straum, trygge vegar, snøbrøyting, eldre og helse, skule m.m.m. fengar sjølvsagt mykje meir på lokalplan. Slik skal det være.
Men for oss, som har opplevd kor ille det kan gå, når politiet ikkje kan følge lover og reglar, og det endatil koster eit kjært familiemedlem livet, så vil ruspolitikk være det viktigaste.
INGEN skulle behøve å oppleve det vi har gjort. Det å miste eit barn, kun fordi det var så viktig å straffe han for noko som tross alt er ein bagatell, er meir enn ein skulle tåle. Eg prisar meg lukkeleg for at eg er såpass som eg er. Det er den gjenlevande famile å takke for det.
Det er derfor utruleg provoserande å sjå politiske parti, som tross alt skal bestemme her i landet, så glatt ser bort fra kor ille det kan gå. Enda meir sørgeleg er det når lokale ungdomspolitikarar står for det samme, og endatil meiner at narkotikabrotsverk ikkje vert straffa hardt nok.
Når straffepolitikken driv folk til å ta livet sitt, og endatil ikkje det er nok; Kva løysing vil de da ha?
Eg garanterer at INGEN kjem til å svare på det. Straffekaniners løysing vil være å fortsette som vi har gjort i over 50 år. For DA blir det sikkert bedre! *Ironivarsel*
Når skal vi lære?
Straff for rusbruk redder ingen. Straff skader. Og tek livet av folk.
For oss er det for seint. Kristoffer har nå vært død i åtte år.
Men kanskje vi kan bidra til at andre kan slippe å gå igjennom det marerittet vi har.
Kommentarer
Legg inn en kommentar