Topptrimmen 2023 - 2025: Tverrdalstind

 Da var det på tide med ein ny topp igjen, og vi får ta dei verste så snart vi har høve til det.
Etter Stetinden og kontrasten på Børesteinen, var det Sogndals einaste "tind" som stod for tur; Tverrdalstind på 1585 moh. 

Jammen, Sogndal....dette er da Luster Turlag sin topptrim??? Såklart, men Tverrdalstind er ein grensetopp.

Startpunkt er fra Anestølen lengst framme i Sogndalsdalen, ein av svært få stølar det framleis er drift. Her er det smart å parkere bilen på det inngjerda området, slik at ikkje nokon av dei parhundre geitene som er der skulle finne på å hoppe rundt på det nylakka panseret ditt. Eller glasstaket mitt.

Fra Anestølen på ca. 440 moh kan ein gå fleire fine ruter, og opp på mange flotte toppar, men vi skulle altså over mot Luster igjen. Det er skilta mot Tverrdalen, og sidan det er mange geiter her samt ein del sau, så er det laga stiar oppover mot første delmål, Tverrdalsvotni. Dette er som vi da skjønner to mindre vatn lengst oppi dalen. Stien er mykje brukt, av geiter først og fremst, og kan ikkje seiast å være lett og gå. Det er ein heller tung sti og ferdast i, og vi skal opp 500 høgdemeter på ca. tre km. I utgangspunktet er ikkje det så veldig bratt, men igjen: Stien er grov og prega av stor og mykje stein. 

Oppe ved Tverrdalsvotni på ca. 970 moh var det tidlegare ei lita bru som var grei å ha når ein skulle krysse elva. Denne ligg nå på land, og har såleis ikkje den store nytteverdien lengre. Men det er ingen grunn til å være uroleg. Elva er grei og krysse, anten ved å hoppe fra stein til stein rett nedanfor osen, eller ved å vasse over litt lenger nede i elva. 

Vel over på motsatt side av elva, er det så berre til å komme seg opp i terrenget. Det er ein svært markert morene som har eit geitetråkk øverst, og dette kan være greit å følge oppover. Det er ellers sau og geitestiar vidare oppover i dalsida også, men dei skal ikkje alltid opp på dei toppane vi skal, så ein må fravike desse stiane her og der :-)
Om det var bratt opp TIL Tverrdalsvotni, så er det også bratt VIDARE. Det er nye 350 høgdemeter på halvannan km. og pass på at du ikkje går for langt mot høgre. Da vil du havne for høgt opp mot det navnlause vatnet ca. på kote 1350, og må gå ein del ned igjen. Det vil du jo ikkje. Samtidig må du heller ikkje gå for langt til venstre oppover, for da havnar du i vanskeleg terreng når du nærmar deg Store Tverrdalsvatn. 

Vi traff eigentleg ganske bra på turen opp, men det var nok fordi vi hadde gått her før, den gang vi var på nabotoppen Tuftanovi for ein del år attende. Den gang gikk vi for langt mot høgre oppover.

Sjølv om vi her var komne opp på over 1350 moh, og vi kunne sjå Tverrdalstind berre 2,5 km. fra der vi stod, så betyr ikkje det at ein er snart framme.
Neida, vi må ned i terrenget att, og her var det framleis ein del snøfenner vi måtte krysse. 
Den lengste av desse er på veg til Yngsdalsskaret, og her er det krevande å gå. Ein går på skrå, og hvis det ikkje er snø, så er det grus og ur. Det er ikkje eit snev av sti her, men terrenget har laga til ei slags hylle i ura, som ein kan sjå på lang avstand. Den kan ein sette seg som mål å gå i. Faktisk er det nesten berre der ein kan gå, dersom ein skal komme seg bort i skaret. Du forstår det når du ser det.

Nede i Yngsdalsskaret på knappe 1350 moh vil eg tippe det er mange topptrimmarar som har stoppa, kikka opp mot den siste biten og tenkt; "Korleis skal vi komme oss her?"
Det er ikkje så rart. Det ser nesten uframkommeleg ut for oss vanlige folk, og eg hugsar vi sleit skikkeleg da vi skulle opp her forrige gang. Sidan den gang har det vore mange topptrimmarar her, og det er nå satt opp nokre enkle vardar her og der. Ein skal uansett holde litt til høgre opp dette bratte partiet, og med litt hjelp, så kom vi alle opp på veldig greit vis. Så vert det gradvis mindre bratt, og så er ein framme. Siste biten fra Yngsdalsskaret skal ein opp 330 høgdemeter på 700 meter, så da forstår ein at det er bratt til tider. Men det er aldri høgt utover eller skummelt, kun litt kronglete til tider.

Vi var oppe på Tverrdalstind etter tre timar og 48 minuttar, og nøyaktig sju km. gange. Herfra kunne vi sjå bort på den enda meir krevjande Tuftanovi, og nedatt i Eldedalen som fører ned til Veitastrond. 
Det er sjølvsagt fullt mogleg å over her, men det hadde ikkje vi planar om. 
Aberet med å gå ned att på Anestølen, er at vi skulle ned att i Yngsdalsskaret, og det kunne jo bli litt utfordrande?
Neida, med god planlegging og forsiktig nedfart klarde alle sju å komme seg ned. Litt bistand på dei verste partia, men forutan det, så gikk det svært bra. Det er viktig å ikkje ta sjansar i dette krevande og øde landskapet.

Så var det berre til å komme seg gjennom rasterrenget, over snøen og ned bratta til Tverrdalsvotni igjen. Vi fulgte ikkje heilt i dei samme spora som vi hadde tatt opp, men det gikk heilt greit for det. Igjen: Kjem ein for nærme Store Tverrdalsvatnet, så havnar ein i bratt og ulendt terreng, så på veg nedatt; Hold heller litt mot venstre, men ikkje for langt mot det før namnde navnlause vatnet på kote 1350. 

Alle kom seg greit ned til Tverrdalsvotni og den mildt sagt ubehaglige stien ned til Anestølen, så da var vi godt fornøgde.

Totalt brukte vi i underkant av sju timar fra bil til bil, inkl alle pausar. Det må seiast å være bra, når vi var sju stk på tur. Det vart dryge 14 km. totalt, og over 1400 høgdemeter, til tross for at vi altså byrjar på 440 moh, og toppen er på 1580. Da forstår ein at her er det litt opp og ned.


Tverrdalstind er utan tvil ein av dei meir krevande toppane i denne utgåva av Topptrimmen. Terrenget slit ein ned gradvis, grunna den grove stien og dei stadige bakkane opp og ned. No, eit par dagar etterpå, merkast det framleis godt i beina. 
Dette er ikkje ein topp for den som skal på sin første tindetur. Til tross for den beskjedne høgda, er det altså ein slitsom tur. Vi som var der denne dagen har sikkert nokre hundre toppturar tilsaman, men eg kan garantere at alle var nøgde med at denne turen var gjort.

Eg må også fraråde at ein går åleine i dette øde og ville landskapet. Det er som sagt ein krevande tur, med ein viss fare for steinsprang, og ein kan jo sjølvsagt skade seg på anna vis også. Derfor; Ta med nokon og gå i følge. Ta det med ro når de skal opp/ned Yngsdalsskaret på veg til toppen, så skal dette gå fint.
Og som vanlig: Gå i finvær! Styggevær på denne krevande ruta, må være det reine idioti. 


Bilder: 


Skjermbilde fra Stravaprofilen min ang. denne turen. Dei små unnabakkane ser jo behaglige ut, men er meir irriterande når ein veit ein skal opp att etterpå.

Her er vi på Anestølen, og Tverrdalen er det dalføret viser omtrent midt i bildet. Opp dit må ein, dersom ein skal til Tverrdalstind.

Her er utløpet til Tverrdalsvotni, og elva vi ser midt på bildet kjem fra Store Tverrdalsvatnet. Som dei gaseller vi var, så hoppa vi enkelt og elegant over elva på dei steinane ein ser på bildet. Heilt i høgre biletkamt ser vi også den markerte morenen med geitesti på toppen. Den er grei å starte på når ein er komen over elva.

Her ser vi bort mot Yngsdalsskaret, og den markerte toppen til venstre er da Tverrdalstind. Vatnet vi ser litt av, er Store Tverrdalsvatn. Ein må gå over snøen her, og ta gjerne sikte på det som ser ut som ei slags hylle i ura nærast skaret.



Toppen! Like utanfor venstre biletkant er Tuftanovi, som ein kan bort til, hvis ein gidd. Men det vil du neppe.

Fra toppen av Tverrdalstind er det også fin utsikt ned att mot Yngsdalen.



Her er Store Tverrdalsvatn sett fra Tverrdalstind. Den store snøfonna i venstre biletkant måtte kryssast. Vi ser også kvifor ein ikkje skal komme for nær vatnet.



Kva dette er? Hugsar ikkje, men det viser iallfall kor vilt og øde det er her oppe i fjellet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden