Innlegg

Viser innlegg fra august, 2023

Da har det gått TI år.

Bilde
21.8.2025: Oppdatert. Igjen. Nei, det blir ikkje lettare med åra. Ein berre lærer seg å leve med tapet. Ti år er gått sidan eg fant Kristoffer død på badet i kjellaren vår. Det er heilt utruleg at det har gått så lang tid, for det verkar på mange måter som det skjedde for ti veker sidan. Eller ti månader. Og i nokre tunge stunder er det som om det var ti dagar siden. Slik er livet med PTSD, og det unner eg ingen. Usynlige plager som kan dukke opp når som helst, og kor som helst. Dei som veit, dei veit. Ein er ikkje blitt mildare med åra. Nei, faktisk kjenner eg nå kun forakt for dei som framleis meiner at det er rett å straffe folk for bruk av illegale rusmiddel. For Kristoffer var akkurat ein slik som iflg. straffenissane fortjente ein " normgivende reaksjon ", som tidl generalsekretær i NNPF så sårande sa det ein gang. Da eg spurte om denne normgivande reaksjonen var så viktig å bevare at den medførte at folk tok sitt eige liv, så fekk eg aldri svar. Vart blokkert istaden. ...