I mellomtida.....I Ohio....
Oppdatert 9.11.2023:
Da er det gått mange månader sidan forrige oppdatering av denne posten.
Men den som venter på noko godt osv.
I dag skal vi til den amerikanske delstaten Ohio i midtvesten, USA. Der har det nå blitt vedtatt at cannabis skal legaliserast på delstatsnivå. Kontrasten til vår heimlige regjering, som leiter med lys og pinsett for å finne årsaker til å straffe folk for å bruke denne planta til noko hyggeleg, er himmelropande.
"Men dette er jo i USA, der er jo alt mogleg lov. Det er sikkert nokre liberale levningar fra Woodstock som har fått til dette" vil du sikkert tru.
Beklager, Ohio er ein delstat styrt av GOP (Republikanarane), og avgjerda er komen etter folkeavstemning nå i høst. 57% sa ja, 43% sa nei.
"Jammen Ohio er jo berre ein delstat, ingenting å bry seg om" vil du kanskje sei da.
Ohio er nå delstat nr. 24 som legaliserer cannabis til rekreasjonsbruk. I tillegg kjem det at cannabis er tillatt til medisinsk bruk i ei rekke delstater til.
Sjølv om Ohio kanskje "berre" er ein delstat, så bur det nesten 12 millionar der, fordelt på eit areal ca. ein tredjedel så stort som FastlandsNorge. DET er dimensjonane på denne legaliseringa.
Det er også dimensjonar på korleis legaliseringa skal finne stad 7.desember. Det vil da bli tillatt å ha 71 gram cannabis, eller 15 gram i konsentrert form til eige bruk, uten at eg har satt meg meir inn i kvar grensene går for kva som er konsentrert eller ei. Det vil også bli lovleg å oppbevare opptil 90(!) dagers bruk, samt å kunne dyrke heile 12 planter til eige bruk i husholdningar med minst ein voksen person.
Aldersgrensa er satt til 21 år.
Til samanlikning; Solbergregjeringa sitt forslag fra 2021, gikk ut på at opptil 5 gram cannabis kunne avkriminaliserast. "Eller eit frislipp uten sidestykke" som mange av våre folkevalgte på Stortinget fra SP, AP, og Frp presterte å kalle det. Vel, slikt kan ein sikkert sei, når ein ikkje har snøring på kva som eigentleg skjer ute i verda. Synd at vi har plassert mange av dei på Stortinget til å formynde over oss, gjerne forkledd som middelaldrande, vellykka, kvite menn. Her i landet foretrekker vi jo det harmlause rusmiddelet "alkohol". (Har akkurat sett episode tre av "Makta". Oboi)
Dette gjelder altså fra 7.12.2023, fram til da er bruk og oppbevaring framleis ulovlig, men i praksis er det allereie avkriminalisert. Det samme gjeld også dyrking til eige bruk.
Overgangen er m.a.o. ganske så formidabel.
Kvifor gjer Ohio dette?
Ganske enkelt fordi forbodet har vore meiningslaust. Det å straffe folk kun fordi dei kun bruker ei plante til rusmiddel, har etterkvart blitt sett på som ganske gammeldags. Det er svært talande at dei som gikk mest imot legalisering av cannabis i Ohio, var kristenkonservative organisasjoner. For å sitere ein av legaliseringstilhengarane "Det er som å høyre argumenta fra 20 år tilbake", da dei konservative skulle forsøke å hindre legalisering.
Det er også andre fornuftige grunnar, bl.a. at rusmiddel som alkohol og cannabis bør regulerast på samme måte, dvs. via offentlig godkjente salgsstader, og ikkje la kriminelle ha monopol på omsetninga. Dvs. slik som vi i Norge vil ha det; Kriminelt monopol altså.
Det skal visst være bra, synes fleirtalet på Stortinget.
Personleg synes eg Ohio slepper det litt langt. Eg ville foretrekt og sette grensa for oppbevaring på eit vesentleg lågare nivå, 20-30 gram, samt dyrking til eige bruk i langt mindre skala enn 12 planter.
Eg forventer ikkje at straffekaniner her heime får med seg dette, og heller ikkje at dei tek signala i det heile tatt. Her foretrekker vårt øverste folkevalgte organ, regjeringa, å fortsette i samme spor som dei siste 55 åra, uten evne eller vilje til nytenking på området.
I det minste plasserer dei seg i samme selskap som delstatane Texas, Mississippi, Alabama og Florida, for å nevne nokre få, som køyrer på straffelinja for rekreasjonsbruk, men har tillatt medisinsk cannabis.
I kun 13 delstater er det nå ulovleg med både rekreasjonell og medisinsk bruk (I ei eller anna form. Ørsmå mengder THC er tillatt her og der).
Igjen ser vi kor akterutsegla og gammeldags vår eigen politikk er på området. Frykt for det ukjente spelar inn, noko "ukjent" som over ein fjerdedel av landets befolkning har prøvd, iflg. FHI.
Sjekk denne tabellen:
*******************************************************
Oppdatert 15.4.2023:
vel, vel, vel.....
Dagane går, og fortare enn vi kan få sei "pensjonskapitalbevis" så raser cannabistoget vidare.
Sidan forrige innlegget mitt om korleis utviklinga går i Tyskland og USA, så er turen komen til Finland og Tsjekkia.
Tsjekkia først.
Der har medisinsk cannabis vore tilgjenglig på apoteket i ti år allereie. Det einaste som trengs er ein resept.
Nå har landet gått lengre, og det er utan tvil den store naboen Tyskland som inspirerer.
Nasjonalforsamlinga vil om ikkje så lenge få eit forslag om å stemme over ein legalisering av cannabis til rekreasjonelt bruk. Det er regjeringsoppnevnte utvalg som har undersøkt kva som vil være det beste alternativet for cannabisbruk framover, og konklusjonen er klar: Ei streng statleg regulering vil være best. Årsak: Bruken er der likevel, og da ønsker styresmaktene å redusere befolkninga sin kontakt med kriminelle miljø, samt å redusere skadene av bruk. Joda, det kan godt være at totalkonsumet vil auke ein smule, men så lenge det alltid vil være bruk likevel, så er altså konklusjonen at staten må ta grep, og regulere omsetningsleddet. Dei har innsett at vi må få ned skadeomfanget, ikkje nødvendigvis sjølve bruken.
Eit regulert og kontrollert omsetningsapparat for cannabis kan ventast i løpet av året, med ein forhåpentlig oppstart tidleg i 2024.
Meanwhile, i vårt naboland Finland, er det no for første gang eit fleirtal i befolkninga for avkriminalisering Finland er som kjent med i EU, og ser sjølvsagt korleis vinden snur. Nå vil sjølvsagt nokre sei at "jammen Sverige", men det tek eg ikkje så nøye. Sverige er enda meir i bakleksa i dette spørsmålet enn Norge er. Dei har enda fleire ressursar dei pøser ut på å straffeforfølge brukarar, dei har ein enda verre overdosestatistikk enn Norge, og ganske så store problem med kriminelle miljø som kjempar seg imellom om det lukrative svarte milliardmarkedet som narkotikaomsetning er.
I Finland er det slett ikkje utenkleg at ei reell avkriminalisering skjer om så lenge. Det vil i sin tur få ein ny narkotikapolitikk enda nærare oss.
Nå treng vi berre å vente på Danmark, som garantert følgjer etter Tyskland.
Ellers er det verdt å merke seg at den tyske helseministeren på onsdag gikk ut og kritiserte den nederlandske modellen, på akkurat samme måte som eg har gjort :-) Utan samanlikning forøvrig.
Den nederlandske modellen er uansvarleg, farleg og må frarådast for einkvar pris. Landet er mykje plaga av ein omfattande cannabisturisme, men alle varer vert skaffa via illegale kanalar. Dette kan jo ikkje gå bra. Bruk er altså ikkje noko som vert slått ned på av styresmaktene, men det er samtidig lagt alt til rette for at kriminelle håvar inn astronomiske summar.
Eg har sagt det før, og seier det gjerne igjen: Skal vi sjå på ein legaliseringsmodell her til lands, så må vi sjå til Canada. Store deler av dei ulike amerikanske modellane er kommersielt lagt opp, og det har eg verkeleg ikkje noko ønske om. Det canadiske systemet er føderalt, og ikkje lagt opp av kvar einskild delstat som hos naboen i sør. Det seier jo seg sjølv; Vi kan ikkje ha godkjente kommersielle utsalg i Vestland fylke, totalforbud i Rogaland og avkriminalisering i Møre og Romsdal.
Til slutt; Har eg fått nokon tilbakemelding på mine spørsmål om kva lokalpolitikarane i Luster måtte vite om cannabis, som ikkje dei veit i Tyskland og USA?
Ikkje eit pip.
Ikkje at eg forventa det heller.
Når politikarar vert stilt spørsmål om ting dei openbart ikkje kan noko om, så held dei gjerne kjeft.
Eller enda verre; Dei uttaler seg som om dei kan noko om temaet, men det lyser lang veg at dei ikkje har snøring. Slik som Senterungdommen og KrfU har for vane i dette spørsmålet.
*****************************************************
I dagens Sogn Avis, dvs. 12.4.2023, så dukka ordet "cannabis" opp på forsida. Det var i høve vår lokale ordførar som fortalde litt om kommunens satsing på frukt og grønt. Nåja, sjølvsagt vil det ikkje bli dyrka hverken cannabis eller tobakk her i kommunen, iallfall ikkje slik som det ein gang var for sistnemnde rusmiddel.
Nok om det.
Kvifor er dette interessant, akkurat i dag, kun nokre dagar før 4:20?
Jo, i dag har nemleg Tyskland skissert deler av sin framtidige cannabispolitikk. Dei går bort fra forbudspolitikken, som ikkje har virka likevel, og tek eit nytt og i europeisk samanheng, eit ganske så stort sprang.
I løpet av året, skjønt det blir nok nyttårsafta før endringane vert satt i vert, så kan vaksne tyske borgarar få lov til å ha på seg 25 gram cannabis, utan at det skal medføre straffereaksjonar. Bruk skal ikkje skje på offentleg plass, det vert ingen reklame, og det er framleis ikkje heilt avklara kva omsetningsapparat Tyskland går inn for. Eit klubbsystem etter nederlandsk modell er bl.a. diskutert. Nei, cannabis er IKKJE legalisert i Nederland, men det er tolerert. Kanskje den verste modellen av alle, men det er ei anna historie.
Det gode er at ein skal få lov til å dyrke litt heime også, inntil tre planter er nå lov å "kultivere", utan at ein risikerer straff.
Ein slags omsetning i statleg regi, evt. offentleg godkjente private utsalg kan også bli ein realitet.
Om nokre månader altså, kun ein ferjetur unna....
Himmelen kjem heller ikkje til å falle ned i Tyskland i åra framover. Trur vi verkeleg at dette ville blitt gjort dersom det ikkje var grundig vurdert? Vi snakker om Tyskland, ei økonomisk stormakt, og sjølve lokomotivet i Europa.
Canada eksisterer jo enda, over fire år etter legaliseringa, som etter å ha vore ein middelmådig suksess første året, nå må seiast å være ein svært vellykka historie og eit eksempel til etterfølging.
Det er da eg MÅ spørre: Kva er det vi her i Norge veit om farene om cannabis, som dei ikkje tek hensyn til i Tyskland (snart også Tsjekkia, Frankrike, Danmark....)?
Kva er det vi sit på av risikovurderingar som har gått Tyskalnd og USA hus forbi?
Kva veit vi i Luster om cannabisbruk, som dei ikkje veit i New York, der det no vert lov å dyrke 12 planter pr. husstand? Er det spesielt farleg å fyre ein joint for oss nordmenn generelt, og oss lustringar spesielt?
Eg skal svare på dette sjølv:
Gjennom tiår er vi fora med løgner og skrekkpropaganda om kor farleg hasj er, at det er ein inngangsport til "narkotikahelvetet". At det øydelegg hjernen vår, at ein blir psykotisk av EIN hasjblås.
Joda, hasjbruk i store mengder er ikkje helsekost, og det skal bestemt ikkje brukast av unge under 18-20 år. Men når vi synes det er best å la kriminelle stå for omsetninga, så kan det ikkje unngåast at det oppstår ei rekke problem.
Så, medan vår eigen ordførar står i avisa og seier at det ikkje blir korkje tobakk eller cannabisdyrking i Luster, så nærmar det seg ubønnhørleg eit skifte i narkotikapolitikken her i landet også. Mykje har skjedd, men vi er langt fra i mål enda. Det beste er at vi ikkje kjem til å stoppe snøballen nå.
Dessuten, kven vil vel satse på tobakksdyrking her i landet nå til dags? Det er omtrent ingen unge som røyker tobakk lenger, (Sjølv om det er ei heilt lovleg vare) og spør du meg, så burde det satsast på noko så lovleg som medisinsk cannabisdyrking også her til lands. Som smertelindring for dei som vil ha, og treng, eit alternativ til eksempelvis morfin, eit sterkt vanedannande preparat, som eg sjølv har hatt stor glede og nytte av.
Dog; Eg forstår SVÆRT godt kor lett det kan være å bli avhengig av slikt. Det hadde ein etterlengta og mykje god smertelindring. Dersom nokon kan oppnå samme smertelindring ved medisinsk cannabisbruk, så kvifor ikkje? Det er på langt nær så farleg og avhengigheitsskapande som morfin.
Vi gjer det iallfall ikkje lettare for rusavhengige dersom vi synes det er smart å straffe dei. Og når vi ikkje straffer dei som er sjuke, kvifor skal vi i alle dager straffe dei som ikkje har rusproblem? Skal vi straffe dei så mykje og lenge slik at vi er sikre på at dei FÅR problem til slutt? DA først skal vi hjelpe dei altså....
Vel, nå får vi berre vente på regjeringas mykje omtala "rus, forbyggings og behandlingsreform" som justisminister Mehl kalla det. Uten at eg heilt forstår kva justisdepartementet har med helse å gjere, men nå er jo dette den grå-grå regjeringa da.
Til neste år skal reformforslaget leggast fram, sjølvsagt lenge etter det dei først sa. I mellomtida får vi sikkert nokre hundre døde til, uendlige klagesangar fra Norsk Narkotikapolitiforening forkledd som politi, samt forvirra politikarar ala han smartingen fra FRP som reagerte på at ei offentleg nettside gav saklig informasjon.
Til slutt vil eg berre gjenta spørsmålet, gjerne retta til våre lokale politkarar:
Kva informasjon er det vi her i Luster sit på, som dei ikkje veit om i Tyskland og New York?
Eg har spurt det lokale Arbeidarpartiet tidlegare, og skulle du sett; INGEN derfra kunne svare meg på det samme spørsmålet.
Kvifor? Tja, kanskje fordi ikkje sat på den informasjonen, men berre drog det fram av sitt eige hovud?
Eg tviler nemleg sterkt på at våre lokalpolitikarar veit meir om narkotikapolitikk enn styresmaktene i Tyskland og USA.
Faktisk er eg heilt sikker på at dei veit meir der. Fordi dei har gidda å sette seg inn i problematikken på ein kunnskapsbasert måte, og ikkje berre basert på utdaterte fordommar og moral.
Kommentarer
Legg inn en kommentar