Ein tur med toget: Aurabanen
Etter eit par års pause, og for å kople litt vekk fra diverse krig og elendigheit, er vår populære serie om underlige jernbanestrekningar på gang igjen. Eg har funne ut at det må tas med eit par strekningar til, som definitivt fortjener litt merksemd. Første bane ut er Aurabanen. Den tør eg vedde på at det ikkje er alle som har høyrt om før, men når ein har litt sære interesser, så må denne med. I dag kjenner vi Sunndalsøra som ein tettstad med ein dominerande fabrikk og dertilhøyrande aluminiumsproduksjon. Men for å lage aluminium, så trengs det energi. MASSE energi. Derfor passa det bra at i nærleiken fins det vasskraftressursar, og det var i samband med utbygginga av desse at vi også fikk ei jernbane på ca. 22 km. opp i fjellet. Aurabanen vart derfor i hovedsak bygd som ei anleggsbane, men da første del av bana stod ferdig alt i 1916, så var det ikkje anna råd for arbeidarane å ta seg opp på anlegga enn med desse toga. La oss berre sei at komforten i "passasjervognene" n...