Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden

Norges nasjonalfjell heiter Stetind, og ligg oppe i Nord-Norge ein stad. Dit kjem eg aldri til reise, på Stetind altså, Nord-Norge reiser eg gjerne til, men heldigvis har vi ein navnebror her i kommunen, og den er ein del av Luster Turlag sin stadig pågåande Topptrim.

"Vår" Stetind er kanskje ikkje så kjent og fotografert som navnebroren, men det er likevel eit flott og litt krevande turmål.

Laurdag 20.7.2024 begav vi oss på (bil)veg til denne toppen, som er ein grensetopp mellom Luster og Lom. Stetinden i Jotunheimen er adskillig høgare enn den i nord, som er knappe 1400 moh. Vår versjon passerer den magiske 2000 moh grensa med 20 meter, og vi har dermed enda ein 2000-meterstopp på CV`en!!

Startpunkt er på Leirvassbu i Lom kommune. Det går ein privat bomveg inn hit, ein ganske så fin av slaget også, med fast dekke og gode passeringsmoglegheiter. Det går også ein enkel grusveg vidare, heilt ned til Hydro Energi sine damanlegg nede i Gravdalen. Hit kjem ein ikkje med vanleg bil, heldigvis. Joda, ein KAN køyre, men det er kun til nyttebruk for Hydro og i nødsfall, dersom ein fjellvandrar skulle skade seg.

Leirvassbu ligg faktisk høgare enn toppen på nasjonalfjellet i Nord, så det er slett ikkje så mange høgdemeter som skal forserast før ein skal opp på Stetinden "vår".

Det å gå grusvegar i fjellet er ganske kjedelig, så vi hadde også denne gang med oss syklar, og kunne derfor trille inn til der sjølve stien opp mot Stetinden og Smørstabbreen byrjar. Dette vart såleis ein mjuk og fin start, tre km. sykling på grus er jo aldri feil! Etter kun ein km. med sykling var vi også  over fylkesgrensa igjen, og tilbake i Luster.

I dette området er det ikkje noko problem å finne fram. Det nærast aular av fjellvandrarar av alle slag, men flesteparten av dei går heller mellom Leirvassbu og Skogadalsbøen, som er ein overkommeleg tur. Det er tross alt dei færraste som er her i det ærendet vi var; Gå Topptrimtur til Stetinden.

Alt når vi parkerte syklane, så kunne vi sjå opp på første delmål, der sørlege toppen av Stetinden. Denne har ikkje noko navn på kartet, men har meir eller mindre uoffisielt fått navnet Søre Stetind. Det var fint terreng her oppe på over 1400 moh, og ikkje før vi var over 1600 moh, så byrja det med meir krevande terreng i form av grov ur.
Herfra var det også nokre snøfenner igjen, men også eit nytt lettgått parti heilt opp mot 1700 moh. Det var satt nokre enkle små vardar her og der, og desse kan det være ein fordel å sjå etter. Sti er det ikkje så mykje av i dette steinkledde terrenget, så det er ein fordel å bruke litt tid på å sjå etter desse små vardane.

Vi satte kursen mot Søre Stetind, mykje for å unngå det veldig grove og steinete terrenget som befinn seg på høgre fjellside sett oppover. 
Denne første toppen ligg heilt oppe på over 1950 moh, og kan by på flott utsikt i seg sjølv. Det var først nå vi kunne sjå kva som venta oss den siste biten bort til hovedtoppen. Og det skulle vise seg å være nokre svært krevande 400 meter bort til Luster turlag sin boks på 2020 moh.
Vi traff nokre andre fjellvandrarar på Søre Stetind også, men dei valgte å stoppe der, da det er nokre hundre meter svært høgt og bratt ned att mot Smørstabbtindane og dalføret mellom. Eg kjenner til fleire som har stoppa på den sørlege toppen, grunna det  heftige terrenget, og eg klandrer dei ikkje. Det er svært luftig her, og ikkje ein tur for kven som helst. Dette er definitivt ikkje ein tur for urøynde fjellfolk og folk med høgdeskrekk. Ein ting er at det er høgt ned på venstresida når ein går mot sjølve toppunkt, men det er langtfra flatt på andre sida heller. Det er også svært ulendt og det er krevande å ta seg fram på denne eggen. På veg bort til toppunkt gjorde vi også ein liten feil da vi gjekk heilt på på den vesle "nabben" midt mellom toppunkta. Ikkje gjer det! Hold litt til høgre, slik at du slepp å kravle deg ned att i ulenda. Utfra Stravakartet mitt ser eg at vi var heilt utpå kanten her, med 300-400 meter nesten rett ned, og det var ganske unødig. Dersom vi hadde holdt ein smule til høgre, så hadde vi spart oss ein del tid, krefter og ikkje minst nokre meter NED, som vi kunne spart oss. 

Dei siste 100 metrane stig det så 50 høgdemeter, og det var først vel oppe at det var høve til å slappe av ein smule. Desse 400 metrane bort hit er det mest krevande eg har vore borti på ein Topptrimtur nokon gang, og nå har eg gått snart 70 toppar og meiner å ha litt å samanlikne med. 

Men toppunkt på Stetinden er fint, flatt, og med god plass. Her var det ingen problem å bevege seg, og utsikta er nok av det beste eg kan huske å ha sett. Her var det 2000-meters toppar så langt auga kunne sjå i finværet, og med 13 grader og lite vind, så var dette ei makelaus fin stund. Alt slit og kronglete tur på veg opp, var som blåst bort.

Vi vart værande på toppen ein heil stund, for dette måtte jo forevigast nøye og vel. Hit opp kjem eg aldri igjen, og da må ein nytte høvet.
Etter ein liten matbit og dei obligatoriske klypp og signatur i Topptrimboka, så var det til å komme seg nedatt. Noko som skulle vise seg å bli enklare enn vi trudde, iallfall til å begynne med. 
Ned til skaret mellom Søre Stetind og Stetinden, gikk det forbausande greit. Nå gadd vi ikkje oppatt på Søre Stetind, så vi holdt til venstre i den urete fjellsida. I nokre snøfenner lenger nede kunne vi sjå spor etter folk, så da rekna vi med at her var det greit å gå.

Der tok vi feil. 

Personane før oss hadde nemleg gått altfor langt ned i ura, og havna i eit svært rasfarleg område, ergo så havna vi der også. Her løsna det stein, og eg må vedgå at dette ikkje var særleg moro. Eit godt råd må være å holde mykje lengre oppe til høgre, dvs. opp mot Søre Stetind. 

Vel, vi kom nå oss velberga gjennom det rasfarlege området, og kunne slappe av med mat og drikke på ca. 1650 moh. Her traff vi fleire folk som var på veg opp, og medan vi satt der, så såg vi enda fleire som kravla seg opp dei siste metrane til Stetinden. 

Nå var det berre til å komme seg ned att til syklane, noko som gikk veldig greit. 


Totalt var heile turen på ikkje meir enn 12 km. Seks av desse gikk altså på sykkel, og vi fikk ca. 790 høgdemeter. Fra syklane var parkert, så brukte vi fire timar og 42 minuttar til vi var nede att, og det inkluderer laaaange pausar. Sykkeltid vart tilsaman på 36 minuttar, så totalt altså fem timar og eit kvarter. Det er greit nok, når vi tenker på at pauser og eit særs krevande terreng til tider er iberekna.

Eg må likevel rette ein liten peikefinger til Luster turlag her. Det å plassere ein post på ein såpass krevjande topp var ingen god ide. Joda, vi kom oss opp, og eg var aldri redd eller utrygg, men når vi veit at det er erfarne fjellfolk som ikkje tek den siste biten, så burde posten vore plassert på den sørlege toppen. Det hadde vore nok. Det å gå til Stetinden er som sagt ikkje for den som skal gå sin første topptur, og DEFINITIVT ikkje for den som er plaga med høgdeskrekk. Dessuten var det rasfarlege partiet, som vi heilt uforvarande havna i, heller ikkje av det beste. Vi var svært forsiktige, tok ingen sjansar, og har gått mykje i fjellet før. Noko eg var veldig glad for der og da.

Men nå har eg vært der, fint var det, men eg skal aldri dit igjen. 


Bilder:





Her er eit utklipp fra Stravaspora mine. Dei to bileta er tatt fra den Søre Stetind og sjølve Stetinden. Eg har prøvd å markere med nokre piler i kva retning vi gikk, og eg må igjen presiserer at det er ein stor fordel å holde lenger oppe i fjellsida når ein skal nedatt. Det er ikkje smart å følge spora våre i dette tilfellet. 


Hvis du vil sykle fra Leirvassbu, så er dette staden du skal sette tohjulingen fra deg, og begynne å gå.



20. juli var det framleis nokre snøfenner att her og der. Dette bildet er tatt på vegen opp mot Søre Stetind, som er utanfor høgre biletkant.



Her er vi da komne opp på Søre Stetind, og eg måtte såklart ta eit bilde mot hovedtoppen 400 meter lenger borte. Det synes kanskje ikkje så godt på bildet, men ned her var det luftig! Plassering på kartet kan du sjå på utklippet fra Strava lenger oppe i posten.

Her er vi da komne bort på Stetinden, og eg kunne i ro og mak ta eit bilde tilbake mot Søre Stetind, der det forrige bildet var tatt fra. Vi gikk på eggen mellom snøfonna og stupet, men det er heldigvis breiare enn det ser ut til. Her kan du også sjå den "nabben" omlag midt i skaret, som vi surra oss opp på på veg til toppen. Det var berre ein liten og kronglete omveg. Kor bildet er tatt fra, ser du på utklippet fra Stravakartet lenger oppe i posten.


Utsikta fra ein +2000-meters topp kan være veldig flott. Dette er Smørstabbtindane, sett fra den stikk motsatte vinkelen av de vi pleier. Storebjørn på 2222 moh, er den toppen lengst til venstre på bildet.


Eg måtte også ta eit bilde ned att mot Leirvatnet, og hvis eg zoomer skikkelig godt inn, så kan eg sjå bilen min nede ved Leirvassbu....


Her hadde vi kome oss nedatt på "trygg grunn", dvs. forbi det rasfarlige området. Søre Stetind til venstre, den før omtale "nabben" i midten, og sjølve Stetinden lengst til høgre. Hugs på å gå lenger oppe i fjellsida enn det vi gjorde, når du skal ned att!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.