Topptrimmen 2023 - 2025: Tisedalshøgdi

Da er det sesongstart for siste del av Luster Turlag sitt eminente prosjekt "Topptrimmen".
Etter eit begredelig førsteår, der eg kun fikk ein einaste topp grunna kneplager, så gikk det greit med seks toppar i fjor. Det betyr at kun tre toppar står att, så da skal vi vel komme i mål denne gang også.

Fredag 18.7.2025 la vi i veg mot Tisedalshøgdi, ein topp eg tør vedde ganske mykje på at dei færraste av oss hadde høyrt om, hvis det ikkje var for nettopp Topptrimmen.

Tisedalshøgdi ligg sør i kommunen, nesten heilt på grensa til Årdal. Sjølve Tisedalen ligg nemleg i Årdal kommune, men vårt toppunkt ligg altså i Luster, ca. 100 meter fra grensa til Årdal. Ikkje det at det betyr så mykje.

Vårt startpunkt var fra Hamaren i Kinsedal. Topptrimkortet fortel oss at vi kan starte fra Dalen, på andre sida av Kinsedalen, noko som ville spart oss eit par hundre høgdemeter, men gitt oss ein lengre tur å gå.
Årsaka til at vi starta fra Hamaren, var mest grunna den begredelige vegen på andre sida av dalføret Kinsedal. Da eg var der i fjor høst, på sykkel, så var vegen knapt farbar.
Opp til Hamaren kan heller ikkje seiast å være nokon motorveg, men her kan ein iallfall køyre utan risiko for å smadre understellet på bilen. Eller batteriet, heiter det vel nå.
Vi parkerte i den sjette hårnålssvingen, talt nedanfra, ved innkøyringa til den fråflytta garden Åsen. Der stod det ein snøfres som neppe skulle brukast på denne kokvarme dagen. 
Iflg. Strava var vi allereie her komne opp på 213 moh, så det var kun 1015 att til toppen av Tisedalshøgdi :-)
Oppover her er det ein slags skogsveg  som er grei å følge. Hvis du lurer på om du kan køyre forbi Hamaren, så berre gløym det. Vegen er nemleg stengt med låst bom like før gardsvegen til Nygard. Sjå kartet dersom du er i tvil kor det er.
Skogsvegen skal følgast i tre km. og derfra går det traktorspor mot sør i eit parhundre meter, før ein kjem inn på ein sti. Den er ikkje merka, men er lett synleg og fin å gå. Stien skal ein følge i lett motbakke i snaue halvannan km. Da kjem ein til ei enkel jakthytte, med flott utsyn nedatt mot Solvorn. 
Vi valde å gå knappe 100 meter til sørover, før vi likegodt braut til venstre og opp mot toppen. Vi hadde da gått i ein time og tjue minuttar, og var oppe på 863 moh. 
Nå kom det heldigvis ein svalande vind også, for kokvarmen nede i skogen var slitsom nok. Takk og pris for at vi reiste såpass tidleg på dag. 
Vi ser ikkje kor toppen er nede fra denne jakthytta, men det må seiast å være snilt terreng oppover. Ein ide er å halde ein smule lengre til venstre enn det ein finn naturleg, for toppunktet er adskillig lengre innpå vidda enn ein trur. Vi var oppe på 1176 moh. før vi såg ein ganske så stor varde, ca. 900 meter inne på fjellet. Her var det også to andre markerte (trig?)punkt, både sørover og nordover, men det er altså ein stor markert steinvarde ein skal gå til. Med den vesle kikkerten min, som eg for ein gangs skuld hadde hugst å ta med, såg eg den raude boksen ganske så greit. 
Desse 900 metrane er lette å gå, så på toppen var det kun å ta dei vanlige bilda, skrive navnet sitt i boka, klippe kortet og slappe av ein smule. Det var ein fin dag i fjellet, med utsyn til kjente og ukjente toppar i 360 grader.
Ein smule for mykje vind, gjorde at vi gikk nedover til ca. 1100 moh før vi tok ein velfortjent matbit.

I dette lette terrenget hadde vi ikkje noko sporsetting via mobil eller medbrakt GPS. Det var heller ikkje nødvendig å måtte gå i akkurat samme spor som på vegen opp, her kjem ein seg stort sett greit fram, uansett kor ein går. For oss var det likevel ein fordel å unngå å labbe rundt i lyng, når ein kan gå langs meir markerte og snaue fjellryggar. Det var som sagt eit strålande vær, og tørr stein er alltid greit å gå på.

Nede att ved jakthytta, tok vi enda ein drikkepause, før det var til å rusle ned til bilen. 
Verste biten på heile turen var å gå den kjedelige vegen, som til tider kan være litt bratt. Det er som kjent alltid verre å gå nedover enn oppover....

Totalt gikk vi knappe 14 km. og eg fikk 1014 høgdemeter. Det fortel oss at her er det ikkje mykje opp og ned. Vi brukte to timar og 45 minuttar fra bilen og til toppen, i kokande varme, og uten å stresse. Dermed kan ein sei at dette var ein grei og fin opning på Topptrimsesongen, akkurat som det var planlagt. No er det kun to toppar att, men aberet er at utan gåtrening er beina som bly nå dagen etterpå. Her trengs det nok gåkvile i eit par dager.


Oppsummert kan vi sei at Tisedalshøgdi er ein av dei lettare toppane (å gå) i denne utgåva av Topptrimmen. Joda, det er langt å køyre hvis ein ikkje tilpasser med ferja, men det er også høve til å besøke ein av våre meir avsondra grender, ikkje berre her i kommunen, men også i heile landet. 

Det er for den lokalhistorisk interesserte også sjansen til å finne spor etter den enorme industrisatsinga som var her under krigen. I dag legg vi først og fremst merke til den store kaien nede ved fjorden, men her var det altså hundrevis av arbeidarer og fleire hundre meter med (nå avsperra) gruvegangar. Vi kan finne spor etter eit uttall bygningar, etter bana oppover i fjellsida og mykje anna, hvis vi berre leiter litt. For meir om Kinsedalen og industrisatsinga der, så vil eg gjerne vise til Luster Sogelag si årsbok fra 2011. Der kan ein sjå bilder, og lese om kor stor gruvesatsinga eigentleg var. Eg kan garantere at du vil bli overraska når du finn ut omfanget.

Bilder: 



Stravaspor med høgdeprofil.




Oppe ved jakthytta vart eg merksam på ein båt som passerte det veglause bruket Skophamar der nede ved fjorden....



Ein blir liten i dette landskapet.


Skophamar altså. I dag fraflytta, men fint halde vedlike ser det ut som. Iallfall sett herfra :-)



Vel, oppover her skulle vi. Nei, du ser ikkje toppen herfra. Den vil befinne seg under skyene til venstre i bildet.


Varden på Tisedalshøgdi er kjempestor, og eg lurer på kven som har bygd den. Mangel på stein har dei iallfall ikkje hatt. Langt der borte kan vi skimte Skagastølstindane.


På den andre sida av varden kunne vi sjå kjente fjell i form av Hest og Asbjørnsnosi.


Solvorn nærast, Hafslo og Hafslovatnet i bakgrunnen. Her kan vi også sjå Torstadnakken, som vi besøkte som Topptur for ein del år tilbake.


Rett sør ser vi over mot Store og Vesle Haugmelen nærast, medan det høgaste fjellet vi ser er Bleia i Lærdal. Storhogen i Sogndal, med det markerte tårnet på toppen, er også synleg mellom Bleia og Haugmelen. 
Og kor mykje stein er det eigentleg i dette landet? Det sluttar aldri å forbause meg.


Matpause nede på ca. 1100 meter. Lustrafjorden med Solvorn og Hafslo.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi