Minneverdige sykkelturer 2025

 1.desember, og det er på tide å oppsummere sykkelåret som snart er over.

Har fått trilla på heilt nye vegar i år, på stader som eg har venta på i nokre år, faktisk ganske mange år i eitt tilfelle. 

Men la oss starte med tur nr. 5, og den er så lokal som ein kan få det.

Det er 23.juni, og markering av midtsommar. Joda, sommersolverv i 2025 var to dagar før, men av ein eller annan grunn skal altså midtsommar markerast seinare. Like rart som at vi markerer midtvinters tre dager etter vintersolverv 21.desember... :-)
På denne fine midtsommarsdagen, var vi på biltur i Jostedalen, og eg hadde i all min visdom funne ut at eg kunne ta med sykkelen, slik at eg kunne få ein fin og lett tur heim igjen.
Sykkelen vart tatt av taket ved Jostedal kyrkje, og så byrja eg å trille framover mot breen. Etter ca. 50 meters trilling merka eg dei første regndråpane, men det ville sikkert gi seg snart. Og det gjorde det.
Problemet var berre at eg sykla fra regnet dei første kilometrane, så da eg var komen fram til parkeringsplassen ved Nigardsbreen, så møtte eg regnet før eg var komen til Bresenteret igjen. Det ville bety ca. 30 km. i regn. 
Det er normalt litt kjedelig, men ikkje verdas største problem. Eg skulle jo tross alt berre heim igjen, noko som tek ca. ein time i dette lette terrenget.

Så begynte det å regne meir. Og meir. Og meir. 
Dei jonsokbåla som var tent, måtte antagligvis slokne i dette øspøsværet etterkvart som himmelen opna slusene for fullt. Nede ved det gamle herradshuset i Jostedalen hadde nokre gjestearbeidarar rigga til med øl, grill og musikk, men eg la merke til at alle hadde lue, langbukse og tjukk jakke medan dei stod ganske så nær bålet sitt.
For ikkje nok med at det regna, det var også ganske så kjølig. 12 grader viste Wahooen min, og det er ikkje spesielt varmt, og iallfall ikkje når det plaskregnar.
Til alt hell hadde eg med ein vest som eg hadde tatt på meg ved breparkeringa. Utan den hadde dette vorte ein svært så guffen og kald affære.
Da eg var komen til Alsmo, var det så kaldt og vått at eg ikkje kunne kjenne beina mine lengre, og giringa vart det så som så med. Kunne jo knapt kjenne gir eller bremser med dei nedkjølte fingrane.
Opp til Leirmo gikk det i sneglefart, men på eit eller anna vis kom eg da heim. Gikk rett i dusjen, med sykkelkleda på. 

Kvifor minneverdig?
Tja, fordi norsk "sommar" kan virke som det er mars. Eller november. Dessuten; Ein må alltid ha med vest. Uten den så måtte eg ha venta i ein tunnel til regnet hadde gitt seg. Det kunne jo tatt litt tid.

Dryge fem mil, av den kalde og våte arten. Sommar du liksom.


Tok ein selfie framover mot Gjerde da eg var komen ned på Hesjevollen. I den andre retninga venta tre kalde og særs våte mil.

***************************************

Tur nr. 4 må bli ein fra i høst.
I midten av oktober fikk eg den (mindre) smarte ideen om å køyre over Sognefjellet for å sykle mellom Vågå og Otta. Kvifor i all verda skal ein finne på noko slikt? Og i midten av oktober??
Det har seg slik at når ein bruker betalingsversjonen av treningsappen Strava, så lager ein spor der ein har vore i aktivitet. I fleire år har eg hatt spor ned Gudbrandsdalen, medan dei fleste spor er satt her på den siviliserte delen av vannskillet. I fjor fikk eg forlenga spora fra Lom til Vågå, så nå stod det berre dei tre-fire mila mellom Vågå og Otta igjen. 
Mellom desse to tettstadene er det ca. 30 km. og ein kan gjere det som ein rundtur om Sel. 
Men da eg køyrde ned mot Vågå fra Lom så dukka det opp eit og annan snøfnugg. Temperaturen og været var ganske så fjernt fra det fine høstværet som Yr hadde meldt. 
To-tre grader og snø i lufta innbydde ikkje til seks-sju mil på sykkelen, dessuten var det ein heftig trekk nedover dalføret. 
Her måtte det improvisering til.
Dermed parkerte eg på Vågå skysstasjon, skifta til sykkelantrekk, med lett dunjakke, hjelmlue og varmelement til kalde føtter. Så tok eg bussen til Otta....
På Otta var det om mogleg enda kaldare, for her kom vinden sørover Gudbrandsdalen. Eg tenkte at dette var noko av det dummaste eg hadde funne på, men nå var det ingen veg utanom. Bilen stod parkert tre mil unna, og det var nå, eller kanskje aldri.
Ein kjapp liten runde i Otta sentrum, bortom E6 via diverse gangbruer og undergangar, og så var det berre til å trille oppover mot Vågå igjen.
Hvis eg hadde vore ekstra dum, så hadde eg sjølvsagt tatt hovedvegen, men det blir for kjedelig. På sørsida av vassdraget går det nemleg ein alternativ fylkesveg av den stille og rolige arten, fjernt fra vogntog og stressa pendlarar. Og skulle du ha sett, vinden var på magisk vis blitt av den snille typen, dvs. MEDvind!! Iallfall var det medvind i ca. ein km. oppover dalen, før trekken fra Lom og Vågå slo imot så snart eg var komen i le for trekken fra Dombås.
Dette skulle bli ein tur ganske så fjernt fra "Kollosal fart"....

Men det var veldig fint å sykle her. På motsatt sida av elva dundra trafikken i eit evigvarande mas, medan eg møtte to-tre bilar på strekninga fra Otta til Lalm. 
Det vart også ekstra fint når eg fikk oppleve god grusveg i bortimot ei mil.  Slikt liker vi!
Det eg derimot ikkje hadde rekna med, var at denne baksidevegen, er adskillig meir kuppert enn storebroren på andre sida av elva. Sjårdalsvegen er kanhende sjarmerande og fin i varmt sommarvær, men i motvind, tre-fire grader og tildels bratte bakkar, så vart dei knappe 35 km. til ein tøffare tur enn ein skulle tru. Nesten 500 høgdemeter, fordelt på fem markerte kneiker, derav den siste var på ca. halvannan km og med pene 110 høgdemeter. I motvind. Joda, heilt greit å trille ned mot brua og tilbake til bilen da. 

Nå var det gjort, og eg kunne endeleg få knytte saman Stravaspora min! The Missing Link var fullført.





Grusveg. Omtrent bilfritt. Bedre kan ein knapt få det. Bildet er tatt ca. ei mil vestover fra Otta, mot Vågå. Har ingen aning om kva det heiter her.
****************************************

Fra to kalde trilleturar, er det på tide å finne fram ein som var det stikk motsatte.
Tur nr. 3 er fra Hokksund til Drammen, og så må eg ta med ein fra kvelden før. Desse to turane er så tett integrert, at eg kaller dei for 3A og 3B.
Tur 3A er fra 12. august. Ved ankomst Hokksund, litt utpå kvelden, så var det berre til å kaste seg rundt for ein liten trill på gamle veger. I oppveksten var vi mykje her, sidan familietreet har røtter fra området. Nå, ca. 40-50 etterpå, var det på tide med dei første sykkelturane. 
Sidan 1980 er dessuten vegnettet noko heilt anna, og den før så berykta Fiskumsletta er nå kun ei roleg asfaltstripe. Da eg sykla her denne kvelden, møtte eg ikkje ein einaste bil. Og her som det var så mykje trafikk i gamle dager. Kontrast.
Eg sykla rundt Fiskumvannet, og tilbake til Hokksund gjennom Vestfossen. Det var veldig artig å være her igjen! Sjølve sykkelturen var ikkje det viktigaste, det vart både vått og mørkt før eg kom heim til Air BNB-huset vårt. Men det å få trille, der som ein kun har køyrt mange ganger, var veldig moro. Ein ser jo så mykje meir når ein sykler. 

Neste formiddag var det berre til å legge turen i motsatt retning. Rufseværet fra kvelden før var som blåst bort. Nå var det ein fin og solrik dag!
Nå ville eg sykle ned mot Drammen, og litt forundersøkingar peika på at her var det veldig enkelt å unngå hovedvegane. Gjennom Hokksund er det gangvegar overalt, og nede på Loesmoen var det skilta til ein slags turveg langs Drammensvassdraget. Det skulle vise seg å være reine sykkelparadiset! Fin opparbeida grussti med skilting og greier. Veldig bra! Da eg kom til Mjøndalen, så sykla eg over den store elva, og over på merka gang/sykkelveg heilt ned til Bragernes Torg. Her kunne eg kjøpe både is og brus, samt å le litt av valgstanden til Norgesdemokratene som hadde rigga seg til. Trur ikkje eg såg nokon som tok imot tullballet deira. 
Nå kunne eg sjølvsagt ha trilla samme veg tilbake, men det er som alltid litt kjedelig. Det vart til å sykle over Ypsilonbrua, og oppover mot Mjøndalen langs jernbanesporet. Her gjorde eg nok ein liten tabbe, for eg måtte ut på ein litt større veg eit lite stykke, men trafikken var mykje mindre enn i tidlegare tider. Litt godt har da den massive vegutbygginga fått med seg; Fleire rolige vegar for oss som sykler!
Nå var det blitt utpå dagen, og sjølv om det var 13. august, så var det mildt sagt sommartemp. Det kokte etterkvart, og eg måtte fylle på med næring. Fort. På ein bensinstasjon i Mjøndalen vart det både mat og drikke, for den varme dagen hadde tappa det meste av salt og næring. Det måtte bli ein god pause. 
I utgangspunktet hadde eg tenkt å sykle mot Kongsberg, men eg var faktisk såpass sliten at eg berre trilla heim til AirBNB. 
Desse to dagane på gamle trakter gav meg totalt ca. 75 km. og ca. 560 høgdemeter. Det viktigaste var likevel å få oppleve stader som ein aldri fikk sykle til når ein var her kvar sommar i oppveksten.


Fiskumsletta. I si tid ein av landets mest berykta fartsstriper. Nå til dags kan ein sykle her uten å treffe ein einaste bil.


På denne Galaxygrillen på Bragernes Torg kjøpte vi forresten god kebab under Tons of Rock tidlegare på sommaren. Anbefalast! På denne sykkeldagen derimot, vart det kun is og brus. 

*********************************

Etter å ha vore på østlandet eit par turar, så er det på tide å vende snuten heim, og årets nestmest minneverdige tur var 31.august. Da fant Superkonen ut at vi skulle reise til Nordfjord for å sykle Briksdalen og Lodalen. Det skulle vise seg å bli ein svært flott tur!
Det er kanhende eit stykke å køyre til Stryn, berre for å sykle nokre dalføre, men dette var verdt det. Så seint på sommaren er turisttrafikken redusert, men DEFINITIVT ikkje over. Vi fant ein parkeringsplass i Loen, og trilla opp mot kyrkja. Der viste det seg å være bryllup på denne flotte seinsommardagen, men vi var ikkje invitert, så vi trilla istaden innover langs Lovatnet. Altså...vi er jo vande med fjell, vatn, bre og foss, men det er likevel noko heilt anna så snart ein kjem til andre deler av landet. Dessuten har Loen ei svært mørk historie i høve rasulukkene, og er verdt besøket berre av den grunn. 
I enden av Lovatnet er det ein restaurant fint beliggande ned ved vatnet, der turistane sikkert strøymer til i høgsesongen. På denne siste sommardagen var det også siste dag det var opent her, men bilder kan ein ta heile året. Det er også maks hit dei fleste køyrer bil, for resten av turen inn Kjenndalen er forbeholdt slike som oss, samt ein og annan i nyttetransport. Det er ein god grusveg, og når vegen tek slutt, så er det forsynemeg ein gruslagt sti nokre hundre meter til. Vi tenkte som så at har vi først kome så langt, så tok vi desse metrane også. Her, lengst inne i Kjenndalen, er det kortare til Jostedalen, enn ned att til Loen. I luftlinje vel og merke.
Den streke vinden blåste oss omtrent heilt ned att til fjorden, og da fant vi ut at ein tur til Olden og Briksdalen passa bra. Eg var begynt å bli godt sliten, men med lokomotivkonen på plass, så tøffa vi faktisk heilt inn til Briksdalsbreen. På denne turistfella er det laga til at ein kan kjøpe både mat og drikke, samt ekte norske troll i suvenirbutikken. Aberet er at matserveringa er på toppen av den siste dritbratte kneika.... Huff, kor tungt det var!
Men det er rart kor mykje næring ein Fanta og ein burger til kun nokre få hundrelappar kan inneholde, og snart var ein tilbake i godt gjenge igjen. 
Her i Briksdalen var det framleis vilt mykje turistar. Eg hadde trudd at dei fleste hadde reist heim, men når det var så mykje folk der 31. august, så tør eg knapt tenke på korleis det har vore der i midten av  juli. Hvis du vil sykle her; Styr unna i perioden 15. juni til 20.august.

Totalt fikk vi over ti mil og ca. 900 høgdemeter denne strålande seinsommardagen. Til neste år har eg eit sterkt ønske om å få sykle gamle Strynefjellsvegen. Helst fra Skjåksida og ned til Hjelle. Blir liksom litt lettare slik. 


Innerst inne i Lodalen, eller iallfall i enden av Lovatnet, er det som naturen har laga til eit kunstverk. Men la oss ikkje lure; Området til høgre for fossen er Ramnefjellet, og vi ser kor farleg det har vore.
Ja, forresten; Det er ein av verdas høgste fossar på bildet også. 


Turistfabrikken Briksdalen er verdt eit besøk, men helst utanfor det verste turistrushet.

****************************************

Så, kva står att? Jo, den mest minneverdige turen fra 2025. Ein tur som eg har hatt lyst til å ta i eit par tiår, og nå er det omsider gjort. 12. juli fikk vi endelig sykle "Kvinnherad rundt". Nåja, det er ikkje rundt heile kommunen, men rundturar er vi ikkje bortskjemte med her på desse kantar av landet. Det blir helst fram og tilbake samme veg, evt. ta ei ferje. Og det var med bruk av ferje vi fikk sykle denne flotte rundturen. 
I utgangspunktet burde vi sykla motsatt veg med tanke på å tilpasse ferjerutene, men når båten er så sjeldan innom, så må ein ta plan B i bruk. Det vart derfor til å sykle rett inn i bakken, på ein kokvarm dag. Det er ingen spøk for feite gamle menn, som treng gooooood tid på å få dieselmotoren i gang. 
Gudbedre så slitsomme dei første 3,5 km. var. 250 høgdemeter er ikkje så ille, men uten oppvarming og i tropetemperatur, så var dette eit regelrett slit. Pusten gikk som på ein stranda blåkval, og turen ned til fjordnivå på andre sida var som å komme til himmelen. 
Vegen mellom Rosendal og Husnes er ikkje spesielt tilpassa dei på to hjul. Det er forholdsvis mykje trafikk, vegen er svingete og det er slett ikkje mange km. med gang/sykkelveg. Altfor lite faktisk. Det er ikkje så langt, ca. to mil, men så roar trafikken seg betydleg. Dessuten høyrde det med ein liten pause i Uskedalen, for drikke var noko som gikk unna på ein slik varm sommardag. Pausen ved den lokale Sparbutikken skulle vise seg å bli lengre enn planlagt, grunna banan som satte seg fast i halsen. Minneverdig nok i seg sjølv, men ikkje slik ein vil oppleve når ein er svett og sliten.

Da vi var komne forbi Valen, og ikkje minst det enorme sjukehuskomplekset der, så var det som om trafikken berre fordufta. Utåker, som er der ferja over Matrefjorden går fra, kan ikkje seiast å være nokon metropol, men kanskje vi kunne få kjøpe oss ein brus der??
Spoiler; Det fikk vi ikkje. Det var ikkje noko utsalgsstad, så vi fikk vente på ferja. Nå hadde vi sykla ca. fem mil, og det stadige væsketapet i kokvarmen gjorde at det begynte å bli ein smule ustødig å gå. Sukkertap og manglande væskeinntak satte sine spor, og eg var sjeleglad da vi fikk kjøpe drikke på båten. 
Vel over på rett side av fjorden, var det så til å gi seg i kast med den siste mila OPP til garasjen der vi overnatta. Det var ei tung økt.

Alt i alt ein slitsom, men også svært flott tur, i like flott natur. Det å ta slike turar som ein har håpa på i årevis, og så endeleg få det unnagjort, er alltid like tilfredsstillande. Joda, slitsomt og ubehagleg med banan i halsen og ustø gange grunna for lite næring, men likevel. Denne rundturen burde alle ta før dei dør.  Ca. 64 km, og dryge 800 høgdemeter kan dei fleste av oss klare, men hugs å sjekk ferjerutene Matre - Utåker!! Den går nemleg ikkje så ofte, spesielt i helgane.




Trur aldri eg har vore så glad for å sjå ei ferje før. Ombord her var det drikke og svele å få kjøpt! 


OK, dette er ikkje fra sjølve sykkelturen, men seinare samme kveld. Stille. Rolig. Idyll. Vegen går langs høgresida av vatnet, og over i det vesle skaret vi ser omtrent midt på bildet.  Hadde det vore mogleg, så hadde vi nok reist seinare på dagen, da det sikkert var litt kjøligare. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....