Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2024

2024 blir til 2025

Bilde
Nyttårsaften. Igjen. Vel, det er bedre enn alternativet. Kva håper vi på, nå som året 2024 går inn i sine siste timar? Personlig vil eg berre beholde helsa og at mine næraste har det bra. Alt anna er uvesentlig. Men ute i den store verda kan vi håpe på så mangt. Vi KAN håpe at barbarnasjonane Russland og Israel sluttar å slakte mennesker som om det var skadedyr. Vi KAN håpe av den kommane regjeringa og presidenten i USA har eit snev av fornuft. Vi KAN håpe at verdas land kanskje gjer noko nyttig for å bremse klimaendringane. Samt masse anna vi KAN håpe på, men eg trur faktisk ingen av dei tre punkta over blir oppfylt. Her heime KAN vi håpe på at regjeringa går på eit katastrofevalg til høsten, og at dei vert feia ut av regjeringslokala fortare enn vi kan sei "salt og pepper". Vi KAN også håpe på ein kunnskapsbasert ruspolitikk. Vi KAN håpe på at jernbanen får eit løft. Vi KAN håpe på at kongehuset fortset å spenne bein på seg sjølv, slik at debatten om monarkiet vert ...