Øyagata

Ah....vår i lufta. Lysare kveldar, mildt i været, snø som smeltar, is som tiner....og ei Øyagate som ser ut som, og kjennes ut som ei røys å køyre igjennom.

No trur sikkert nokon at eg skal drysse eder og galle over entreprenøren, men det skal eg holde meg for god til denne gang. Eg har gjort det før, tilbake i 2012 var det vel, da det pågikk arbeid i høve byggefeltet på Verket. 
Min utskjelling den gang var uberettiga, iallfall i stor grad. Det vart nemleg feil å kritisere entreprenøren, når det er ein oppdragsgivar som står bak. Så derfor; Beklager. Eg visste ikkje bedre.

La meg sitere ein e-post som eg sendte til oppdragsgivaren den gang våren på 2012, etter at krysset nede ved Rådhuset/Engjadalsvegen/Sandvikvegen hadde vore stengt i ein måned. Det medførte at alle som budde i Sandvik Nord måtte køyre om Sandvikvegen og FV 55 for å ta seg ned på Pyramiden, Prix, Helsesenteret, Idrettshallen m.m. 
Eg gav uttrykk for at eg var ikkje imponert over framdrifta i prosjektet, ettersom det tidlegare var gitt beskjed om at det skulle være oppussa og rydda til 17.mai. 
Svaret som kom ca. 1.6. var at "Det blir ferdig. Det er ikkje noko heft å køyre rundt."

OK, tenkte eg....det er så servicevillig innstilt altså....

Da forstod eg at det ikkje var entreprenøren sin feil at arbeidet drog ut i tid, men at oppdragsgivaren nok hadde sitt å tenke på.

Krysset var stengt i to månader til, altså fram til i begynnelsen av august. 

Vi ser at historia gjentek seg nå.
I begynnelsen av mai 2023 byrja den lenge etterlengta opprustinga av Øyagata, fra det før omtala vegkrysset og framover forbi banken og Pyramiden. Vi fikk nytt fortau m/asfalt, samt at det vart lagt ned beleggingsstein forbi parkeringsplassen på Pyramiden. Saman med diverse vegstengingar på nokre veker i høve røyr og kablar, fikk vi i desember beskjed om at det nyopprusta fortauet ikkje ville bli brøyta i vinter, fordi det ikkje var ferdig. Arbeidet på desse 150 meter hadde da pågått i sju månader, og så blir det stengt fordi det ikkje var ferdig....




Kvifor blir det slik? Det lurer eg verkeleg på. Joda, det vart sikkert noko uføreutsett arbeid i høve røyr, kablar og ledningar fra tidlegare tider, men det burde ikkje være noko bombe for ein oppdragsgivar. I eit kommunesenter der det har budd folk i nokre hundre år, så må ein nesten forvente at det fins skjulte greier i grunnen.
Høgt grunnvatn? Tja, at det er høgt grunnvatn i ei bygd som er to-tre meter over havnivå, og som kviler utelukkande på gamal og godt drenerande elvegrande, så burde ikkje høgt grunnvatn være ei bombe heller.
Det var mykje nedbør om hausten? Hmm. Vi bur på Vestlandet. Innerst i ein fjor. Det er haust. Da hender det at det regner. 
Det verste var at parkeringsplassen utanfor Helsesenteret(!) og Ambulansestasjonen(!!)  var aldeles overfløymd i periodar, endatil så mykje at det ikkje gikk an å parkere der. Og for å toppe det heile: Det skjedde på ein fredags ettermiddag. Flaks at det ikkje skjedde ei større ulykke den helga.

Nå som våren altså kjem, så vil forhåpentligvis arbeidet snart starte opp att. Eg er sikker på at det blir veldig bra når det blir ferdig, ein gang utpå sommaren. I mai vil det ha vore eitt år sidan arbeidet starta, og ja, eg forstår at det er vanskeleg å legge beleggings og brustein i januar. 
Når det i praksis tek over eitt år å oppgradere ei strekning på 150 meter, så må det være lov å stille spørsmål ved planlegginga.
Igjen; Her er det ikkje entreprenøren som skal i gapestokken. Dog må oppdragsgivaren ha sitt å svare for. Kva inneheld kontrakta med tanke på ekstraarbeid, uføresette hendingar, oppdragets lengde, auka kostnader m.m?

Vel-vel.
Vi får glede oss over sommaren som snart kjem, og at vi atter kan køyre igjennom Øyagata utan å være redd for at bilen skal skrangle ifra kvarandre. Og kanskje fotgjengarane, deriblant også skuleelvar, kan få nytte fortauet igjen. Det er faktisk på tide. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden