Topptrimmen 2023 - 2025: Buskrednosi

Da har man på forunderleg vis fullført topp nr. ni av ti. Det såg dystert ut etter første sommaren, men her er vi altså, to år etterpå, og kun ein ussel topp står att. Og det med dei finaste turmånadane august og september igjen.
Joda, vi kjem i mål denne gang også.

22.juli 2025 la vi i veg mot Buskrednosi over Vigdalen, 1505 moh. Ikkje av dei høgaste og verste i utgangspunktet, men langt fra den lettaste topptur eg har vore på heller.

Start fra vårstølen i Vigdalen, dvs. så langt ein kan komme med bil på sommarstid. Siste par km. går på vinterstengt, privat bomveg. Hvis du ikkje gidder å betale, men likevel køyrer opp, så er du ein snyltar.
Vi betaler for oss når vi går topptur.

Parkeringsplassen ligg på pene 670 moh, så da blir det vel ikkje så mange høgdemeter da???
Joda, det blir iallfall da nokre, men ikkje avskrekkande mange.
Fra parkeringa går det DNT-merka sti mot Vigdalstøl, og vidare mot Fast. Det er ca. 30 minuttar å gå til Vigdalstøl i lett terreng. 

Etter den omtala halvtimen, eller 1,7 km. hvis du foretrekker det i distanse, så kjem ein til den vesle DNT-hytta, og her skal ein berre fortsette vidare innover dalføret. Eg ser at nokre har valgt å gå meir rett opp fra Vigdalsstølen og det skal ikkje eg bry meg med. Vi valgde å gå ca. 400 meter til på den merka turstien, der ein kjem til eit stikryss ved ei god gangbru. Der kan ein velge mellom å gå bort på Breidsete, og evt. mot Fivla og vidare over til Engjadalen. Men den vegen skulle ikkje vi, så vi fortsatte på den fine stien enda i nesten to km. til. Da var vi komne såpass langt avgarde at vi måtte krysse elva for å gå opp mot Vetlegrødalen. 
Til den som forbinder Vigdalen med bratt veg og utflukter på barneskulen, så kan eg berre sei at området fra Vigdalstøl og mot Fast er eit veldig fint turområde. Vi er inne i det som heiter Vigdalen landskapsvernområde, og la oss håpe at det forblir slik. 
Her inne er det også laga til nokre tersklar i elva som gir sjarmerande vannspegl, og det var rett etter dette første at vi vassa over elva. Vatnet var ikkje så kaldt nå som den gang vi gikk til Kaldrasane for ein del år tilbake, heldigvis. 
Nå var det klart for den brattaste biten, nemleg dei 300 metrane med 100 høgdemeter opp mot vatnet i Vetlegrødalen. Her var det sjølvsagt enda ei elv som måtte kryssast, men den hoppa vi berre over rett nedanfor elvosen. Du kan sjå det vesle vatnet på kartet, ca. høgde 1070 moh. Da vi gikk den aller første Topptrimmen i 1980, til Vangsen, så kom vi over nokre gamle dyregraver i dette området. Dei kunne eg ikkje finne att i dag.

Herfra var det berre til å rusle oppover i jamnt bratt, men høgst framkommeleg terreng. Vi liker å gå på fjellryggar og fast fjell, og det kan ein dersom ein velger den ruta som vi gikk. Det blir sjølvsagt ein del lengre å gå, enn dersom ein går rett opp fra Vigdalsstøl, men det var for oss eit godt valg. 
Det flata gradvis ut opp mot det siste partiet, der ein stor varde venta på meir eller mindre spreke topptrimmarar. 

Det var i overkant av sju km. sidan vi hadde gått fra bilen, og det hadde tatt oss ca. tre timar og tre kvarter, utan at vi sleit oss ut på noko vis. Fint å gå hadde vore også.

Som vanleg på norske fjelltoppar, var det ein del vind. Vi fikk klipp i kortet, signatur i boka og obligatoriske bilder på plass, før vi såg oss litt omkring. Det var, nærast som vanleg i Lustrafjedli, ei veldig fin utsikt til haugevis med kjente og fine toppar. 
Litt disig var det, men vi kunne sjå fjell fra Lærdal i sør, til Skjåk og Stryn i nord, samt i Lom langt aust.

Når vi skulle nedatt, så meinte eg at det kunne være eit forsøk verdt å prøve oss ned mot det vesle vatnet som vi ser på kartet, på ca. høgde 1370 moh. Dette for å unngå elvevassinga som unektleg hadde ført oss på ein liten omveg. 
Men dette var nok ikkje det beste vegvalget eg har tatt i mitt liv. Gå heller ned att langs ryggen, er det beste råd eg kan gi.
Det vart for oss ein del skrågåing, og vi enda opp med å gå ned att akkurat i det samme bratte partiet som vi gikk opp. 

Trygt nede i dalbotnen att, så valde vi å halde oss på vestsida av Vigdøla. Her fant vi ein sauesti, og det var veldig greit å gå ned mot brukrysset ca. 400 nord for Vigdalsstøl. 
Ergo: Du treng ikkje å følge den DNT-merka stien etter brua mot Fast dersom du vil på Buskrednosi via Vetlegrødalen. Skjermdump av Stravaspora mine er lengre nede i denne posten. 

Etter all skrågåinga som eg hadde klart å lokka oss ut på, så kjendes beina ut som betong da vi nærma oss Vigdalsstøl. Til alt hell er det like greit å gå ned til parkeringa, som det er å gå fram til DNT-hytta...

Nede ved bilen, så viste dei tørre tall at vi hadde vore på farten i sju timar og eit kvarter. Vi brukte ein del tid på å finne eit kryssingspunkt over elva, på veg opp, og det gikk også lenge før vi fant ein brukbar trase ned fra toppen og mot dalbotnen.
Men nå har vi gjort det, slik at du kan slippe :-)
Totalt vart det 14,1 km. gange og 920 høgdemeter, og det må seiast å være ein litt krevande tur. Det var fullt overkommeleg, men likevel i det "øvre middelsjikt" i vanskeligheitsgrad. 

Igjen: Nå har eg vært der, kjem garantert aldri til å gå der fleire ganger, fint utsyn til tross.

Nå må berre beina få kvile seg ein smule, så får vi satse på siste topptur til Vestre Holåtind så snart været tillet det.


Bilder: 

Eg tør påstå at det er fra Vigdalsstøl og vidare innover Vigdalen at det finaste turområdet er. Forholdsvis lett å gå, samt fin natur.



Her ser vi opp mot Vetlegrødalen. Vi gikk både opp og ned her, i det grønne partiet til høgre for elva. Bratt, men høgst framkommeleg, iallfall når det er tørt og fint. Og hvis det ikkje er tørt og fint....; Kvifor går du tur i fjellet da???


Her ser vi osen på det vesle vatnet på høgde 1070. Elva er lita, og vi hoppa over, som dei gasellene vi er.

Varden på Buskrednosi er lett å finne, sjølv om vi er på eit lite platå. Såvidt vi kunne sjå, så var det ingen andre vardar der heller, så her skulle det være greit å finne toppunkt m/påmontert Topptrimkasse. Foto tatt mot Hurrungane i baaaaakgrunnen. Vi kom opp over dei snøfennene du ser i bildet.


Nabotoppen Vangsen er lett å kjenne att. Der kunne vi sjå folk i dag. Breen vi ser i høgre biletkant er Spørteggbreen.


Ned mot Jostedalen. Den lett gjenkjenlige Lodalskåpa er langt der borte.


Fjellet Hest er alltid lett å kjenne att, nesten uansett kva vinkel ein ser det fra. 



Litt opplysningar fra Strava. Det gikk ikkje i ultrafart, heldigvis.


Her er litt meir om kor vi gikk. Eg har prøvd å teikne inn nokre enkle piler. Men igjen eit velmeint råd: Gå gjerne opp der vi gikk, og gå nedatt samme veg. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi