"Politiet og narkotika. Overgrep, sensur og politisk innflytelse"

Det er på tide med ei bokmelding igjen.
Og ganske så fjernt fra Game of Thrones bøkene der eg nå har kommen igjenom dei fire første i serien.

Vi skal til ei høgst dagsaktuell av sorten, nemleg "Politiet og narkotika" av Jon-Ove Flovik Olsen, utgitt på forlaget Lille Måne nå i juni.


Eg fikk boka i posten nå på mandag, og har lest dei ca. 270 sidene ganske så kjapt.
Det meste var kjent stoff fra før, ein har da tross alt vore ein del av debatten siste åra, men det vert liksom litt meir kjøtt på beina når vi får det satt inn i ein granskande og kritisk samanheng.  Flovik Olsen er samfunnsvitar, og eg tør påstå at han veit kva han skriv om. Her er det kildehenvisningar på ALT, noko som jo dokumenterer kor ille det har vært i norsk narkotikapolitikk dei siste 50-60 år.

For det har vært ille, verkeleg ille. Antagligvis verre enn nokon kunne forestille seg, berre for nokre få år sidan.

Boka er ikkje eit forsvarsverk for rusbruk, ei heller ein hyllest til illegale rusmiddel. Nei, dette er eit kritisk blikk på vår mangeårige narkotikapolitikk, og ikkje minst korleis norsk politi har operert gjennom fleire tiår, bl.a. under dekke av ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening,(NNPF).
Det høyrer med til historia at eg sjølv var medlem i NNPF fra oppstart i 1991, og til eg slutta i etaten i 2003. Det var ein god og viktig organisasjon, meinte eg den gang i 1991, men mitt engasjement dala betraktleg etter tusenårsskiftet. Liksom; Når skal dette ta slutt??

Som seg hør og bør startar boka med eit historisk tilbakeblikk, på bl.a. avholdsorganisasjonane sin framvekst på siste del av 1800-talet. Vi er innom forbodstida på 1920-talet, før vi får ei grundigare innføring i korleis norsk narkotikapolitikk vart født og forma fra 1960-talet og fram til våre dagar.

Og om du lurer på kor grunnlaget til norsk narkotikapolitikk kjem fra, så treng du ikkje leite lenger. Det stammer ikkje fra ordtaket "sunn sjel i sunt legeme". "The war on drugs" vart for alvor satt i verk av president Nixon, og derfra finn vi dette berømte sitatet, sagt under ei høring i 1994.



Det er meir enn eit islett rasisme i dette, fra ytre høgre i amerikansk politikk, og nå i ettertid er det meg ei gåte at dette framleis kan ha grobotn i store deler av norsk politikk og samfunnsliv.
Joda, at dei ikkje veit bedre i FRP, SP og Krf er nå så sin sak, eg forventer ikkje bedre derfra. Men at det framleis er folk fra vårt viktigaste styringsparti, AP, som trur at dei skal "beskytte ungdommen", når det altså opphaveleg handla om å kue minoritetar i USA...det bør dei verkeleg skamme seg over.

Boka skildrar så korleis "kampen" vert stadig meir uforsonleg og kompromisslaus utover på 1970 og 1980-talet, med bl.a. opprettinga av den etterkvart berykta URO-patruljen i Oslo. URO er i dag heldigvis forlengst nedlagt, da dei opptrådde på ein måte som Oslopolitiet ikkje lenger kunne stå inne for. Uttrykket "stat i staten" har vel aldri passa så godt som der.

Med ei etterkvart stadig sterkare samansausing av politi, fagforeningar, avholdsrørsla og politiske parti, så når norsk narkotikapolitikk sitt "høgdepunkt" i 1991 da Norsk Narkotikapolitiforening vart stifta, etter mønster fra søsterorganisasjonen i Sverige SNPF. SNPF er på si side sterkt inspirert av DARE-prosjektet i USA på den tid, og det same skal også skje med NNPF.
I byrjinga skal NNPF være eit slags faglig forum, der målet er å lære andre politifolk opp i denne type arbeid. Det forteller oss også svært mykje om kor prestisjefylt (og enkelt) narkotikaarbeid er i politiet, når det ikkje fins t.d. "Norsk seksualovergrepspolitiforening", "Norsk tyveripolitiforening", eller "Norsk Miljøkriminalitetforening".
Narkotikaarbeid har alltid hatt ein viss prestisje og har bydd på "action" som andre lovbrot ikkje har kunne gjort. Derav også opprettinga av den horrible URO i si tid.

Utover på 1990-talet endrar imidlertid NNPF seg fra å drive intern opplæring og faglig påfyll, til å bli ein narkotikapolitisk lobbyforening. Dei er imot einkvar form for endring, og meiner på eit tidspunkt at det bør være høve til å rusteste på alle norske arbeidsplassar, utan nokon form for konkret mistanke. Dette forslaget vart såklart aldri gjennomført. Utpå 2000-talet får dei endatil medlemsskap i paraplyorganisasjonen Actis, tidlegare "Avholdsfolkets Landsråd", og da forstår eg at Actis aldri har vore på julebord med NNPF......

Boka tek oss også med på NNPF sitt inntog i skulane, og ikkje minst er kapittelet der dei aktivt går inn for å stoppe Unge Venstre og Fremskrittspartiets Ungdom så seint som i 2019 eit skrekkens eksempel på antidemokratiske verkemiddel.  Joda, det er greit at dei ikkje er enige med bodskapet, (Legalize it) men det er politiske ytringar som er fullt lovlige. I ein demokratisk rettsstat er det nettopp dei "utålelige" ytringane som skal tålast, men "Legalize it" vart altså for hard kost. NNPF gikk aktivt inn, under dekke av å utgi seg for å være politi, for å stoppe politiske ytringar som dei ikkje likte. Dei fekk med seg fleire skular på dette vanviddsopplegget, og lukkast faktisk tildels også. Det verste var likevel da ein av deira hovedpersonar i ein e-post skrytte av at dei hadde klart å stoppe UV på ein skule i Bergen. Eit typisk eksempel på antidemokratisk adferd, i regi av ein "frivillig og ideell" forening, som tilfeldigvis hadde "politi" i navnet sitt.
Norsk politi har tolerert at islamske ekstremistar, nordiske nazistar og andre fra ytre venstre og høgre fløy går i tog og ropar sine slagord, men at politiske parti har ein plakat med "Legalize it"; det vart altså dråpen.

Sjølve navnet til NNPF var da heller ikkje tilfeldig, og har sjølvsagt lurt mange kommuneansatte og bedrifter til å gi dei støtte opp gjennom åra. Det er som i Tromsø for nokre få år sidan "Vi trodde det var narkotikapolitiet, de het jo det", etter at dei fikk faktura på eit sekssifra beløp for enda eit ubrukelig kurs.

Eg må også nevne aksjonane mot Teri Krebs og Hege Grostad som groteske eksempel på ille det kan gå, når NNPF involverer seg. Begge desse vart pågrepne etter å ha ytra seg om ein annan ruspolitikk enn vår gjeldane. Krebs under "marihuana-marsjen" i 2013, der ho "så rusa ut" iflg. den seinare generalsekretæren i NNPF, medan Grostad openbart hadde blitt overvåka på sosiale media av eit overivrig NNPF-medlem, som vedkommande tipsa kommunen om. Kva med ......teieplikt...?
Deira "forbrytelse" som førte til pågriping, bruk av tvangsmiddel og prøvetaking? Jo, dei hadde snakka "postivt om illegale rusmidler". Altså, eit nytt eksempel på at visse ytringar ikkje skal tålast i ein rettsstat. Det vi andre enn NNPF kaller "antidemokratiske verkemiddel".


Det var eigentleg Stortingets nei, les AP sin snuoperasjon i 2021, som medførte at norsk narkotikapolitikk har blitt så endra som den er. Jo, Solbergregjeringa sin reform vart nedstemt etter at Ap snudde, men det var allereie for seint å stoppe dominobrikkene fra å falle. Kombinert med ein ny Riksadvokat (Tidl. medlem i NNPF i 25 år), og nokre dommar fra Høgsterett, så vart Stortinget plassert i baksetet, som dei fortjente etter sin famøse opptreden i juni 2021 da Solbergregjeringa sitt reformforslag vart nedstemt. 

Ei rekke kritiske medieoppslag, uttaler fra juristar, politikarar og andre samfunnsdebattanter, medførte at NNPF sitt tilhøve i norsk politi vart satt under granskning. Dommen kom i januar 2023, og den var knusande. Samrøret var totalt, og saman med andre belastande saker, som Baneheia, Tengs og alle dei ulovlige soningane, så vart norsk politi sitt gode navn og rykte ganske så ettertrykkeleg svekka. 
Det ironiske er jo at dette neppe hadde skjedd dersom det hadde blitt "ja" til Solbergreforma sitt forslag, for da hadde nemleg #narkotwitter aldri sett dagens lys.
#narkotwitter vart først brukt som eit slags skjellsord av NNPF på twitter, men vart raskt snudd til ei hedersbetegning, da sjeletta ramla ut av politiskapa fortare enn vi kan sei "strukturfunksjonalismen". Det er #narkotwitter i stor grad å takke for at NNPF i dag ligger der, med omtrent null aktivitet, med eit anna navn, og med ein sterkt redusert medlemsmasse. Den lokalpolitikar i dag som vil ta borti NNPF, veit neppe sitt eige beste, da foreninga er avslørt som den ekstremistorganisasjonen den er, og som eg altså dessverre har vært ein del av.

#narkotwitter vart endatil nominert til Skup-prisen for sin granskande og avslørande borgarjournalistikk, vel fortjent spør du meg.



Boka "Politiet og narkotika" er ei rystande og dokumentert fortelling om kor ille det kan gå, når vi lar ekstreme holdningar og personar som NNPF få innpass på aller høgaste nivå i vårt einaste sivile maktapparat. Kombinert med bevisst manipulering og infiltrering i politiske parti, embedsverk og i avholdsrørsla vart NNPF ein farlig organisasjon som vart for høge på seg sjølv, og til slutt vart dei og politiet altså tatt for å bruke ulovlige metodar i fleire tiår. Slik kan det gå når infiltreringa går for langt, endatil i ein fungerande(?) rettsstat som vår. 


Boka kan anbefalast alle som har eit snev av interesse for vår nære historie, men også for dei som har mindre enn middels interesse for ruspolitikk. Vi må berre håpe at desse NNPF-ekstremistane no har mista sin farlege innflytelse for godt. 
Oppsummert vil eg sei at dette er kanskje den viktigaste boka på området på svært mange år her i landet. Som sagt har forfattaren dokumentert og henvist til kilder på alt, og det gjer det kanskje enda verre: Alt her er sant.


PS: Mitt eige engasjement skuldast sjølvsagt det vi opplevde i 2015. Med ein rettvis, klok og kunnskapsbasert narkotikapolitikk hadde vi framleis vore fulltalilige i familen. Eg kan sjølvsagt aldri tilgi dei i Sogndal og Luster lensmannsdistrikt som lurte Kristoffer til å innrømme bruk og erverv av hasj, samt at dei ransaka mitt hus, utan at eg nokon gang fikk vite om det. Eg kan heller aldri tilgi vedkommande politijurist i Florø, og sjølvsagt ikkje dei i Politidirektoratet som sa så mykje feil til oss, og endatil sendte eit brev til Kristoffer datert ei veke etter at han var død. Fuck you all.
Det er desse instansane som har Kristoffers sitt blod på hendene, og det skal eg dessverre aldri gløyme. 

Nå skal de bestille boka, som fortjener årets mest soleklare 






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden