Ein tur med toget: Thamshavnbanen
Sulitjelmabanen og transportlinja fra Rjukan til Herøya er nok dei mest spennande jernbaner vi har hatt her i landet. Som ein god pallkandidat må vi deretter plassere Thamshavnbanen i Trøndelag. Den gikk, eller rettare; den eksisterer som museumsbane, mellom Løkken verk og Thamshavn.
Kva er det som gjer denne 25 km. lange banestrekninga så spesiell?
Det er fleire ting.
Sporvidden er på 1000 mm, og såvidt meg bekjent er det ingen andre baner i landet som har hatt denne sporvidda. Litt trikkedrift er det einaste eg kan huske i farten. Det KAN sjølvsagt være at ein skikkelig banekjennar må arrestere meg på dette, så da får eg tåle det. Eg driv med dette som ein av mange interesser, og kjenner ikkje alle detaljer.
Thamshavnbanen hadde også ei spesiell elektrisk drift, som var på den tid eineståande i landet, men det tekniske må eg overlate til dei som kan det.
Dernest er Thamshavnbanen den einaste smalspora bana i landet som vart ombygd til normalspor med ei tredje skinne ein kort periode, før normalsporet vart FJERNA igjen. Og DET er det ingen andre banestrekningar i landet som har opplevd.
Til sist må vi ta med at Thamshavnbanen er ein av svææææært få jernbaner her i landet, som aldri vart knytta til det nasjonale banenettet.
(Midlertidige anleggs og industribaner høyrer ikkje heime i denne kategorien. Da måtte vi jo tatt med banedrifta i høve Jostedalsutbygginga også, og DET gidder eg virkelig ikkje)
Den vart aldri forlenga til Trondheim og tilknytning til Dovrebanen, som kunne ha vore ei løysing.
Dei andre banene som ikkje vart knytta til det nasjonale nettet skal vi komme attende til i seinare postar.
Når ein høyrer orda "Løkken verk", så forstår ein kanskje også at meininga med bana var som ei godsbane i høve gruvedrift. Ved å nytte denne effektive måten å transportere malm på, så kunne det fraktast enorme mengder ned til sjøen, der det vart frakta vidare. I løpet av toppåret 1937 vart det frakta opp mot 600 000 tonn gods, ganske imponert over det!
Thamshavnbanen vart bygd for over 115 år sidan, og opna i 1908. Som sagt var det i utgangspunktet ei rein godsbane, men det vart også ganske så mange passasjerer etterkvart. Statistikken viser at passasjertala var høgast i 1943(!) da over 300 000 passasjerer reiste med bana. Det er også ganske imponerande, men det fortel også mykje om kor viktig bana var for krigsproduksjonen. Bana opplevde mange dramatiske hendingar i krigsåra, og vart utsatt for sabotasje fra norske motstandsfolk. Desse hendingane var den direkte årsaka til at det vart lagt inn ei tredje skinne for normalspor, da det ikkje var enkelt å finne togmateriell på 1000 mm sporvidde i Tyskland.
Da krigen var slutt vart bana reparert etter dei mange sabotasjehendinane, og godstransporten tok seg opp att. Men nå gikk det nedover med gruveverksemda her også. Joda, det vart frakta 500 000 tonn like etter at freden kom, men så gikk det feil veg. I 1963 var det slutt på all ordinær gods og passasjertransport. I 11 år til gikk det såkalla kistog, men tida for Thamshavnbanen som transportlinje var forbi. I 1974 var det endelig slutt.
Men Thamshavnbana ville ikkje dø heilt. Til tross for at 300 års gruvedrift var over litt utpå 1980-talet, så låg bana der framleis, og den kunne få eit liv som ein av våre fine museumsbaner.
Det var Orkla som eigde både gruver og bane, og dei har gjort eit godt arbeid med å ta vare på denne delen av vår nære historie, i motsetning med t.d. Sulitjelmabanen.
Om det er synd at denne spesielle bana er nedlagt for kommersiell trafikk? Tja, det kjem an på auga som ser. Bana var jo enkelt laga, med krappe svingar, og ganske så bratt til tider, det er nemleg den nestbrattaste i landet etter Flåmsbana. Når gruvedrifta var slutt, og alle kjøpte seg privatbil, så var det ganske enkelt ikkje grunnlag for drift lenger. Det må ein berre akseptere. Her er det ikkje snakk om ei bane som vart nedlagt fordi staten ikkje ville betale for bruken lenger. Dette var ei privat eigd jernbane som fungerte svært godt i mange år. Det er ikkje som med t.d. Brevikbanen, Ålgårdbanen og Lierbanen (kjem tilbake til den seinare) som alle ligg/låg i tett befolka område, og som staten ikkje ville bruke kroner på å oppruste.
I dag er Thamshavnbanen eit museumsbesøk verdt, har eg forstått. Så neste gang eg er i Trøndelag, så må eg nok ta turen forbi. Det skal bli skøy! Får berre håpe at Orkla har fått bana på skinnene att da, for i 2023 har museumstoga nemleg vore innstilt....
Kommentarer
Legg inn en kommentar