2024 blir til 2025
Nyttårsaften.
Igjen.
Vel, det er bedre enn alternativet.
Kva håper vi på, nå som året 2024 går inn i sine siste timar?
Personlig vil eg berre beholde helsa og at mine næraste har det bra. Alt anna er uvesentlig.
Men ute i den store verda kan vi håpe på så mangt.
Vi KAN håpe at barbarnasjonane Russland og Israel sluttar å slakte mennesker som om det var skadedyr.
Vi KAN håpe av den kommane regjeringa og presidenten i USA har eit snev av fornuft.
Vi KAN håpe at verdas land kanskje gjer noko nyttig for å bremse klimaendringane.
Samt masse anna vi KAN håpe på, men eg trur faktisk ingen av dei tre punkta over blir oppfylt.
Her heime KAN vi håpe på at regjeringa går på eit katastrofevalg til høsten, og at dei vert feia ut av regjeringslokala fortare enn vi kan sei "salt og pepper".
Vi KAN også håpe på ein kunnskapsbasert ruspolitikk.
Vi KAN håpe på at jernbanen får eit løft.
Vi KAN håpe på at kongehuset fortset å spenne bein på seg sjølv, slik at debatten om monarkiet vert berre sterkare og sterkare, slik at vi til slutt kan avskaffe den ordninga fra middelalderen.
Av desse trur eg berre dei to første punkta har eit snev av sjanse til å vinne fram. Ok da; Punkt ein ser skikkelig lovande ut, så la oss berre håpe trenden for regjeringspartia forsetter fram til september.
Her lokalt KAN vi håpe på at det omsider vert bygd dei 20 meter med turveg som står att mellom "Nyebrua" (fra midten av 1960-tallet) og turvegen til Marifjøra fra eit par år tilbake. Det vil ta ca. ein dag å fikse dette.
Vi KAN også håpe at det vert oppstart på vegutbetringa fra Nes og innover fjorden, såsant Vestland fylke klarer å finne dei kronene dei ikkje fant i 2024.
Vi KAN håpe at trenden for SP nasjonalt også slår inn lokalt. Det er nok nå.
Så nokre heilt urealistiske visjoner:
Vaksne folk bør få kjøpe cannabis på eigne utsalgsstader, uten å bli stempla som kriminelle. Folk må også få plukke fleinsopp utan at politi skal bruke sine "knappe ressurser" på å springe etter dei.
Fyrverkeri i privat regi må avskaffast, til tross for at ein statssekretær fra SP nå i romjula meinte at det var "viktig å opprettholde eit regulert og kontrollert marked, slik at også folk utanfor dei store byane kan få oppleve fyrverkeri.". Kva med å prøve det samme innan ruspolitikken da?
Ei storstilt utbygging av turvegar for gåande og syklande, adskilt fra biltrafikken. Vi krever ikkje ein asfaltert og nybrøyta "motorveg for syklar", berre noko som er adskilt fra biltrafikken.
Sånn. Eg forventer ikkje så mykje.
Men det er lov å håpe.
Ha eit fint 2025.
Kommentarer
Legg inn en kommentar