Minneverdige sykkelturer 2025
1.desember, og det er på tide å oppsummere sykkelåret som snart er over. Har fått trilla på heilt nye vegar i år, på stader som eg har venta på i nokre år, faktisk ganske mange år i eitt tilfelle. Men la oss starte med tur nr. 5 , og den er så lokal som ein kan få det. Det er 23.juni, og markering av midtsommar. Joda, sommersolverv i 2025 var to dagar før, men av ein eller annan grunn skal altså midtsommar markerast seinare. Like rart som at vi markerer midtvinters tre dager etter vintersolverv 21.desember... :-) På denne fine midtsommarsdagen, var vi på biltur i Jostedalen, og eg hadde i all min visdom funne ut at eg kunne ta med sykkelen, slik at eg kunne få ein fin og lett tur heim igjen. Sykkelen vart tatt av taket ved Jostedal kyrkje, og så byrja eg å trille framover mot breen. Etter ca. 50 meters trilling merka eg dei første regndråpane, men det ville sikkert gi seg snart. Og det gjorde det. Problemet var berre at eg sykla fra regnet dei første kilometrane, så da eg va...