Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2025

Topptrimmen 2023 - 2025: Buskrednosi

Bilde
Da har man på forunderleg vis fullført topp nr. ni av ti. Det såg dystert ut etter første sommaren, men her er vi altså, to år etterpå, og kun ein ussel topp står att. Og det med dei finaste turmånadane august og september igjen. Joda, vi kjem i mål denne gang også. 22.juli 2025 la vi i veg mot Buskrednosi over Vigdalen, 1505 moh. Ikkje av dei høgaste og verste i utgangspunktet, men langt fra den lettaste topptur eg har vore på heller. Start fra vårstølen i Vigdalen, dvs. så langt ein kan komme med bil på sommarstid. Siste par km. går på vinterstengt, privat bomveg. Hvis du ikkje gidder å betale, men likevel køyrer opp, så er du ein snyltar. Vi betaler for oss når vi går topptur. Parkeringsplassen ligg på pene 670 moh, så da blir det vel ikkje så mange høgdemeter da??? Joda, det blir iallfall da nokre, men ikkje avskrekkande mange. Fra parkeringa går det DNT-merka sti mot Vigdalstøl, og vidare mot Fast. Det er ca. 30 minuttar å gå til Vigdalstøl i lett terreng.  Etter den omtala ha...

Topptrimmen 2023 - 2025: Tisedalshøgdi

Bilde
Da er det sesongstart for siste del av Luster Turlag sitt eminente prosjekt "Topptrimmen". Etter eit begredelig førsteår, der eg kun fikk ein einaste topp grunna kneplager, så gikk det greit med seks toppar i fjor. Det betyr at kun tre toppar står att, så da skal vi vel komme i mål denne gang også. Fredag 18.7.2025 la vi i veg mot Tisedalshøgdi, ein topp eg tør vedde ganske mykje på at dei færraste av oss hadde høyrt om, hvis det ikkje var for nettopp Topptrimmen. Tisedalshøgdi ligg sør i kommunen, nesten heilt på grensa til Årdal. Sjølve Tisedalen ligg nemleg i Årdal kommune, men vårt toppunkt ligg altså i Luster, ca. 100 meter fra grensa til Årdal. Ikkje det at det betyr så mykje. Vårt startpunkt var fra Hamaren i Kinsedal. Topptrimkortet fortel oss at vi kan starte fra Dalen, på andre sida av Kinsedalen, noko som ville spart oss eit par hundre høgdemeter, men gitt oss ein lengre tur å gå. Årsaka til at vi starta fra Hamaren, var mest grunna den begredelige vegen på andre s...