Topptrimmen 2023 - 2025: Tverrdalstind
Da var det på tide med ein ny topp igjen, og vi får ta dei verste så snart vi har høve til det. Etter Stetinden og kontrasten på Børesteinen, var det Sogndals einaste "tind" som stod for tur; Tverrdalstind på 1585 moh. Jammen, Sogndal....dette er da Luster Turlag sin topptrim??? Såklart, men Tverrdalstind er ein grensetopp. Startpunkt er fra Anestølen lengst framme i Sogndalsdalen, ein av svært få stølar det framleis er drift. Her er det smart å parkere bilen på det inngjerda området, slik at ikkje nokon av dei parhundre geitene som er der skulle finne på å hoppe rundt på det nylakka panseret ditt. Eller glasstaket mitt. Fra Anestølen på ca. 440 moh kan ein gå fleire fine ruter, og opp på mange flotte toppar, men vi skulle altså over mot Luster igjen. Det er skilta mot Tverrdalen, og sidan det er mange geiter her samt ein del sau, så er det laga stiar oppover mot første delmål, Tverrdalsvotni. Dette er som vi da skjønner to mindre vatn lengst oppi dalen. Stien er mykje bruk...