Topptrimmen 2023 - 2025: Vestre Holåtind

Da var det gjort for denne gang også.
10 nye og tildels svært fine toppar rundt om i kommunen er besøkt. Nokre av dei var av den heller enkle sorten, medan andre var tunge og slitsomme. Dvs. akkurat slik det skal være! Vi har besøkt deler av kommunen som vi garantert aldri hadde besøkt ellers, så da får vi sjå om vi orker å begynne på enda ein runde til neste år.
60 toppar er besøkt, og totalt 75 toppturar er nå på cv`en. Det er ikkje til å stikke under stol at det hadde vore moro å få med seg dei 40 siste også....hvis helsa tillet det.

Tur nr. 10 i denne runden vart Vestre Holåtind, 2039 moh, beliggande på grensa til Skjåk kommune.
Her er vi laaangt inne i Breheimen, med vill og storslagen natur på alle kanter.
Laurdag 2. august la vi i veg, etter først å ha forsert det som må være ein av landets mest ekstreme vegstrekningar. For den som ikkje har køyrt innover til Nørstedalseter, så kan denne turen verkeleg anbefalast. Hydro, som er vegeigar, er i gang med utbetringar her og der, men det er jo like høgt ned i dei verste juva for det....
Vi hadde på førehand funne ut at vi kunne køyre heilt inn til Medalen før vi byrja å gå. Ei stund vurderte vi å starte på Fivlemyrane, men det ville gjort turen sju-åtte km. lengre, og SÅÅÅÅ gøy er det ikkje å labbe rundt i norsk fjellheim. 
Vegen fra Nørstedalseter og inn til tippen rett nedanfor Medalsvatnet er skikkelig elendig. Det er som å køyre på ein veg under utbygging i åtte km. Ingen vits i å reise inn hit med den nye millionbilen din. 

Vel ute av bilen, etter to(!!) timars køyring, hadde vi eit lite diskusjonsmøte om kor vi skulle legge ruta. Turlaget anbefaler at ein går vest for Illvassnosi, men igjen; Kvifor gå lengre enn vi absolutt må? Det blir da nok timar og km. på denne turen likevel. Vi valgte derfor å gå over Bualøyfti. Hvis det skulle vise seg å by på vanskar, så kunne vi berre gå rundt Illvassnosi på veg heim att. Joda, det vart nokre fleire meter opp/ned, men det var eigentleg ingen problem å ta seg over her. Tips: Gå på venstre side av elva, sett nedanfra. Da sparer du deg ei elvekryssing eller to. På denne varme sommardagen var det forholdsvis god vassføring, men det roar seg nok seinare på høsten. Her var vi allereie komne opp på over 1550 moh. og vatnet her oppe var framleis dekt av is etter forrige vinter. Eg vil også påstå at det var ganske mykje snø i fjellet, enda vi var komne til august månad. Vi gikk på vestsida av vatnet på høgde 1552, og måtte over eit band før vi kunne gå nedatt mot brevatnet på høgde 1551. 
Her er det uråd å gå på austsida av vatnet, fordi at Holåbreen ligg heilt nedi. Det kan være greit å være klar over faren med at breen kalvar med tilhøyrande flodbølger. 
Det var uansett inga anna råd enn at vi måtte vasse over her i elvosen. Det var ingen behagleg oppleving. Snøen låg ned i vatnet, berre fem meter fra der vi kryssa, og igjen: Dette er grønt brevatn. kun ein km. derfra ligg ein isbre heilt ned i vatnet som vi skulle vasse i.....
At det var ein fin dag, gjorde at smeltinga fikk litt ekstra fart på seg, med dertilhøyrande frisk vannføring. Neida, farleg var det ikkje, men kaldt av ein anna planet. 
Da vi var komne velberga over, så var det tid for ein matbit og planlegging av dei siste 490 høgdemetrane. Det kan være ein fordel å gå langs vatnet fram til ein kjem til foten av sjølve Vestre Holåtind. Der er det ein markert rygg oppover, som ein kan sjå på kartet. Og så er det berre til å gå... Vi foretrekker å gå på fast fjell framfor stein, og det kan ein gjere forbausande mykje oppover her. Litt bratt og slitsomt er det jo, men ikkje noko verre enn vi har opplevd før. Opp mot toppen slakker det gradvis av, før ein sjølvsagt skal så langt bortover som det er mogleg. Slik er det jo alltid.

På toppen var det praktfull utsikt, ikkje minst NED på Holåbreen, eit par hundre meter rett under oss. Nabotoppane Midtre og Austre Holåtind ligg like ved, men dei er altså i Skjåk kommune, så dit kjem vi aldri. På andre sida av Illvatnet kunne vi sjå nabotoppen Tundredalskyrkja, og rett bak der igjen, ligg Tverrådalskyrkja og ventar. Hvis vi klarer å komme oss opp på sistnemnde da, når den tid kjem.

Foto, signering og klypp i kortet, før det var på tide med ein liten matbit. Brukbart vær, men ein smule vind gjorde opphaldet noko kortare enn vi kanskje kunne håpa på, men vi rakk iallfall å nyte utsikta i 360 grader :-)

Nedatt fra Vestre Holåtind gikk det også greit. Her er ein ikkje 100% avhengig av å følge eitt spor, men det er satt opp nokre vardar her og der, som kan være greie å sjå etter. Vi satte også opp eit par enkle vardar, ifall det er topptrimmarar som ikkje har vore her enda.
Ved vatnet nede på høgde 1551, så var det som om vassføringa hadde auka ein smule. Det var også som om vatnet var, om mogleg, enda kaldare enn da vi kryssa det på vegen opp nokre timar før. 

Etter elvekryssinga var det ny pause, og vi var einige om at ruta om Bualøyfti var såpass tidsbesparande at vi tok samme rute tilbake. Nå holdt vi oss også på vestsida av elva heile vegen, slik at vi slapp fleire utfordringar med elvekryssing.
Dei siste par kilometrane bort til bilen, var gudsjammerleg seige. Ikkje fordi det var så tungt, men fordi det ser ut som om det er 300 meter å gå, og så er det to km.

Etter dryge åtte timar og 16,6 km. var vi tilbake til bilane. Hvis vi hadde vore superlokalkjende, så kunne vi spart inn nokre hundre meter, men ingen av oss hadde vore her før, og ingen av oss kjem neppe heller tilbake. Dermed trur eg vi kunne sei oss veldig nøgde med trasevalget. Det gav oss 1049 høgdemeter, enda vi starta på 1270 moh. og skulle opp på 2039. Den vesle snarvegen over Bualøyfti gav oss kanhende eit par hundre ekstra høgdemeter, men også ein to-tre km. kortare å gå enn dersom vi skulle valgt å gå vest for Illvassnosi. 
Så må kvar einskild finne ut kvar dei vil gå; Om dei vil følge våre spor, gå vest om Illvassnosi, eller starte fra Fivlemyrane. Vår rute kan iallfall trygt anbefalast.

Med dette er Topptrimmen 2023 - 2025 eit avslutta kapittel. Det har vorte 10 turar i høgst varierande terreng, fra ein ettermiddag opp til Børesteinen, til bortimot klatring til Stetinden. Og her er vi ved heile poenget; Varierte turar rundt om i kommunen, der vi må finne turen på eiga hand. Eg liker å utforske og finne rutene sjølv, utan mange andre som skal vise veg. Vi reiser i små grupper, og trives med det. Andre vil gå åleine, medan atter andre vil gå med lokale vegvisarar. Uansett; Det viktigaste er at ein kjem seg ut i vår storslåtte fjellheim.  


Lukke til med kommande topptrimmar!!


Bilder:


Dette har sjølvsagt null med toppturar å gjere, men denne laurdagen kom det cruiseskip til Skjolden, og med morgontåka, så gav det berre ei spesiell stemning som eg måtte ta bilde av. Så; Derfor.


Det omtala brevatnet og elvosen. Vi gikk over her, og det ser tilforlatleg ut, men det er dei kaldaste 30 sekundar eg har opplevd.



Bilde tatt like ovanfor elvosen på det forrige bildet. Det er Vestre Holåtind vi ser til venstre, og Midtre Holåtind litt lenger bak. Holåbreen ligg som vi ser ned i vatnet. Vi kan også sjå ryggen oppover der vi gikk. Mrk. at det er 490 høgdemeter fra vatnet og opp til toppen, så det er lengre og brattare enn det ser ut til!



Bilde fra toppen. Det er Illvatnet vi ser til venstre, og så er det vel Harbardsbreen vi ser over. Vi kunne og sjå att Sveidalsnosi, der vi hadde ein lang og slitsom tur i fjor høst.


Forsøk på panoramafoto over Holåbreen og med Midtre og Austre Holåtind til høgre i bildet. 


Ein fjellfie høyrer med! Dette er fra 1980 moh, på veg ned. Ein og annan stein skjuler seg i norske fjell. Ryggen som vi gikk på, er nå godt synleg.


Fra startpunktet. Sjølv om dette bildet er tatt da vi var komne ned att. Bualøyfti er det vesle skaret vi ser omtrent midt på bildet. Det ser kanskje litt kronglete ut på avstand, men det var bedre når vi kom nærare.


Vegen mellom Medalen og Nørstedalseter fortener eit eige bilde. Sidan eg var passasjer, så kunne eg forevige med dette bildet. Det SER nok ikkje så ille ut, men tru meg; Dette var ein humpete tur.


Diverse utbyggingar av vasskraft på 1950-talet medførte at dette, som var ein av verdas høgaste fossar, no er kun ein bekk, i beste fall. Vel, vel. Framsteget krevde sitt.


Stravaspor. Ca. 16,6 km, og 1049 høgdemeter. Vi brukte dryge åtte timar, inkl, alle pausar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi