Sol og vind i Gåpnabøgdi

På min forrige platform hadde eg nokre meir eller mindre gode idear om korleis heimbygda kunne endre seg fram mot 2030. Vel, dei fleste ideane  var nok ikkje så veeeldig gjenomtenkte...lov å leike seg da!

Nokre av dei planane ser eg allereie er påbyrja, antaglig lenge før eg skreiv om det, så da må det ha vore noko vettugt i dei.

Andre av mine idear var heilt urealistiske, medan atter andre veit eg er så kostnadskrevande at dei neppe kjem i mi levetid. Eller nokon gong.

Til slutt har vi dei ideane som allereie kan skrinleggast grunna omreguleringar e.l. men i topplokket boblar det stadig, og kva var det som vart kokt i hop forrige natt? Jo, ei pilotsatsing på sol og vindkraft.


Først: Kvifor? Duh! Sjølv om vi bur i ein av landets store kraftkommunar, så veit vi at det vert utfordringar i åra framover. Kva med å tenke litt nytt og alternativt? 
Vi har heller ikkje noko val, all den tid vi ikkje ynskjer å bygge ut meir vannkraft. Personleg meiner eg det er ein feil, da vi vil få meir og villare vær i åra framover, og at vannkraftutbygging såleis må kombinerast med flaum og skadedempande tiltak. Vi har sett kor ille det kan gå i uregulerte vassdrag, endatil  i vår eigen kommune; Når Mørkridselva vart ramma av skadeflaum for nokre år tilbake, så var eg sjeleglad for at Jostedalsalva og ikkje minst Leirdøla var temt. Gudane må vite korleis det kunne gått. Eller; Det treng vi nok ikkje å lure på. Skadane vi såg i Skjolden og Fortun kunne blitt enda verre her i bygda og i Jostedalen. 

Og ja, eg veit at Mørkridsdalen er noko av det flottaste vi har her i landet, og at området heldigvis er verna. Men nokre skadeflaumer til, så må nok vi tenke anleis her også. 

Eit anna alternativ er såklart kjernekraft. Dette tek mykje mindre plass, det er vilje til å bygge ut i privat regi, det er svært effektivt, og det er også svært trygt. Altså; Dagens atomkraftverk er ikkje av gamal sovjetisk "kvalitet".
Dessverre har ikkje dagens regjering visjonar, evne eller vilje til å vurdere dette alternativet ein gang. La oss håpe at neste regjering har større visjonar. Det er da heller ikkje gjort i ein håndvending å få eit kjernekraftverk på plass, det trengs ny teknologi, men hey! kva har vi vel gode naboar til?


For nokre år sidan var vindkraft det O Store Nye, men vi ser korleis det går. Og det kan ikkje gå bra når vi bygger vindmøller i naturskjønne område. Joda, det er sikkert der det er mest vind, men vi kan ikkje herje på slik som vi har gjort på Fosen t.d. 

Det andre nye, og ikkje minst grønne alternativet er solceller. 

Så derfor; I present to you. Mitt forslag til vindmølle og solcelleanlegg, midt i bygda. Om det er praktisk mogleg, må klokare folk enn meg finne ut av. Men som eit pilotanlegg kanskje?



Kva ser vi på dette bildet, henta fra google-earth, og lett modellert nå i kveld?

Grønne prikkar: Vindmøller.

Gule prikkar: Solcelleanlegg.

Joda, eg veit såklart at Digital Etikett AS og Luster Energi AS har vore framsynte og allereie bygd solcelleanlegg, og det er knall! Eg er også heilt sikker på at mange av dei andre bedriftene, det er kun eit utvalg eg har funne fram her altså, har vurdert det samme. Dei seks tettpakka gule prikkane oppe  mot FV 55 kan eksempelvis monterast på taket av ein overbygd ladepark for elbil.
Det gule feltet mellom campingplassen og Engjadalselva kan også nyttast til eit solcelleanlegg av ein brukbar storleik. Nei, eg har ikkje snakka med grunneigar, dette er kun ein ide fra mi side. Gunstige vilkår for grunneigarar må være ein føresetnad. Utleigeinntekter, gratis straum o.l.


Dei grønne prikkane er altså eit forslag om vindmøller. 
"Midt i sentrum" vil du kanskje sei. 

Ja, det er nettopp heile hensikta. Istaden for å øydelegge ein forblåst topp langt oppi fjellheimen, så kan vi heller sette opp vindmøller på allereie øydelagde områder. For ja; Den gamle spolebasen duger ikkje til noko anna, og det å trylle fram bedrifter som er interessert i å bygge her, er neppe heller så enkelt. Og hvis så skulle være, så kan ein pålegge/stimulere dei nye bedriftene til å bygge ut solcelleanlegg, ifall vindmøllene må demonterast.
Dei grøne prikkane på Røneidssida ligg på det som er slåttemark i dag, og her vil det grunna rasfare aldri bli bygd eit einaste hus likevel. Så kvifor ikkje leige marka av grunneigar (kven no det er), og sette opp nokre møller her også?

Om det er nok vind nede på Gåpnagrandane, og Røneidsgrandane?
Vel, eg veit ikkje kor mykje vind som skal til for å drive slike møller, men alle som har gått over "Nyebrua" ein vinterdag, veit at her er det så godt som ALDRI vindstille. Den dritkalde vinden fra Jostedalen må da kunne utnyttast til noko nyttig? Og hvis det ikkje trekker fra Jostedalen, så kan du være sikker på at det blæs inn fjorden...


So, there you have it.

Eit høgst privat og enkelt utkast ein torsdagskveld. Istaden for at Luster Kommune dytter kroner inn i straumstøtte, så må vi tenke nytt. Stimuler næringsliv og private til utbygging  av vind og solkraft, gjerne i form av kommunale tilskot som alikevel skulle gått til straumstøtte. På denne måten får vi som produsentar og konsumentar også eit eigarforhold til eigenskapt energi, og ein avlastar den offentlege straumproduksjonen som kan komme mindre heldige til gode.
Hadde det stått til meg, så kunne vi gjerne meldt vår interesse for kjernekraftverk også. 

Eit pilotprosjekt på sol og vind må da la seg gjere, iallfall TENK på det, de som styrer og bevilger der nede på Rådhuset. Hvis det ikkje er praktisk mogleg, ETTER at det er føreteke ein kvalitetesanalyse, så har ein i det minste prøvd. 

Heller vindmøller på den nedlagde spolebasen iallfall, enn på Molden eller Vorfjellet. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden